Norsk namn
Fitness
Engelsk namn
Fitness Education, Sports
Undervisningsspråk
Norsk
Avdeling
Avdeling for lærarutdanning og idrett / Faculty of Teacher Education and Sports (ALI)
Studiepoeng
30
Organisering
1 semester, desentralisert studium.
Organisering 2
Desentralisert (utanfor Sogndal, Førde, Sandane) / Off Campus
Normert studietid
eitt semester
Kompetanse / formell grad
Studiet er eit halvårsstudium som delvis kan inngå som første år i bachelorstudiet i Idrett fysisk aktivitet og helse, bachelorstudiet i Idrett og kroppsøving eller bachelorstudiet i Friluftsliv
Målgruppe
Studiet er retta mot personar som ønskjer å veilede personleg trening, i treningsstudio; eller innan fysisk aktivitet og helse ved andre institusjonar. Målgruppa er og personar som ønskjer å arbeide med fysisk aktivitet og trening. Ein del studentar tek dette studiet før dei startar idrettsutdanning, fysioterapi, sjukepleie, politiutdanning o.l.
Opptakskrav
Opptakskrav til studiet er generell studiekompetanse eller realkompetanse.
Innhald / oppbygging
Det er tilnærma like mykje undervisning i teoretiske og praktiske emne.
Studiet inneheld desse emna:
Treningsplanlegging, 10 sp
Rørslelære, anatomi, motorikk, 10 sp
Personleg trenar, 10 sp
Undervisnings- og læringsformer
Hovudarbeidsforma i dei teoretiske emna vil vere førelesingar, gruppe- og individuelt arbeid. I dei praktiske timane vil det metodiske grunnlaget vere sentralt, saman med fagkunnskap, eigendugleik og meistring av sentrale element i dei ulike aktivitetane. Praktisk og teoretisk lærestoff blir integrert i timane.
Studentane får arbeidsoppgåver knytt til praktisk aktivitet, framleggingsoppgåver og innleveringsoppgåver gjennom studiet som skal stimulere til større eigenaktivitet.
Læringsutbyte
Etter fullført studium skal studenten:
- kunne arbeide som personleg trenar (PT) på treningssenter, friskvernsføretak, i idrettslag, med mosjonsgrupper eller som sjølvstendig næringsdrivande
- kunne forklare, bruke og kunnskap frå fysiologi og treningslære, og nytte metodar og treningsprinsipp i praksis
- kunnskap om fagområdet rørslelære, anatomi, motorikk og nytte teorien praktisk og funksjonelt
- kunne vise kunnskap og kompetanse innan treningsplanlegging når det gjeld kroppen sin reaksjon på ulike typar trening
- kunne organisere, tilrettelegge og veilede på ulike dugleiksnivå
Arbeidskrav
Arbeidskrava går fram av emneomtalane.
Sluttvurdering
Sluttvurdering går fram av emneomtalane.
Pensum
Pensum går fram av emneomtalane.
Godkjent av
Dekan ALI
Godkjent dato
18.02.2011
Sist revidert dato
31.05.2011