Multimedia- bilete og video
Emne 1 i vidareutdanninga IKT for vidaregåande skule
Ved gjennomført emne skal studenten:
- vere i stand til å overføre bilete og film til datamaskin, redigere dette med høvande verktøy og kunne bruke redigert resultat i kontorstøttesystem og publisere på nett
- kunne lage samansette tekstar og kunne vurdere slike tekstar
- kjenne til forteljeteknikkar i media-tekstar og kunne bruke desse til å lage slike tekstar som kan nyttast i pedagogiske samanhengar
- ha oversikt over ulike sentrale format for mediafiler, kjenn til ulike sider ved desse formata og vite korleis ein kan konvertere frå eitt format til eit anna
- ha oversikt over etikk og regelverk i samband med publisering av bilete og video
IT305 Multimedia- bilete og video
Mappevurdering
Studenten skal levere inn tre innleveringar. Desse innleveringane er knytte til stoffet som blir gjennomgått i emnet og til teorigrunnlaget. Studenten får kommentar frå faglærar på ei eller fleire av innleveringane. Arbeida vert vekta likt.