Kode
PE317
Norsk namn
Pedagogikk i førskulelærarutdanninga, del 3 og 4, deltid
Engelsk namn
Pedagogics in pre-school education, part 3 an d 4
Undervisningsspråk
Norsk
Studiepoeng
10,50
Fagleg overlapp
100% overlapp med PE316 Pedagogikk, F-heiltid
Kategori
Obligatorisk fag i den 4-årige deltids førskulelærarutdanninga. Rammeplan av 2003.
Dette er tredje og fjerde del av pedagogikkfaget på tilsaman 45 studiepoeng.
Semester
3. studieår, 5. semester og 4. studieår, 7.semester
Læringsmål
Gjennom studiet skal studentane bli fortrulege med dei ulike ansvarsområda innan yrkesfeltet. Det inneber å skaffe seg kunnskap om og erfaring med leiing av pedagogisk arbeid i barnehagen og det første året i grunnskulen. Førskulebarn skal vere i sentrum i det faglege arbeidet med studiet. Faget er profesjonsdannande og har ein samanbindande funksjon i utdanninga.
Innhald/oppbygging
Pedagogikk er eit mangesidig fag som omfattar mellom anna didaktikk, filosofi, psykologi og sosiologi. Pedagogikkfaget har eit overordna ansvar for heilskap og yrkesretting i førskulelærarutdanninga, og ei fagleg kopling til praksisopplæringa. Dei generelle måla i rammeplan for førskulelærarutdanning 2003 og studieplan er grunnlag for arbeidet med å konkretisere måla i dei ulike tema. Her vert det skissert fem kompetanseområde. Rammeplan for barnehagens innhald og oppgåver vert integrert i studiet. Eitt tema kan arbeidast med i fleire semester.
I rammeplan for førskulelærarutdanninga 2003, og i studieplan vert det skissert fem område:
- fagleg kompetanse
- didaktisk kompetanse
- sosial kompetanse
- endrings- og utviklingskompetanse
- yrkesetisk kompetanse
Desse områda for kompetanse er konkretisert i kompetansemål for studenten. Rammeplan for barnehagens innhald og oppgåver vert integrert i studiet.
5. semester: Samarbeid – Barn med særlege behov (3,5 stp)
Kompetansemål for studenten
- ha kunnskap om og innsikt i å møte barn i utsette livssituasjonar
- ha innsikt i samarbeidet mellom barnehagen og barnevernet
- ha kunnskap om foreldrerolla og vise evne til nært samarbeid og forståing
- kunne legge til rette for ein inkluderande barnehage for alle barn, kartlegge og setje i verk tiltak for barn med spesielle behov for hjelp og støtte og utvikle barnehagen som arena for førebyggjande barnevern
- kunne vurdere behovet for å innhente ekstern fagkompetanse og respektere informasjonsplikta og teieplikta - kunne opptre som talspersonar for barna og handle til beste for barn i nært samarbeid med foreldre/føresette
-kunne opptre som talspersoner for barna og handle til beste for barn i nært samarbeid med foreldre/føresette
7. semester: På veg til yrket (7 stp)
Kompetansemål for studenten:
- ha kunnskap om det fleirkulturelle Norge og barnehagearbeid - - - vise forståing for korleis barnehagen skal møte og legge til rette for barn med ulik kulturell bakgrunn - ha kunnskap om barnehagen som lærande organisasjon
- kunne reflektere over eiga framtidig leiarrolle og korleis eigne haldningar og handlingar kan påverke utviklinga, livskvaliteten og trivselen til det enkelte barn, personale og foreldre
- ha kunnskap og innsikt i å leie utviklings- og endringsprosessar
- ha eit fagleg og personleg grunnlag til å forstå si eiga rolle i eit arbeidsfellesskap
- ha kunnskap om og dugleik i pedagogisk rettleiing
- kunne analysere og gjere etiske vurderinger åleine og saman med andre
Undervisnings- og læringsformer
Fagstudiet er organisert med vekesamlingar, lokale studiegrupper og individuelt arbeid. Aktuelle arbeidsformer på samlingane er førelesingar, arbeid og øvingar i mindre grupper. Teoretiske og praktiske emne skal utfylle kvarandre. Teoretisk innsikt og eigenopplevd aktivitet skal danne grunnlag for studentane når dei sjølv skal planlegge, legge til rette, gjennomføre og vurdere pedagogisk arbeid med barn inne og ute. Varierte arbeidsformer med mellom anna studentaktive og problembaserte læringsformer vil bli nytta.
Mellom samlingane føreset vi aktiv bruk av studentgruppene og førelesingane vil i stor grad leggje til grunn at det vert arbeidd etter ein plan mellom samlingane. Arbeidsformene på samlingane, i lokale grupper og individuelt byggjer på at IKT vert nytta aktivt som kommunikasjons- og informasjonskanal og som læringsverktøy. IKT skal understøtte læringa og auke samhandlinga mellom studentane på felles- og gruppesamlingar, mellom enkeltstudentar, og mellom enkeltstudentar og faglærarar (informasjon, dialog og rettleiing). Internett må dessutan nyttast til å innhente relevant informasjon og kunnskap.
Sjå omtale av dei ulike tema i arbeidsplan for studiet.
Praksis
20 veker praksis integrert i fagstudiet. Sjå studieplan for utdanninga.
Arbeidskrav
- Det er obligatorisk frammøte til undervisninga
- Praksis, -førebuing og -etterarbeid
3. studieår, 5. semester
2 arbeidskrav. Eit individuelt og eit i gruppe
4. studieår. 7. semester
2 arbeidskrav. Eit individuelt og eit i gruppe
Sluttvurdering
3. studieår, haustsemester:
PE317 320 Pedagogikk: Barn med særlege behov , del 2 (3,5 stp)
Individuell heimeeksamen 3 dagar
Bokstavkarakter A-F
4. studieår: haustsemester:
PE317 500 Pedagogikk: På veg til yrket (7 stp)
Individuell skriftleg eksamen 6 t
Bokstavkarakter A-F
Pensum
Endeleg pensumlitteratur vil ligge føre innan oppmeldingsfristen for eksamen. For haustsemesteret er denne fristen 15. september og for vårsemesteret 15. februar. Delar av basislitteratur i første klasse og andre klasse skal nyttast vidare i 3. klasse.
Sist revidert av
Aud Marie Stundal
Sist revidert dato
28.05.09