Historie, bachelorstudium |
||||||||||||||||||||||||
|
Norsk namn
Historie, bachelorstudium Studiepoeng 180 studiepoeng. Organisering Heiltid. Organisering 2 Målgruppe Studiet vender seg mot studentar som ønskjer å gå vidare til studium på mastergradsnivå i historie og ulike typar tverrfaglege masterstudium der historie inngår. Saman med praktisk-pedagogisk utdanning gjev bachelorstudiet undervisningskompetanse. Ein bachelorgrad i historie kan også kvalifisere for t.d. medie- og kulturarbeid, arbeid ved museum, arkiv, forlag og ymse utgreiingsarbeid. OpptakskravGenerell studiekompetanse/realkompetanse. LæringsmålBachelorstudiet i historie ved HSF legg vekt på å gje kunnskap om og innsikt i viktige sider av den historiske utviklinga i og utanfor vårt eige land frå mellomalderen og fram til i dag. Studiet skal vere med på å auke forståinga for menneska sin situasjon under skiftande samfunnstilhøve slik at det kan vere med på å skape ei reflektert haldning til vår eiga samtid. Vinklinga på historiestudiet skal sjåast både frå ein lokal, regional, nasjonal og global synsvinkel, dette gjeld så vel metode, kjeldebruk og realhistorie. Innhald / oppbyggingStudiet har 6 emne i historie som til saman utgjer 75 studiepoeng. Dei byggjer på ei kronologisk innføring i historiefaget gjennom emna Eldre historie, Nyare historie, Samtidshistorie I og Samtidshistorie II, i tillegg til eit fordjupingsemne i lokalhistorie: Ressursar/Menneske/Teknologi og ei bacheloroppgåva. Vidare inngår dei historierelevante emna Globalisering, stat og samfunn og Samfunnsvitskapleg metode, der historisk metode utgjer 5 studiepoeng. Samla utgjer alle desse emna 105 studiepoeng. Første og andre året har studentane eit fast løp med dei nemnde emna. Det tredje året vel dei frå andre fag ved HSF, ved andre høgskular og universitet eller i utlandet. Studiemodell
* Fellesemne for bachelorstudia historie og sosiologi - ungdomssosiologi. I tillegg til forelesingar og seminarundervisning skal studentane skrive ei fordjupingsoppgåve som tilsvarer 15 studiepoeng. Vidare skal dei skrive mappeoppgåver som tel som del av sluttvurdering. Mappeoppåver blir kommenterte skriftleg av faglærar.
Frivillige ekskursjonar Som ein del av bachelorstudiet kan studentane ta 5. eller 6. semester ved Augustana College i USA, Tartu Universitet i Estland eller Växjö Universitet i Sverige. ArbeidskravIngen. SluttvurderingDet vert nytta ulike vurderingsformer: oppgåver til mappe, munnleg eksamen, skuleeksamen og skriftleg oppgåve med munnleg etterprøving. PensumSjå under emneomtalane. |
||||||||||||||||||||||||
|
Bachelor i historie: 1. og 2. året
|
||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
|
Bachelor i historie: Delstudium i utlandet 3. året Studentane ved bachelorstudiet i historie kan ta eitt eller begge semester tredje året ved ein utanlandsk utdanningsinstitusjon. Historiestudiet har internasjonale avtalar med Augustana College i USA, Tartu Universitet i Estland og Växjø Universitet i Sverige. Der kan ein mellom anna ta desse emne:
Augustana College: Westerne Civilzation, Hitler and the Holocaust og Recent U.S. History. Växjö Universitet: Migration - Globala og lokala perspektiv, Migration og identitet og Historia - allmän kurs. Ved studiet tilrår ein utanlandsopphald i haustsemesteret. |
||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
|
Bachelor i historie: Døme på valemne haustsemesteret 3. året
|
||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
|
Bachelor i historie: Tilrådde valemne vårsemesteret 3. året
|
||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
|
Andre valemne 3. året Ved HSF kan studentane også ta emne ved andre avdelingar, til dømes engelsk ved Avdeling for økonomi og språk og Idrett ved Avdeling for lærarutdanning og idrett. |
||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
ME520 Samfunnsvitskapleg metode |
|
Kode
ME520 Norsk namn Samfunnsvitskapleg metode Studiepoeng 15,00 Kategori Obligatorisk del av bachelorstudia i ungdomssosiologi og historie, samfunnsfag årsstudium og ungdomssosiologi årsstudium. Elles valfritt. Semester Haust. Forkunnskapar Ingen. LæringsmålStudenten skal tileigne seg grunnleggande kunnskap om korleis ein gjennomfører samfunnsvitskaplege og historiske undersøkingar. Undervisninga skal formidle kva muligheiter og avgrensingar som ligg i bruken av kvantitative og kvalitative data. Innhald/oppbyggingEmnet gjev ei generell innføring i korleis samfunnsvitskaplege og historiske undersøkingar blir gjennomførte. Eitt sentralt tema er kva som skil bruken av kvantitative og kvalitative data. Emnet er bygd opp kring dei ulike stega i ein forskningsprosess, frå utforming av problemstilling og innsamling av data, til analyse av data og tolking av det endelege forskingsresultatet. Undervisnings- og læringsformerFørelesingar, skriftlege oppgåver. Oppgåver til mappe: fire mindre skriftlege oppgåver. To av desse inngår i sluttvurdering, begge valde av høgskulen. ArbeidskravIngen. Sluttvurdering
4 timar skriftleg skuleeksamen, vekting 50%. ME520 001 Dersom ein del av eksamen ikkje er greidd, tek ein ny eksamen i den delen. Ved ny eksamen på grunn av stryk eller forbetring av karakter på mappa må ny oppgåve løysast. Pensum
Kjeldstadli, K. (1999). Fortida er ikke hva den engang var. En innføring i historiefaget. Oslo: Universitetsforlaget. (heile boka 300 sider). Vi tek atterhald om endringar. |
SA500 Globalisering, stat og samfunn |
|
Kode
SA500 Norsk namn Globalisering, stat og samfunn Studiepoeng 15,00 Kategori Obligatorisk del av bachelorstudia i historie og ungdomssosiologi, og samfunnsfag årsstudium. Elles valfritt. Semester Vår. Forkunnskapar Ingen. LæringsmålStudenten skal tilegne seg ei forståing av utviklingstrekk som kjenneteikner den globale integrasjonen i politiske, økonomiske og kulturelle institusjonar. Studenten skal gjera seg kjend med sentrale sosiologiske og historiske bidrag i den aktuelle diskusjonen, knytte desse til klassiske fortolkingar i faga, og knytte omgrep og fortolkingar til kunnskap om norske og internasjonale samfunnstilhøve. Innhald/oppbyggingEmnet omhandlar ei innføring i dei mange sidene av globaliseringsdiskusjonen, med vekt på økonomi, politikk og kulturelle institusjonar. Sentrale spørsmål er knytta til kva som skjer med nasjonalstaten sine politiske og økonomiske styringsvilkår under overnasjonale organ, kva som kjenneteikner den kulturelle globaliseringa, kva som kjenneteikner den nye geografiske mobiliteten i lyset av historiske erfaringar, samt spekteret av ideologiske posisjonar i globaliseringsdebatten. Undervisnings- og læringsformerFørelesingar og gruppeundervisning. Skriftleg oppgåve: ei skriftleg oppgåve til mappe som inngår i sluttvurderinga. ArbeidskravIngen. Sluttvurdering
Dersom ein del av eksamen ikkje er greidd, tek ein ny eksamen i den delen. Ved eksamen på grunn av stryk eller forbetring av karakter på mappa må ny oppgåve løysast. Pensum
Bøker:
Kompendium 1:
Kompendium 2: Med atterhald om endringar. G.O. 131207 |
SA522 Ressursar/Menneske/Teknologi |
|
Kode
SA522 Norsk namn Ressursar/Menneske/Teknologi Studiepoeng 15,00 Kategori Obligatorisk del av bachelorstudiet i historie. Elles valfritt. Semester Haust og vår med undervisning annan kvar laurdag. Forkunnskapar SA 533, SA 534 og SA 536 eller realkompetanse,. LæringsmålStudentane skal få ei innføring i faget lokalhistorie gjennom ulike sider ved faget sin eigenart, kunnskap om dei viktigaste kjeldene og metodane i tillegg til realhistorisk kunnskap om dei ulike sidene ved problematikken ressursar, menneske og teknologi. Innhald/oppbygging
Første delen av studiet tek føre seg det typiske ved lokalhistoriefaget, kjeldene og metodane. Andre delen er ei innføring i den realhistoriske sida der ulike aspekt av lokalsamfunnet vert analyserte ut frå ressursar, menneske og teknologi. Opplegget er av ein slik karakter at det inneheld didaktiske element. Undervisnings- og læringsformerFørelesingar, seminarundervisning og individuelt arbeid. Oppgåve til mappe/sluttvurdering: Studentane skal skrive ei oppgåve som skal kommenterast skriftleg av faglærar. Oppgåva tel også som ein del av sluttvurderinga/eksamen. EkskursjonarTo dagars ekskursjon til Statsarkivet i Bergen. Studentane betaler reise og opphald sjølve. ArbeidskravIngen. Sluttvurdering
Dersom ein del av eksamen ikkje er greidd, tek ein ny eksamen i den delen. Ved ny eksamen på grunn av stryk eller forbetring av karakter på mappeeksamen skal omarbeidd tekst leverast inn. PensumMrk.: Titlar merka * gjeld bøker som er å få kjøpt, resten er å finne i kompendium. 1. Lokalhistorie som fag/Arbeidsformer, kjeldekunnskap * Sandnes, Jørn: Handbok i lokalhistorie. Faget og metodene (1983) side 9-124. Sandal, Per: Lokalhistorie (1983) (eige kompendium) s. 10-163. Stoa, Nils Johan: Lokalhistoriske kilder. Bruk av trykte og utrykte kilder i undervisning og lokalhistorisk granskning (1993) 77 s. Velure, Magne: Museet - Mangfald, minne, møtestad. i kap. 4: Museumshistorikk (s. 23 -33) og kap. 5: Museet som samfunnsinstitusjon (s. 35 -42) NOU 7/1996 Richard Petterson: Kulturella arv och kollektiva minnen: Vem är i behov av vad? Nordisk Museologi 1 - 2002, s. 79-88 Hodne, Kjelstadli og Rosander (red): Muntlige kilder (1981). Følgjande artiklar: Rosander, Gøran: Muntlige kilder - hva og hvorfor?, s. 11-21. Slettan, Dagfinn: Muntlig historie - en mangesidig virksomhet, s. 22-33. Kjelstadli, Knut: Kildekritikk (muntlige kilder), s. 66-84. 2. Ressursar, menneske og teknologi *Dyrvik, Ståle: Den demografiske overgangen (2004) side 7-126. *Sogner, Sølvi:Far sjølv i stua og familien hans. Trekk fra norsk familiehistorie før og nå (1990) s. 9-95. *Østrem, Nils Olav: Norsk utvandringshistorie (2006) side 7-114. Dyrvik, Ståle: Historisk demografi (1983) s. 9-16. Dyrvik, Ståle: Den befolkningshistoriske bakgrunnen (i Norges befolkning) s. 11-34 (1975). Dyrvik, Ståle: Studiet av befolkningshistoria på 1900-talet, i Fladby, Rolf og Winge, Harald (red) Lokalsamfunn under omstøpning (1977) s. 9-28 Oldervoll, Jan og Sogner, Sølvi: Fødsler utenfor ekteskap i lys av giftermålsmarked og økonomisk utvikling ca. 1800-1850. Hvorfor er utvklingen så ulik i de forskjellige landsdelene? Bot eller bryllup. Ugifte mødre og gravide bruder i det gamle samfunnet (1981) 10 sider. Homlong, Beate: Demografiske og økonomiske føresetnader for kårskipnaden på 1700- og 1800-talet. Ein studie frå Etne. Heimen 3/1997, 12 sider. Tveite, Stein: ”Overbefolkning”, ”befolkningspress” og vandring.i Vandringer (1980). Red. Langholm og Sejersted. 10 s. Sunde, Rasmus: Årsaksforklaringar bak emigrasjonen til Amerika ( 1999) 18 s. Dyrvik, Ståle m.fl.: Norsk økonomisk historie 1500-1970(1979): Kapitla 1-2 s. 9-33, kap.13-14 s. 122-153, kap 19 s. 184-199 og kap. 24 s. 237-251. Lunden, Kåre: Jordbruksproduksjonen-teknikk, produktivitet i Noregs Landbrukshistorie II (2002) Tranberg, Anna: Markedsorienterte bondenæringer i Norge på 1700-tallet, i Bol og by, Landbohistorisk tidsskrift, ( Kerteminde 1997), s. 106 -127. Avdem, Anna Jorunn/Kari Melby: Oppe først og sist i seng (1985) s. 100-126 og 154-180. Almås, Reidar: Bygdesosiologi (1985), side 15-77 og s.133-197. 050906: Ressursar, menneske og teknologi: Komplett pensumliste. |
SA523 Bacheloroppgåve i historie |
|
Kode
SA523 Norsk namn Bacheloroppgåve i historie Studiepoeng 15,00 Kategori Obligatorisk del av 2. året i bachelorstudiet i historie. Semester Vår Forkunnskapar 1) Fullført første år av bachelorstudiet i historie. 2) Bacheloroppgåva byggjer på emna Ressursar/Menneske/Teknologi eller Samtidshistorie I og II andre studieåret, som studenten må følgje parallelt eller ha avlagt eksamen i tidlegare. LæringsmålStudenten skal skrive ei oppgåve med omfang 15-20 sider. Her skal studentane:
Studentane skal kunne forme ut ei avgrensa problemstilling med utgangspunkt i eit lokalhistorisk emne frå eldre eller nyare tid. Dei kan også skrive om eit oppgitt emne eller eit undervisningsopplegg basert på eit lokalhistorisk emne. Til å svare på dette skal studenten kunne leite fram fleire kjelder av ulik karakter. Oppgåva kan vere utforma etter ei problemstilling laga av studenten i samråd med faglærar og basert på primærkjelder som vert gjennomgått i emnet Ressursar/Menneske/Teknologi. Med basis i Samtidshistorie I og II kan studentane også velje ei oppgåve med nasjonalt eller internasjonalt perspektiv. Studiet set store krav til sjølvstendig arbeid med stoffet. Undervisnings- og læringsformerBacheloroppgåva vert rettleia i samråd med faglærar. I tillegg kan det vere aktuelt med seminarundervisning. Sluttvurdering
SA523 Bacheloroppgåve. Pensum til bacheloroppgåva byggjer på litteraturen og metodane som vert gjennomgått i Ressursar/Menneske/Teknologi eller i Samtidshistorie I og II. |
SA533 Eldre historie før 1870 |
|
Kode
SA533 Norsk namn Eldre historie før 1870 Studiepoeng 15,00 Kategori Obligatorisk del av bachelorstudiet i historie og årsstudiet i samfunnsfag. Elles valfritt. Semester Haust. Forkunnskapar Ingen. LæringsmålStudentane skal gjennom studiet tileigne seg grunnleggjande oversikt over norsk - og verdshistorie frå mellomalderen fram til omkring 1870. Innhald/oppbyggingI denne modulen startar ein opp med statsdanning i norsk mellomalder og oppløysing av føydalvesenet i Europa. Medan den norske staten går i oppløysing, vaks det fram sentralmakter i Europa som enda opp med einevelde. Denne utviklinga kom noko seinare i Danmark/Noreg. Parallelt med denne utviklinga ser vi korleis samfunna endra seg økonomisk, sosialt og politisk. Endringsprosessane skjedde i meir roleg retning i einskilde land, medan andre fekk bråe omveltingar (revolusjon). I kjølvatnet av dette fekk vi framveksten av nasjonalismen og skipinga av nye statar. Undervisnings- og læringsformerEmnet i denne modulen vil i hovudsak bli gjennomført med veksling mellom førelesing og individuell oppgåveskriving i tillegg til noko seminarundervisning og gruppearbeid. Oppgåve til mappe/sluttvurdering: Studentane skal skrive to oppgåver som skal kommenterast skriftleg av faglærar. Oppgåvene vil også telje som ein del av sluttvurderinga/eksamen. EkskursjonarSjå omtale av Bachelorstudiet i historie. ArbeidskravIngen. SluttvurderingSA533 101 6 timar skriftleg skuleeksamen, vekting 50% SA533 102 Mappeoppgåve 1, vekting 25% SA533 103 Mappeoppgåve 2, vekting 25%. Dersom ein del av eksamen ikkje er greidd, tek ein ny eksamen i den delen. Ved stryk på mappe skal omarbeidd tekst leverast inn. PensumSA533 Eldre historie VERDSHISTORIE: Imsen, Steinar: Europa 1300-1500 (2002-utgåva) Side 11-90, 132-195.
Fuglestad, Finn: Fra Svartedauden til Wienerkongressen (1999-utgåva): s. 13-139, 141-164, 188-198, 205-209, 216-232, 241-245, Kompendium: Nya Tidens Världshistoria av R.R. Palmer-J. Colton. Utdrag på 60 sider som omhandlar perioden 1848-1870. Utdrag frå Menneske, Samfunn, Historie Kapitler af verdenshistorien av Elin Rand Nielsen m.fl. Kap. VIII Europa i revolution s. 224-258 34 side r NORSK HISTORIE Sigurdsson, Jon Vidar: Norsk historie 800-1300. Frå høvdingemakt til konge- og kyrkjemakt. Det Norske Samlaget, 1999 (214 sider) Ersland/Sandvik: "Pest og krise" i Norsk historie 1300-1625 Det Norske Samlaget, 1999 side 40-63 (kompendium) Dyrvik, Ståle: Norsk historie 1625-1814 Det Norske Samlaget, 1999, side 29-42 og 59-268 (224 sider) Pryser, Tore: Norsk historie 1814-1860. Det Norske Samlaget, 1999, side 11-292 (282 sider) G.O. 300807 |
SA534 Nyare historie 1870 - 1945 |
|
Kode
SA534 Norsk namn Nyare historie 1870 - 1945 Studiepoeng 15,00 Kategori Obligatorisk del av bachelorstudiet i historie og årsstudiet i samfunnsfag. Elles valfritt. Semester Vår. Forkunnskapar Ingen. LæringsmålStudentane skal gjennom studiet tileigne seg grunnleggjande oversikt over norsk og verdshistorie frå omkring 1870 og fram til og med 2. verdskrigen. Innhald/oppbyggingI perioden skjedde det ei omfattande etablering av nye nasjonalstatar, og omgrepet nasjonalisme vert viktig å forstå. Ei forståing av dei drivkreftene som ligg i dette omgrepet vil òg kunne gje auka forståing av bakgrunnen for krigsutbrot både i fortid og notid. I tillegg til ei fordjuping i vår eiga nasjonsbygging, vil studiet ha eit internasjonalt blikk. Her vil ein sjå korleis utviklinga kunne ta ulike retningar i Europa, USA, Sovjetunionen/Russland og i Asia/Afrika. Felles for mange av statane i denne perioden er den moderniseringa dei gjekk gjennom, både økonomisk, sosialt og politisk. I denne perioden skjedde det også ei rekkje åtak på dei demokratiske rettane i samband med utviklinga av totalitære statar. Framveksten av fascismen/nazismen vert viktig i samband med bakgrunnen for den andre verdskrigen og følgjene den fekk. Undervisnings- og læringsformerEmnet i denne modulen vil i hovudsak bli gjennomført med veksling mellom førelesing og individuell oppgåveskriving i tillegg til noko seminarundervisning og gruppearbeid. Oppgåve til mappe/sluttvurdering: Studentane skal skrive to oppgåver som skal kommenterast skriftleg av faglærar. Oppgåvene vil også telje som ein del av sluttvurderinga/eksamen. EkskursjonarSjå omtale av Bachelorstudiet i historie. ArbeidskravIngen. Sluttvurdering
SA534 101 6 timar skriftleg skuleeksamen, vekting 50% Dersom ein del av eksamen ikkje er greidd, tek ein ny eksamen i den delen. Ved ny eksamen på grunn av stryk eller forbetring av karakter på mappe skal omarbeidd tekst leverast inn. PensumVerdshistorie: Kompendium verdshistorie Menneske, Samfund, Historie: Kapitler af verdenshistorien (1990-utgåva) Kap. IX Vesten erobrer verden. Inga Floto Kap. X 1917-1945. Fra den russiske revolusjonen til atombomben. Inga Floto Palmer, R.P. & Colton, Joel & Kramer, Lloyd: A History of The Moderen World (Ninth edition, 2002) Kap. XIII Innleiingane og punkta 63, 64 og 65 Kap. XIV Innleiingane og punkta 71, 72, 73 , 74 og 75. Kap. XV- (til og med) XX Kompendieutsalet har kap. XV-XX av boka på svensk. Alternativt finn du tilsvarande pensumlitteratur i Cappelens Verdenshistorie, bind 16 og 17 eller i Aschehougs Verdenshistorie, bind 12 og 13. Norsk historie Nerbøvik, Jostein Norsk historie 1860-1914: Eit bondesamfunn i oppbrot. Det Norske Samlaget, 1999, s ide 11-264 (254 sider) Furre, Berge: Norsk historie 1914-2000: Industrisamfunnet –frå vokstervisse til framtidstvil. Det Norske Samlaget (2000), side 17-118 (102 sider) Nasjonsbygging: Sørensen, Øystein (red.): ”Jakten på det norske. Perspektiver på utviklingen av en norsk nasjonal identitet på 1800-tallet”. Oslo 1998, s 11-48 (38 sider) Goksøyr, Matti: Opplevde fellesskap og folkelig nasjonsbygging. Norge og idretten 1905-1940. Historisk Tidsskrift bind 80, nr. 3/2000 (21 sider) Emne Ekstremismens tidsalder – krig, ideologi og økonomi i Europa 1914 – 1945. Hobsbawm, Eric: Ekstremismens tidsalder. Det 20. århundrets historie. Pocketutgåve Gyldendal (2003), s. 11-183 (172 sider) G.O. 181207 |
SA536 Samtidshistorie I |
|
Kode
SA536 Norsk namn Samtidshistorie I Studiepoeng 10,00 Kategori Obligatorisk del av bachelorstudiet i historie, elles valfritt. Semester Haust. Forkunnskapar Ingen. LæringsmålStudentane skal gjennom studiet tileigne seg grunnleggjande oversikt over norsk og verdshistorie frå 1945 og fram til våre dagar. Innhald/oppbyggingStudentane skal skaffe seg innsikt i eigen samtidssituasjon ved å søke dei historiske forutsetningane for den i den nære fortida. Tema som modernisering og demokratisering vert såleis viktige element både i norsk og verdshistorie. I denne perioden vil det vere aktuelt å trekke inn emne som den kalde krigen og slutten på den, integrasjonsprosessen i Europa, avkoloniseringa og nord-sør-problematikken. For Noreg sitt vedkomande betydde perioden utbygginga av velferdsstaten, inngangen til oljealderen, nedbygginga av nasjonalstaten og nye sosiale og politiske endringar og utfordringar. Undervisnings- og læringsformerEmnet i denne modulen vil i hovudsak bli gjennomført med veksling mellom førelesing og individuell oppgåveskriving i tillegg til noko seminarundervisning og gruppearbeid. Studentane skal skrive ei oppgåve til mappe som skal kommenterast skriftleg av faglærar. Oppgåva tel også som ein del av sluttvurderinga/eksamen. EkskursjonarSjå omtale av Bachelorstudiet i historie. ArbeidskravIngen. Sluttvurdering
SA536:
Oppgåva må vera sensurert med ein førebels greidd karakter for at studenten skal kunne gå opp til munnleg etterprøving. Endeleg karakter vert gitt etter munnleg etterprøving. Pensum: Seip, Jens Arup (1963): Fra embetsmannsstat til ettpartistat. Furre, Berge: Norsk historie 1914-2000 (2000): Industrisamfunnet – frå vokstervisse til framtidstvil. Det Norske Samlaget, side 119-367. Lundestad, Geir: Øst, Vest, Nord, Sør. Hovudlinjer i internasjonal politikk etter 1945 (2000 utgåva) Heile boka med unnatak av kapitla 9 og 10.
Claes, Dag Harald & Førland, Tor Egil (2004): Europeisk integrasjon. Heidar, Knut og Saglie, Jo (2002 ): Hva skjer med partiene? Kapittel 2 G.O. 261007 |
SA537 Barndommens og ungdommens historie |
|
Kode
SA537 Norsk namn Barndommens og ungdommens historie Studiepoeng 15,00 Kategori Frivillig bacheloremne i historie og ungdomssosiologi. Opent for andre interesserte. Semester Vår (andre del av vårsemesteret). Forkunnskapar Ingen. LæringsmålMålet er todelt. Emnet skal delvis gi studenten innsikt i korleis oppfatningar om barndom og ungdom har endra seg over tid, og delvis utvikle ei kritisk forståing av synet på endringane som eit resultat av skiftande ”sosiale konstruksjonar”. Innhald/oppbyggingKurset er lagt opp med utgangspunkt i Phillipe Aries si bok Barndommens historie. Del 1 handlar om boka sitt innhald og diskusjonen av den, og gir i tillegg ei innføring i omgrepet om "sosial konstruksjon". Del 2 fokuserer på førestellingar om barn og ungdom frå tre forskjellige epokar: gresk-romersk oldtid, europeisk mellomalder og den moderne perioden. Undervisnings- og læringsformerUndervisninga består av førelesingar, lærarstyrte oppgåveseminar og tilbod om individuell rettleiing. Studenten skriv ei oppgåve på om lag 3000 ord. Kvar student har rett på 45 minutt samanhengjande individuell rettleiing på fullstendig utkast til oppgåve. ArbeidskravIngen. Sluttvurdering
SA537 001 Individuell skriftleg oppgåve, vekting 67%. Pensumet består av litteraturen under, d.v.s. tre bøker (to av dei i utdrag) og to kompendium. Pensumlitteraturen kan kjøpast frå Fjordbok og er på litt over 1000 sider. Litteratur som er markert med teksten ”Også tilgjengeleg i norsk arbeidsomsetjing” kan formidlast i norskspråkleg versjon til den som måtte ønskje det i løpet av kurset. Kompendielitteraturen er organisert etter planlagd undervisningsprogresjon. Kompendia kan kjøpast frå og med månadsskiftet februar/mars, bøkene frå årsskiftet (07/08). Bøker: Ariès, Philippe (2003)/(1960): B arndommens historie. Pensumtjeneste, s. 39-266. Harlow og Lawrence (2004): Growing Up and Growing Old in Ancient Rome: A Life Course Approach. Routledge, s. 1- 92. Orme, Nicholas (2001): Medieval Childeren. Yale University Press, s.1-28, 43-128, 238-272 og 306- 341. Kompendiumlitteratur (i alfabetisk rekkefølgje): Archard, D. (1995): Children. Rights & Childhood. Routledge, s. 29-82. [Også tilgjengeleg i norsk arbeidsomsetjing] Bagge, S. (2005): Mennesket i middelalderens Norge. Tanker, tro og holdninger 1000-1300. Aschehoug, s. 13-17. Becker, L.C. (1998): “Stoic Children”. I Susan M. Turner og Gareth B. Matthews (eds.), The Philosophers Child. Critical Essays in the Western Tradition. University of Rochester Press, s. 45 - 57. [Også tilgjengeleg i norsk arbeidsomsetjing] Brembeck, H.; Johansson, B.; Kampmann, J. (2004): ”Introduction”. I Helene Brembeck, Barbro Johansson and Jan Kampmann (eds.), Beyond the Competent Child, Roskilde University Press, s. 7-26. Burr, R. og Montgomery, H. (2002): “Childeren and rights.” I Rachel Burr og Heather Montgomery, Understanding Childhood - an interdisciplinary account. Open University Press, s. 137-59 (utdrag). Christensen, Pia (2000): “Childhood and the Construction of the Vulnerable Body“ (utdrag). I Alan Prout, The Body, Childhood and Society. London: Macmillan. s. 38-44. [Også tilgjengeleg i norsk arbeidsomsetjing] Cunningham, H. (1996)/(1995): Barn og barndom. Fra middelalder til moderne tid. Ad Notam, Gyldendal, s. 83-97 og 155-193. Ellegaard, T. (2004): ”Self-Governance and Incompetence: Teachers’ Construction of ”the Competent Child”. I Helene Brembeck, Barbro Johansson and Jan Kampmann (eds.), Beyond the Competent Child, Roskilde University Press, s. 177-197. Hacking, I. (2004)/(1999) ”Varför fråga vad?” I Social konstruktion av vad? Thales, s. 13-53. Hallden, G (2007): Den moderna barndomen och barns vardagsliv. Carlssons Bokförlag, s, 25-41 og 174 -183. Holter, Ø.G. (1994): ”Når alder blir kjønn – Om intimitet og pederasti i antikkens samfunnsliv”.olter I Øivind Anderesen og Tommas Hägg (red.), I skyggen av Akropolis, Det norske instituttet i Athen, 1994, s. 255-286. Højlund, S. (2000): ”Konstruktion af barndomsbegrebet: Nogle overvejelser”. I Barn. No. 1, 2000, s. 77-87. James, A., Jenks, C., Prout, A. (1999): Den teoretiske barndom. Gyldendal (dansk), s. 35-43. Karlson, L. (2003): ”Likaställd dialog med barnen.” I I Efter barndommens død? Tidsskrift for børne- & ungdomskultur. 2003. s. 157-171. Klejwegt, M (1991): Ancient Youth. J.C. Gleiben Publisher, s. 1-3. Larsson, IngBeth (2001): ”Barns sexualitet och sexuella beteende”. Socialstyrelsen (s. 1-41) <http://www.eniro.se/query?hpp=&ax=&search_word=%2Bingbeth+%2Bsexualitet&what=web_local> Lee, N. (2001): ”Defining the dependent child”. I Nick Lee, Childhood and society. Growing up in an age of uncertainty. Open University Press, s. 21-36. Lindén, H (2004): “Barns rettigheter – en realiserbar intensjon?” Tidsskrift for Velferdsforskning, Årg. 7, Nr 4., s. 196-212. Mæle, Ingvar Brandvik (2002): ”Den antikke by”. I J. Christian Meyer med T. Bekker Nielsen og I. Brandvik Mæhle, Antikkens historie. Høvdingdømme, bystat, imperium. Cappelen akademisk forlag, s. 202-241. Olesen, J. (2003): ”Børn, forbrug og mobiltelefoner: Den sociale konstruktion av behover for mobiltelefiner blant børn”. I Efter barndommens død? Tidsskrift for børne- & ungdomskultur. 2003. s. 71-87. Platon (1988): Symposion ( Drikkegildet i Athen). I Platon. Samlede verker IV. Vidarforlaget, s. 136-142. Platon (1999): “Charmides”. I Platon. Samlede verker II. Vidarforlagets kulturbibliotek, s. 15-18. Platon, ”Faidros”. I Platon. Samlede verker IV. Vidarforlaget, s. 187-246. Ravnå, P.-B. (2006): Gresk og romers politisk historie. Cappelen, s. 31-51. Rawson, B. (2005): “Education”. I Beryl Rawson, Children and Childhood in Roman Italy. Oxford University Press, s. 146-210. [Også tilgjengeleg i norsk arbeidsomsetjing] Rogers, W.S. (2002): “What is a child” (utdrag). I Rachel Burr og Heather Montgomery, Understanding Childhood - an interdisciplinary account. Open University Press, s. 19-29 (utdrag). Storebø, O. “Kjelder, livsfasar og historiske epokar”. Notat. Hisf, 2008. Strange, W.A. (1996): Children in the Gospels. I Children in the Early Church. Children in the Ancient World, the New Testament and the Early Church. s. 38-66. Wilson, Adrian (1980): “The Infancy of the History og Childhood: An Appraisal of Philippe “Ariès. I Histroy and Theory. Vol. 19 istory and TheoryHhh , No. 2, s. 132-153. Wyn, J. og White, R. (1997): The concept of Youth. I Johanna Wyn og Rob White, Rethinking Youth. Sage, s. 9-25. Øhra, M. (1997): ”Barndom i bystaten Athen”. I Øhra, Den kulturelle konstruksjon av barndommen. UiO, s. 31-47. <http://www-lu.hive.no/ansatte/moh/documents/Hovedoppgave_001.pdf> G.O. 180208 |
SA545 Examen Philosophicum |
|
Kode
SA545 Norsk namn Examen Philosophicum Studiepoeng 10,00 Kategori Obligatorisk del av bachelorstudium i sosiologi (ungdomssosiologi) og historie, elles valfritt. Semester Vårsemesteret. Forkunnskapar Ingen. LæringsmålSiktemålet er å skjerpe den kritiske sansen til studentane gjennom ei brei filosofisk innføring i akademisk tenking. Innhald/oppbyggingDel 1: Filosofihistorie. I denne delen blir studenten introdusert til eldre og nyare filosofiske oppfatningar om kunnskap, kunst og samfunn. Del 2: Vitskapsfilosofi. I denne delen lærer studenten vitskapsfilosofi med særleg vekt på humanvitskaplege emne. Undervisnings- og læringsformerUndervisninga blir gitt som førelesingar og gjennomgang av oppgåver. ArbeidskravIngen. SluttvurderingSA545 4 timar skuleeksamen der oppgåver frå begge disiplinane tel likt. Pensum
Filosofihistorie:
Vitskapsfilosofi:
Med atterhald om mindre tillegg/endringar. |
SA570 Examen facultatum - Samfunnsvitskaplege tenkemåtar |
|
Kode
SA570 Norsk namn Examen facultatum - Samfunnsvitskaplege tenkemåtar Studiepoeng 10,00 Kategori Obligatorisk del av bachelorstudium i sosiologi og bachelorstudium i historie. Semester Haust. Forkunnskapar Ingen. LæringsmålEmnet skal gjere studentane kjende med samfunnsfaga si historie, med særleg vekt på sosiologi og historiefaget. Det skal gje ei innføring i sentrale samfunnsvitskaplege omgrep, metodar og tenkemåtar og formidle kunnskap om dei ulike disiplinane sine særtrekk og fellestrekk. Innhald/oppbyggingDet vert gjeve ei innføring i framvekst og utvikling innan samfunnsvitskapane fram til i dag, med vekt på klassiske tema og sentrale omgrep i faga. Ulike metodar og modellar som samfunnsforskarar nyttar eller føreset i forskinga si vert også introdusert. Emnet tek slik opp bestemte grunnlagsproblem som er felles for samfunnsvitskapane, samstundes som det søkjer å vise korleis dei ulike disiplinane historisk er blitt avgrensa frå kvarandre – med hovudvekt på utviklinga innan dei to disiplinane sosiologi og historie. Undervisnings- og læringsformerFørelesingar og gruppeundervisning. ArbeidskravIngen. SluttvurderingSA570 4 t skriftleg skuleeksamen. PensumGrimen Harald: Samfunnsvitenskaplige tenkemåter. Universitetsforlaget (kapittel ikkje avklart, men det meste av boka vil vere pensum) Krogh Thomas m.fl.: Historie, forståelse og fortolkning. Gyldendal (kapittel ikkje avklart, men det meste av boka vil vere pensum) Samla i kompendium: Tollefsen, T. m.fl. ”Overgangen fra mythos til logos” Frå Tenkerer og ideer. Gyldendal, 1999, s. 22-26. Gordon, S. ”The rise of the Age of Science”. Frå The History and Philosophy of Social Science. Routledge, 1993, s 16-33. Wallerstein, I.: “Samfunnsvitenskapenes historiske konstruksjon, fra syttenhundretallet til 1945”. Frå Wallerstein m.fl. Åpne samfunnsvitenskapene. Spartacus, 1997, s. 10-33. Stanford, M.: ”History, Philosophy and the Social Sciences”. Frå An Introduction to the Philosophy of History.Blackwell, 1998, s. 20-50. Engelstad, F.: “Kunnskap, makt og normer i samfunnsvitenskapene”. Frå Knut W Ruyter(red) Forskningsetikk. Beskyttelse av enkeltpersoner og samfunn. Gyldendal, 2003, s. 215-242. Bøe, Jan: ”Vitenskapsfaget historie”. Frå Faget om fortida. Universitetsforlaget, 1995, s. 15-29. Hobsbawn, E.: ”What can History Tell Us about Contemporary Society”. Frå On History. The New Press, 1997, s.24-37. Hellesnes, J.: “Kunsten å forstå heksebrennarane – eller om mentalitetsgranskinga og relativismeproblemet”. Frå Hermeneutikk og kultur. Det Norske Samlaget, 1988, s. 66-82.
Med atterhald om mindre endringar. |
SA582 Sosiologiske perspektiv |
|
Kode
SA582 Norsk namn Sosiologiske perspektiv Studiepoeng 15,00 Kategori Obligatorisk del av bachelorstudiet i sosiologi og årsstudiet i ungdomssosiologi. Semester Haust. Forkunnskapar Ingen. LæringsmålStudentane skal gjennom studiet tileigne seg grunnleggande kunnskap om sentrale sosiologiske perspektiv, og forstå og nyttiggjere seg av desse teoriane sin relevans for studiet av sosialisering og ungdomstida som livsfase. Innhald/oppbyggingEmnet skal formidla ei forståing av sosiologiske perspektiv frå klassiske sosiologiske teoritradisjonar til nyare sosiologisk teori. Studentane får ei innføring i tradisjonell makro-sosiologi med vekt på relasjonane mellom sentrale sosiale institusjonar, og ei innføring i meir mikro-sosiologiske perspektiv på sosial samhandling og sosialisering. Vidare gjev emnet ein introduksjon til nyare samfunnsvitskaplege teoriar og diskusjonar om aukande individualisering og kulturell frisetjing. Studentane får også ei innføring i didaktiske problemstillingar i form av tematisering av sosiologien si historie, grunnproblem, arbeidsmåtar og samfunnsmessige funksjon. Undervisnings- og læringsformerUndervisninga vil veksle mellom førelesingar og seminarundervisning. Faglærar vil leie seminar knytt til skriftleg arbeid til mappe, og gi individuell rettleiing. ArbeidskravIngen. Sluttvurdering
SA582 Eit individuelt skriftleg arbeid lagt i mappe.
*Broady, D, og M. Palme (1989): "Pierre Bourdieus Kultursociologi". I Thuen, H og S. Vaage: Oppdragelse til det moderne. Universitetsforlaget. *Litteratur merka med stjerne er trykt opp i kompendium som ein får kjøpt i Kompendieutsalet (Foss).
Tilrådd tilleggslitteratur: Vi tek atterhald om endringar. 200807 GO |
SA585 Den sosiale kroppen |
|
Kode
SA585 Norsk namn Den sosiale kroppen Studiepoeng 15,00 Kategori Valfritt emne i tredje året i bachelorstudia i sosiologi og historie. Emnet er også ope for andre interesserte. Semester Vår (første del av vårsemesteret). Forkunnskapar Ingen, men ein tilrår at ein frå før har teke grunnleggjande sosiologiske og/ eller historiske emne, eller at ein har gjennomført grunnleggjande emne i ei samfunnsfagleg profesjonsutdanning. LæringsmålStudentane skal oppnå kunnskap om korleis den menneskelege kroppen er og har vore gjenstand for samfunnsmessig engasjement gjennom ulike former for ideologi, kontroll, ekspertise og politikk. Etter kurset skal studentane kunne bruke desse perspektiva til analyse av kroppsoppfatningar i fortid og samtid. Dei skal opparbeide innsikt i måten kroppen er vevd inn i og konstruert gjennom samfunn og kultur. Innhald/oppbyggingEmnet tek opp sentrale sosiologiske og kulturhistoriske perspektiv på forminga av kroppsbilete i Vesten. Ei viktig tilnærming i emnet er at kunnskap om kroppen kan leggje grunnleggjande rammer for kva type sosial orden ein har i samfunnet. Til dømes er moderne medisinsk kunnskap og andre former for profesjonell kunnskap om menneskekroppen ein føresetnad for opparbeidinga av moderne velferdstilbod, helsestell og sosial kontroll. Emnet rettar søkjelyset mot samfunnsmessige institusjonar og prosessar som både direkte og indirekte har endra forståinga av menneskekroppen. I tillegg vil det løfte fram kva konsekvensar desse prosessane kan ha i høve individuell sjølvforståing og politiske maktforhold. Emnet nærmar seg dette temaet med utgangspunkt i historisk og sosiologisk analyse. Undervisnings- og læringsformerForelesingar og lærarstyrte seminar. ArbeidskravIngen. Sluttvurdering
SA585 002 Ei oppgåve til mappe. Vekting 50%. Ved stryk tek ein opp att den delen ein stryk i. Ved ny eksamen på grunn av stryk eller forbetring av karakter på mappe må ny oppgåve løysast. PensumSamla pensum: 1024 sider. Grunnbok: Shilling, C. (2003): The Body and Social Theory. London: SAGE Publications. 211 sider. Del I: * Boltanski L.:”The left after May 1968 and the longing for total revolution”. I Thesis Eleven nr. 69. SAGE 2002. 20 sider (1 – 20). * Bourdieu, P.: ”Kroppens sosiale persepsjon” I Sosiologi i dag 3/ 1990. 9 sider (3 – 11). * Elias, N.(1994): The Civilizing Process. Massachusetts: Blackwell Publishers. 116 sider (443 – 524 og 105 – 138). * Elias, N.: “Civilization and Psychosomatics” I Fraser, M. og Greco, M. (2005): The Body. A Reader. London: Routledge. 4 sider (96 – 99). Foucault, M (1977): Overvåkning og straff. Det moderne fengsels historie. Oslo: Gyldendal. 207 sider (7 – 201 og 261 - 273). * Frykman, J. og Löfgren, O. (1994): Det kultiverte mennesket. Oslo: Pax Forlag. 52 sider (136 – 147 og 185 – 224). * Måseide, P.: “Natur og kultur. Spenningsfeltet mellom ei objektivistisk og ei relativistisk forståing av kropp, sjukdom og helse”. I Alvsvåg, H., Anderssen, N., Gjengedal, E. og Råheim, M. (red. 1997): Kunnskap, kropp og kultur. Helsefaglige grunnlagsproblemer. Oslo: Ad Notam Gyldendal AS. 33 sider (62 – 94). * Solheim, J.: ”Det moderne arbeidets kjønnssymbolikk”. I Hodne, B. og Sæbøe, R. (red. 2003): Kulturforskning. Oslo: Universitetsforlaget. 11 sider (76 – 86). Del II: * Andersson, U. ”Det gränslöst feminina. Kvinnliga kroppar och seksualiteter i rättslig hantering av våldtäkt” I Lövkrona, I. (red. 2001): Mord, misshandel och sexuella övergrepp. Historiska och kulturella perspektiv på kön och våld. Lund: Nordic Academic Press. 20 sider (168 – 187). * Badinter, E.: “Hvad er en mand?” I Badinter, E. (1994): XY – eller: Hvad er en mand? Nørhaven: Tiderne Skifter. 26 sider (11 – 36). * Featherstone, M.: ”The Body in Consumer Culture”. I Featherstone, M., Hepworth, M. og Turner, B. (1991): The Body. Social Process and Cultural Theory. London: SAGE. 27 sider (170 – 196). * Giddens, A. (1994): Intimitetens forandring. Seksualitet, kærlighed og erotikk i det moderne samfund. København: Hans Reitzels Forlag. 47 sider (9 – 55) Goffman, E.: ”Where the action is”. I Goffman, E.(1967): Interaction Ritual. New York: Pantheon Books. 122 sider (149 – 270). * Kraft, S.: ””No pain, no gain””. Kroppsmodifikasjon som religiøs praksis.” I Børtnes, J., Kraft, S. og Mikaelsson, L. (red. 2004): Kampen om kroppen. Kulturanalytiske blikk på kropp, helse, kjønn og seksualitet. Kristiansand: Høyskoleforlaget. 21 sider (301 – 321). * Lande, B.: ”Breathing like a soldier: culture incarnate.” I Shilling, C. (red. 2007): Embodying Sociology: Retrospect, Progress and Prospects. Malden: Blackwell Publishing. 14 sider (95 – 108). * Merleau-Ponty, M.: ”The Experience of the Body and Classical Psychology”. I Fraser, M. og Greco, M. (2005): The Body. A Reader. London: Routledge. 3 sider (52 – 54). * Meurling, B.: ”Melon och gurka. Berättelser om självsvält”. I Zackariasson, M. og Meurling, B. (red. 2006): Nytänkande och eftertankar. Kön, kulturella förestellningar och livsvillkor. Et urval artiklar från STRAS-projektet. Uppsala: Etnolore 2006. 19 sider (70 – 87). * Sassatelli, R.: ”The Commercialization of Discipline. Keep-fit culture and its values”. I Fraser, M. og Greco, M. (2005): The Body. A Reader. London: Routledge. 5 sider (283 – 287). * Skårderud, F.: ”Den magiske kroppen – kroppsmetaforer i anorexia nervosa”. I Børtnes, J., Kraft, S. og Mikaelsson, L. (red. 2004): Kampen om kroppen. Kulturanalytiske blikk på kropp, helse, kjønn og seksualitet. Kristiansand: Høyskoleforlaget. 20 sider (323 – 342). * Strandbu, Å. (2005): ”Uforenlige kroppskulturer? Minoritetsjenters tilpasning, refleksivitet og overskridelse”. Tidsskrift for ungdomsforskning 5 (1). 24 sider (27 – 50). * Willis, P.: “Masculinity and factory labour”. I Willis, P. og Clarke, J. (1979): Working Class Culture. Hutchinson. (Henta frå opptrykk i Alexander, J. og Seidman, S.(1990): Culture and Society. Contemporary debates. New York: Cambridge 1990) 13 sider (183 – 195). Litteratur merka med stjerne *, blir trykt opp i kompendium for sal hos Fjordbok (Stadionbygget). Tilrådd litteratur: Foucault, M. (1999): Seksualitetens historie I. Viten til vilje. Pax forlag. Fraser, M. og Greco, M. (2005): The Body. A Reader. London: Routledge.
Vi tek atterhald om endringar. |
SO550 Ungdom og arbeid |
|
Kode
SO550 Norsk namn Ungdom og arbeid Studiepoeng 10,00 Kategori Obligatorisk del av bachelor i sosiologi - ungdomssosiologi. Emnet vil elles vere relevant valfag i historie og som vidareutdanning for profesjonsutdanningar. Semester Haust. Forkunnskapar Ingen, men ein tilrår at ein frå før har teke SA582 Sosiologiske perspektiv. LæringsmålStudiet skal gi innsikt i forholdet mellom arbeid, fritid og konsum, slik dette kjem fram i nyare studiar av det moderne samfunnet. Emnet skal gi studentane ei djupare forståing av ulike samfunnsdiagnosar som dei har blitt introdusert for i tidlegare sosiologiemne, men også auke medvitet om den samfunnsmessige betydninga av arbeid. Innhald/oppbyggingStudiet tek opp kva tyding arbeid har for unge menneske i det seinmoderne samfunnet. Hypotesar om, og skildringar av endringar i den vestlege høgmoderne økonomien blir introdusert og sett i relasjon til meir konkrete empiriske studiar av dei unge sine fortolkingar av arbeid og konsum. Emnet tek sikte på å gi innhald til omgrepa om risiko, individualisering, sjølvrealisering og globalisering, og å kritisk drøfte desse. Særskilt interessant er koplinga mellom arbeid og utdanning, forbruk og fritid, og analysen av korleis dei unge meiningsfullt balanserer desse livsområda. Undervisnings- og læringsformerFørelesingar og gruppeundervisning. ArbeidskravIngen. SluttvurderingSO550 4 timar skriftleg skuleeksamen . PensumBøker: Bauman, Z. (2000): Savnet fellesskap. Oslo. Cappelens akademiske forlag (215 sider) Bauman, Z. (2002): Arbejde, forbrukerisme og de nye fattige. København. Hans Reitzels forlag. (133 sider) Beck, U. (2004): Risiko Samfunnet. København: Hans Reitzels Forlag. Side 117-247 (130 sider) Artiklar i kompendium (kopisamling): Baethge, Martin (1994) “Arbejde og identitet hos unge.” I Arbejde & Subjektivitet. Roskilde: EVU-rapport nr 26/94. S 227-248. (23 s). Bauman, Zygmunt (2000) Flytende modernitet. Kap 2. (37 s) Seljestad, Lars Ove: (1997) Arbeidsløyse som resurs. Oslo: Samlaget. Kap. 1,4, 5, 8. (49 sider) Seljestad, Lars Ove (2003) "Frisatt eller forankra" SosiologiNytt 2/2003 s 7-18. (12 sider) Med atterhald om endringar. |