Digital læring - bruk av LMS og kontorstøtteprogram
Emne 2 i vidareutdanning i IKT for vidaregåande skule
Ved gjennomført emne skal studenten:
kunne vite noko om korleis IKT generelt kan støtte løring og bidra til auka læringsutbytte
ha kjennskap til korleis brukargrensesnitt innverkar på samhandlinga mellom menneske og maskin
ha kjennskap til di vanlegaste funksjonane i eit LMS og korleis desse er gjort tilgjengelege i t.d. Fronter
kunne bruke grunnleggjande og utvida funksjonalitet i LMS på ein måte som styrkjer læringsutbyttet for elevane
kunne produsere digitale læringsressursar med utgangspunkt i verktøy som er tilgjengelege i eit LMS
kjenne til kva som ligg i digitale læringsressursar, kunne nyttegjere seg slike fagressursar særleg knytt til NDLA, og også kunne finne andre relevante ressursar for undervisning
kjenne til barrierar for deling av digitale læringsressursar og korleis skulen kan stimulere til deling og gjenbruk
kjenne til aktuelle funksjonar i dei viktigaste kontorstøtteprogramma, slik som tekstbehandling og rekneark, og kunne bruke desse i pedagogiske samanhengar
IT 306 Digital læring - bruk av LMS og kontorstøtteprogram
Mappevurdering
Studenten skal levere inn tre innleveringar. Desse innleveringane er knytte til stoffet som blir gjennomgått i emnet og til teorigrunnlaget. Studenten får kommentar frå faglærar på ei eller fleire av innleveringane. Arbeida vert vekta likt.