Studiehandbok 11/12 / Emne / AVDELING FOR LÆRARUTDANNING... / Vidareutdanning / IT307 Webtenester - digital kommunikasjon  

IT307 Webtenester - digital kommunikasjon

Kode
IT307

Norsk namn
Webtenester - digital kommunikasjon

Undervisningsspråk
Norsk

Studiepoeng
10,00

Kategori
Emne 3 i vidareutdanninga IKT for vidaregåande skule

Semester
Haust

Kompetanse/læringsutbyte

Ved gjennomført emne skal studenten:

kjenne til webteknologi, effektive søkestrategiar og kvalitetsvurdering av funn

kunne nytte ressursar på nett og sette dette inn i undervisningssamanheng. Wikipedia, Youtube, howstuffworks osv.

kunne opprette blogg, bruke wiki og vere med i digitale sosiale nettverk, kunne bruke dette i pedagogisk samanheng og kjenne til utfordringar knytt til slik bruk

kunne bruke og vurdere hypertekst i læringssamanheng

kjenne til og kunne bruke podcast i pedagogisk samanheng

ha kjennskap til temaet ungdom og medievanar

Arbeidskrav

Studenten skal levere inn tre innleveringar. Desse innleveringane er knytt til stoffet som blir gjennomgått i emnet og til teorigrunnlaget. Studenten får kommentar frå faglærar på ei eller fleire av innleveringane.

Sluttvurdering

IT307 Webtenester - digital kommunikasjon

Mappevurdering

Studenten skal levere inn tre innleveringar. Desse innleveringane er knytte til stoffet som blir gjennomgått i emnet og til teorigrunnlaget. Studenten får kommentar frå faglærar på ei eller fleire av innleveringane. Arbeida vert vekta likt.

Sist revidert av
Dekan ALI

Sist revidert dato
30.10.09