Studiehandbok 10/11 / Emne / AVDELING FOR LÆRARUTDANNING... / Førskulelærarutdanninga / PE317 Pedagogikk i førskulelærarutdanninga, del 2, deltid  

PE317 Pedagogikk i førskulelærarutdanninga, del 2, deltid

Kode
PE317

Norsk namn
Pedagogikk i førskulelærarutdanninga, del 2, deltid

Engelsk namn
Pedagogics in pre-school education, part 2

Undervisningsspråk
Norsk

Studiepoeng
13,50

Fagleg overlapp
100% overlapp med PE316 Pedagogikk, F-heiltid

Kategori
Obligatorisk fag i den 4-årige deltids førskulelærarutdanninga. Rammeplan av 2003.

Dette er andre del av pedagogikkfaget på tilsaman 45 studiepoeng.


Semester
2. studieår: 3. og 4. semester

Læringsmål

Gjennom studiet skal studentane bli fortrulege med dei ulike ansvarsområda innan yrkesfeltet. Det inneber å skaffe seg kunnskap om og erfaring med leiing av pedagogisk arbeid i barnehagen og det første året i grunnskulen. Førskulebarn skal vere i sentrum i det faglege arbeidet med studiet. Faget er profesjonsdannande og har ein samanbindande funksjon i utdanninga.

Innhald/oppbygging

Pedagogikk er eit mangesidig fag som omfattar mellom anna didaktikk, filosofi, psykologi og sosiologi. Pedagogikkfaget har eit overordna ansvar for heilskap og yrkesretting i førskulelærarutdanninga, og ei fagleg kopling til praksisopplæringa. Dei generelle måla i rammeplan for førskulelærarutdanning 2003 og studieplan er grunnlag for arbeidet med å konkretisere måla i dei ulike tema. Her vert det skissert fem kompetanseområder.Rammeplan for barnehagens innhald og oppgåver vert integrert i studiet. Eitt tema kan arbeidast med i fleire semester.

I rammeplan for førskulelærarutdanninga 2003, og i studieplan vert det skissert fem område:
- fagleg kompetanse
- didaktisk kompetanse
- sosial kompetanse
- endrings- og utviklingskompetanse
- yrkesetisk kompetanse

Desse områda for kompetanse er konkretisert i kompetansemål for studenten. Rammeplan for barnehagens innhald og oppgåver vert integrert i studiet.

3. semester: Det leikande og skapande menneske
Kompetansemål for studenten
- ha innsikt i korleis dei vaksne kan støtte, utfordre og inspirere det individuelle barnet til fantasi, skaparglede og livsutfalding
- ha kunnskap og vise evne til didaktisk arbeid gjennom å planlegge, gjennomføre og vurdere med utgangspunkt i R06.

- få kunnskap om og innsikt i kommunikasjon og samspelsprosessar i student- og personalgrupper

- ha forståing for formelle og uformelle læringssituasjoner.

3. og 4. semester: Samarbeid - Barn med særlege behov
Kompetansemål for studenten
- vidareutvikle kunnskap om didaktisk arbeid, planleggings- og målsettingsprosessar i barnehage
- ha kunnskap om og innsikt i å leie og motivere ei personalgruppe
- vidareutvikle innsikt i kommunikasjon og kommunikasjonsferdigheiter
- ha kunnskap om foreldrerolla og vise evne til nært samarbeid og forståing med foreldre
- vise forståing for korleis barnehagen skal møte og legge til rette for barn med minoritetsbakgrunn
-ha kunnskap om barn i krise
- kunne legge til rette for ein inkluderande barnehage for alle barn, kartlegge og setje i verk tiltak for barn med spesielle behov for hjelp og støtte og utvikle barnehagen som arena for førebyggjande barnevern

Undervisnings- og læringsformer

Fagstudiet er organisert med vekesamlingar, lokale studiegrupper og individuelt arbeid. Aktuelle arbeidsformer på samlingane er førelesingar, arbeid og øvingar i mindre grupper. Teoretiske og praktiske emne skal utfylle kvarandre. Teoretisk innsikt og eigenopplevd aktivitet skal danne grunnlag for studentane når dei sjølv skal planlegge, legge til rette, gjennomføre og vurdere pedagogisk arbeid med barn inne og ute. Varierte arbeidsformer med mellom anna studentaktive og problembaserte læringsformer vil bli nytta.

Mellom samlingane føreset vi aktiv bruk av studentgruppene og førelesingane vil i stor grad leggje til grunn at det vert arbeidd etter ein plan mellom samlingane. Arbeidsformene på samlingane, i lokale grupper og individuelt byggjer på at IKT vert nytta aktivt som kommunikasjons- og informasjonskanal og som læringsverktøy. IKT skal understøtte læringa og auke samhandlinga mellom studentane på felles- og gruppesamlingar, mellom enkeltstudentar, og mellom enkeltstudentar og faglærarar (informasjon, dialog og rettleiing). Internett må dessutan nyttast til å innhente relevant informasjon og kunnskap.

Sjå omtale av dei ulike tema i arbeidsplan for studiet.

Praksis

20 veker praksis integrert i fagstudiet. Sjå studieplan for utdanninga.

Arbeidskrav

- Det er obligatorisk frammøte til undervisninga
- Praksis, -førebuing og -etterarbeid

Mappeinnlevering
- Tre (3) mappetekstar: individuelle og i gruppe

Sluttvurdering

2. studieår, haustsemester: Det leikande og skapande menneske, del 2 (6 sp)
PE317 400 Pedagogikk: Mappe: to arbeid (eit sjølvvalt og eit valt av faglærar)

2.studieår, vårsemester: Samarbeid - Barn med særlege behov, del 1 (7.5 sp)
PE317 310 Pedagogikk,: Skriftleg, individuell, praksisretta prosjektrapport

HSFOppdrag/betalingsemne:
PE318 300 Pedagogikk, 7,5 sp: Skriftleg, individuell, praksisretta prosjektrapport

Pensum

Førebels pensumlitteratur vil ligge føre ved studiestart. For haustsemesteret er denne fristen 15. september og for vårsemesteret 15. februar. Delar av basislitteratur i første klasse skal nyttast vidare i 2. klasse.

Godkjent av
Studieutvalet

Godkjent dato
16.05.07

Sist revidert av
Dekan ALI

Sist revidert dato
29.05.08