Studiehandbok 11/12 / Emne / AVDELING FOR INGENIØR- OG N... / BI4-300 Restaureringsøkologi  

BI4-300 Restaureringsøkologi

Kode
BI4-300

Norsk namn
Restaureringsøkologi

Engelsk namn
Restoration Ecology

Undervisningsspråk
Engelsk

Studiepoeng
20,00

Kategori
Obligatorisk emne i masterprogammet i Landskapsplanlegging

Semester
Haust

Forkunnskapar
  • Bachelorgrad eller gjennomført 3 års studium i landskaps-planlegging, landskapsingeniør eller landskapsarkitektur.
  • Bachelorgrad eller 3 års studium i biologi, geografi, skogbruk, naturforvaltning, arealplanlegging eller liknande kan også kvalifisere for opptak dersom studentane har grunnleggjande kunnskapar i botanikk.
  • Alle søkarar må tilfredsstille spesifikke engelskkunnskapar.
  • Sjå: http://www.hisf.no/en/home/application_and_admission/english_language_requirements
  • Norske studentar med generell studiekompetanse tifredsstiller dette.
  • Grunnleggjande kunnskapar i statistikk er ønskjeleg.
Innhald/oppbygging

Restaureringsøkologi gir den vitskapelege bakgrunnen og støtta for praktisk økologisk restaurering, og vil gi studentane viktig kunnskap for å kunne utføre eigna landskapsplanlegging. Teorien om restaurering av øydelagde / skada økosystem og gjenskaping av økosystem vil bli introdusert.

Det økologiske fundamentet til restaureringsøkologi vil bli presentert, inkludert romlege aspekt ved landskap, og dei ulike organisasjonsnivåa som vanlegvis vert studert (økosystem til populasjonar). Spesielt vil det bli fokusert på botaniske prosessar (f.eks. reproduksjon, frøøkologi, frøbank dynamikk) som er viktige for å forstå utfallet av restaureringseksperiment.

Det vert gitt ei innføring i dei metodane som er nødvendige for å planlegge og utføre ein vitskapleg undersøkelse for ei masteroppgåve, og ei innføring i dei mest aktuelle statistiske metodane. Ein viktig del av emnet er restaureringsperspektiv i utvalde økosystem (f.eks. seminaturlege enger, lyngheiar, myrar, vegkantar og alpine økosystem), inkludert utfordringane knytt til gjengroing. Dessutan vil klimaforandring og invasjonsartar bli berørt. Emnet avsluttar med å ta for seg utfordringane i framtida med tanke på praktisk økologisk restaurering.

Undervisnings- og læringsformer

Undervisningsspråket er engelsk og undervisningsmetodane omfattar forelesingar, seminar, studentpresentasjonar og ekskursjonar til utvalde økosystem for å demonstrere økologisk restaurering i praksis.

Kompetanse/læringsutbyte

Etter fullført emne skal studentane vere i stand til å:

  • nytte økologiske prinsipp i planleggingsprosessar.
  • bruke økologisk restaurering som eit verktøy for å forbetre kvaliteten av påverka system,
  • planlegge og utføre eigne vitskaplege studiar (e.g., for ei masteroppgåve) innan fagområdet.
Ekskursjonar

8 dagar til utvalde økosystem for å demonstrere økologisk restaurering i praksis.

Arbeidskrav

Godkjende munnlege studentpresentasjonar av utvalde tema for andre studentar og fagtilsette på engelsk.

Sluttvurdering

Skriftleg eksamen på engelsk, 6 timar, bokstavkarakter (A-F).

Pensum

Utvalde vitskaplege artiklar.

Med atterhald om endringar.

Pensum sist oppdatert av
Helge Hustveit

Pensum sist oppdatert dato
10.11.2011

Sist revidert av
Helge Hustveit

Sist revidert dato
10.11.2011