BSV5-100 Velferdssamfunnet

Kode
BSV5-100

Norsk namn
Velferdssamfunnet

Engelsk namn
The welfare society

Undervisningsspråk
Norsk

Avdeling
Avdeling for samfunnsfag / Faculty of Social Sciences (ASF)

Studiepoeng
20,00

Nivå
Grunnemne / Introductory Level

Fagleg overlapp
Ingen

Kategori
Obligatorisk del av første året ved bachelorstudia i barnevern, sosialt arbeid og vernepleie. Emnet er elles valfritt.

Semester
Haust

Forkunnskapar

Ingen

Innhald/oppbygging

Det blir gitt innføring i stats- og kommunalkunnskap, jus, sosiologi og i sosialpolitikk. Med utgangspunkt i desse faga trener studentane på å skrive akademiske tekstar. I undervisninga i stats- og kommunalkunnskap vert det lagt vekt på oppgåvefordelinga mellom dei ulike forvaltningsnivåa, samt tilhøva mellom politikk og byråkrati. Studentane får innføring i juridisk metode og dei grunnleggjande juridiske sakshandsamingsreglane som gjeld for den offentlege forvaltninga med vekt på sosialrett og helserett. Dei får innføring i korleis ein kan forstå samfunnet og menneskeleg samhandling med utgangspunkt i sentrale sosiologiske teoriar og omgrep. Studentane lærer også om grunnleggjande kulturelle element, korleis sosiale system er strukturerte, og korleis den sosiale samhandlinga kan ta form. Studentane får innføring i organiseringa og oppbygginga av dei mest sentrale velferdsområda i Noreg, med vekt på statlege trygder, kommunal velferdspolitikk og helsetenestene. Verdiar og prinsipp som ligg til grunn for sosialpolitiske prioriteringar vil stå sentralt i undervisninga. Studentane får undervisning i å skrive akademiske tekstar, og dei skriv fire mindre oppgåver til mappe. Det vert gitt gruppevis rettleiing i sjølve skriveprosessen på tre av oppgåvene; på ei av oppgåvene får studentane individuell, skriftleg tilbakemelding. To av dei fire oppgåvene vert trekt ut til sluttvurdering

Undervisnings- og læringsformer

Førelesingar, seminar, gruppearbeid, oppgåveskriving med responsgrupper og rettleiing av faglærar.

Kompetanse/læringsutbyte

Studenten skal etter avslutta emne:

  • ha kunnskap om korleis forvaltningsnivåa er organisert og korleis nivåa påverkar kvarandre, og ha kunnskap om sentrale statsvitskaplege omgrep som til dømes politikk, demokrati, makt og byråkrati
  • ha innsikt i juridisk metode, ha kunnskap om alminneleg forvaltningsrett, helse- og sosialretten og ha kunnskap om rettstryggleiksprinsippa i velferdsretten
  • ha kunnskap om dei sentrale omgrepa i sosiologien, ha kunnskap om korleis samfunnsmessige mønstre skapast, og ha forståing for korleis desse mønstra blir vidareført på systematisk vis
  • ha kunnskap om kva verdiar velferdspolitikken i Noreg kviler på, ha kunnskap om hovudinnhaldet i sosialpolitikken og kunne reflektere over sosialpolitiske målsetjingar
  • kunne skrive ein akademisk tekst der sentrale omgrep frå dei ulike faga i emnet vert teke i bruk.
Praksis

Nei

Ekskursjonar

Nei

Studieopphald i utlandet

Nei

Arbeidskrav

Ingen 

Sluttvurdering
  • ME1: Mappe som inneheld to oppgåver. Høgskulen trekkjer ut to av fire mappeoppgåver til sensur. Vekting 40 %.
  • SK1: Seks timar skuleeksamen, vekting 60 %.

Bokstavkarakter.

Ny eksamen (kontinuasjon): Kandidaten tek opp att den delen av eksamen som ikkje er greidd. Ved ny eksamen på mappe arbeider kandidaten vidare med opphavlege oppgåvetekstar.

Forsøk på forbetring av karakter: Kandidaten må ta opp att heile eksamen.

Pensum

Pensum kan bli revidert før oppstart av emnet

Jus

Ohnstad, B. (2009): Juss for helse- og sosialarbeidere: en innføring i lovgivning, juridisk tenkning og metode. Bergen: Fagbokforlaget.

Syse, A. (red): Norges Lover: lovsamling for helse- og sosialsektoren. Oslo: Gydlendal akademisk (nyeste utgåve)

Sosiologi

Schiefloe, P. M. (2011): Mennesker og samfunn: innføring i sosiologisk forståelse. Bergen: Fagbokforlaget. Kap. 1., kap. 2 (2.1-2.2), kap. 5, kap. 6, kap 7, kap. 8, kap. 9 (9.1-9.4), kap. 10 og kap. 11. 250 s.

Sosialpolitikk

Stamsø, A.M. (red) (2009): Velferdsstaten i endring: norsk sosialpolitikk ved starten av et nytt århundre. Oslo: Gyldendal Akademisk. Kap 1, 3 og 4; samt kap 6 tom 8; og kap 10 og 11 ( 185 s)  

Stats- og kommunalkunnskap

Hanssen, G. S., M. K. Helgesen og S. I. Vabø (2011). Politikk og demokrati: en innføring i stats- og kommunalkunnskap. Oslo: Gyldendal Akademisk.  Del 1,bortsett fra kap 4, og hele del 2  (230 s)

Pensum sist oppdatert av
Svanhildur Gudmundsdottir

Pensum sist oppdatert dato
11.04.11

Sist revidert av
Svanhildur Gudmundsdottir

Sist revidert dato
11.04.2011