ID3-124
Aktivitetslære
Practical themes
100% overlapp med ID3-104
obligatorisk emne i 1. år bachelor idrett
haust og vår
Dei praktiske timane blir lagt opp som konsentrerte emnekurs. I desse kursa vil det metodiske stå sentralt saman med utvikling av eigenferdigheit. Det blir undervist i følgjande emne: fotball, volleyball, basketball, basistrening, symjing med livberging og lokalbaserte aktivitetar
I timane vil det metodiske grunnlaget vere sentralt, saman med kunnskap, eigendugleik og mestring av sentrale rørslemønster.
Etter avslutta emne skal studenten:
- kunne delta i aktivitetane og kunne syne sentrale ferdigheiter i desse
- kunne forklare og bruke sentrale reglar og fagterminologi i aktivitetane
- kunne forklare, observere, analysere og vurdere tekniske, taktiske og didaktiske element i aktivitetane
- kunne utøve og arbeide sjølvstendig med aktivitetane
- kunne vise kunnskap og ferdigheit i høve planlegging, organisering, tilrettelegging og rettleiing på ulike dugleiksnivå
ID3-124-SV-SK: Aktivitetslære: Individuell skriftleg eksamen. Tid: 3 timar.
Vekting: 40%
ID3-124-SV-PE: Aktivitetslære: Individuell praktisk – metodisk
Vekting: 60%
Kvar eksamen blir vurdert med karakteren A-F. Dei to karakterane blir slått saman til ein karakter. Begge eksamenane må vera bestått. Dersom strykkarakter (F) på ein av eksamenane, treng berre den eine takast opp att.
1.Enoksen Eyestein (2007): ”Aktivitetslære” Gyldendal Undervisning ISBN:978-82-7634-704-3
2. Kompendier utdelt på studiestedet i mot depositum.
Studieleiar
03.08.2011
Dekan ALI
vår 2008
Dekan ALI