ID3-125 Treningslære

Kode
ID3-125

Norsk namn
Treningslære

Engelsk namn
Methodology of training

Undervisningsspråk
norsk

Studiepoeng
15,00

Fagleg overlapp
100% overlapp med ID3-105

Kategori
Obligatorisk emne i 1. år bachelor idrett



Semester
Haust og vår

Innhald/oppbygging

Treningslæra er tverrfagleg med fysiologi og idrettspsykologi som støttefag. Treningslære kombinerar praktisk undervisning med teori. Kurset har 20 timar praktisk undervisning som eksemplifiserar og vektar dei teoretiske emna.

Emne som blir teke opp er treningsprosessen med mål, arbeidskrav - og kapasitetsanalyse, treningsprinsipp, treningsplanlegging, testing, evaluering og justering av planar, treningsmetodar i uthald, styrke, spenst, hurtigheit og bevegelegheit, intensitetsstyring og prestasjonsbestemmande faktorar.

Støttefaget fysiologi tek opp sirkulasjons- og respirasjonssystemet, nervesystemet og energifrigjeringssystemet sin verknad på vår fysiske yteevne.

Støttefaget idrettspsykologi tek opp spenningsregulering, visualisering, konsentrasjon, motivasjon og målsetjing, konkurranseførebuing, igangsetjing og vidare trening av mentale ferdigheiter.

Undervisnings- og læringsformer

 Teoretisk og praktisk gjennomgang av fagstoffet ved førelesingar, gruppe- og individuelt arbeid.

Kompetanse/læringsutbyte

Etter avslutta emne skal studenten:

  • kunne forklare grunnleggande omgrep og teoriar nytta i treningslære
  • kunne forklare særtrekka ved omgrepa uthald, styrke, spenst, hurtigheit, rørsleevne og mental trening
  • kunne forklare sentrale prinsipp og metodar for trening og treningsplanlegging
  • kunne forklare korleis fysiologiske og mentale prosessar påverkar idrettsleg prestasjonsevne
  • kunne forklare fysiologiske og psykologiske effektar av ulike treningsmetodar
  • kune vise og forklare treningsmetodar for uthald, styrke, spenst, hurtigheit og rørsleevne
  • kunne gjennomføre utvalde testar og bruke resultata i treningsplanlegging
Arbeidskrav

Minimum 80% oppmøte i grunntrening.

Sluttvurdering

ID3-125 Treningslære: Skriftleg individuell eksamen med gradert karakter (A - F), der F er ikkje bestått.
Eksamenstid: 5 timar

Pensum

1. Enoksen Eystein, Tønnessen Espen, Tjelta Leif (red) (2007): ”Styrketrening i individuelle idretter og ballspill”  Kristiansand:Høyskoleforlaget.(ISBN 978-82-7634-704-3)

2. Christian Frøyd, Ørjan Madsen, Rolf Sæterdal, Espen Tønnessen, Alexander R. Wisnes og Sigmund B. Aasen (red) (2005)”Utholdenhet - trening som gir > resultater” (ISBN 9788272861451)

3. Asbjørn Gjerset (red) (1992):”Idrettens treningslære” Gyldendal undervisning (ISBN 9788200033035)

4. Pensgård, Anne Marte og Even Hollingen (2006) "Idrettens mentale treningslære". Oslo: Gyldendal undervisning. 2.utg.

 5. Anbefalt litteratur: Dahl, H. A. & Rinvik, E. (2010): Menneskets funksjonelle anatomi: Med hovedvekt på bevegelsesapparatet. Oslo:  Cappelen akademisk forlag.  

 Totalt: 5 bøker + 1 anbefalt tillegslitteratur for fysiologi

Pensum sist oppdatert av
Studieleiar

Pensum sist oppdatert dato
03.08.2011

Godkjent av
Dekan ALI

Godkjent dato
vår 2008

Sist revidert av
Dekan ALI

Sist revidert dato
30.05.2011