Kode
PE317
Norsk namn
Pedagogikk i førskulelærarutdanninga, del 1, deltid
Engelsk namn
Pedagogics in pre-school education, part 1
Undervisningsspråk
Norsk
Studiepoeng
18,00
Fagleg overlapp
100% overlapp med PE316 Pedagogikk, F-heiltid
Kategori
Obligatorisk fag i den 4-årige deltids førskulelærarutdanninga. Rammeplan av 2003.
Semester
1. studieår: 18 studiepoeng (10+8), 1. og 2. semester
Dette er første del av pedagogikkfaget på tilsaman 45 studiepoeng. Denne emneplanen dekkjer 18 studiepoeng, som er sett saman av 10+ 8 studiepoeng jamfør arbeidskrav og sluttvurdering.
Læringsmål
Gjennom studiet skal studentane bli fortrulege med dei ulike ansvarsområda innan yrkesfeltet. Det inneber å skaffe seg kunnskap om og erfaring med leiing av pedagogisk arbeid i barnehagen og det første året i grunnskulen. Førskulebarn skal vere i sentrum i det faglege arbeidet med studiet. Faget er profesjonsdannande og har ein samanbindande funksjon i utdanninga.
Innhald/oppbygging
Pedagogikk er eit mangesidig fag som omfattar mellom anna didaktikk, filosofi, psykologi og sosiologi. Pedagogikkfaget har eit overordna ansvar for heilskap og yrkesretting i førskulelærarutdanninga, og ei fagleg kopling til praksisopplæringa. Dei generelle måla i rammeplan for førskulelærarutdanning 2003 og studieplan er grunnlag for arbeidet med å konkretisere måla i dei ulike tema. Her vert det skissert fem kompetanseområder.Rammeplan for barnehagens innhald og oppgåver vert integrert i studiet. Eitt tema kan arbeidast med i fleire semester.
I rammeplan for førskulelærarutdanninga 2003, og i studieplan vert det skissert fem område:
- fagleg kompetanse
- didaktisk kompetanse
- sosial kompetanse
- endrings- og utviklingskompetanse
- yrkesetisk kompetanse
Desse områda for kompetanse er konkretisert i kompetansemål for studenten. Rammeplan for barnehagens innhald og oppgåver vert integrert i studiet.
1. semester: Barn, barndom og barnehage (10 sp)
Kompetansemål for studenten
– ha innsikt i røtene og den vitskaplege basisen til pedagogikkfaget og få innsikt i kva som ligg i begrepa teoribasert- erfaringsbasert og verdibasert kunnskap
- ha kunnskap om barnehagen sin historie og utvikling, og sjå barnehagen i eit oppvekstperspektiv for jenter og gutar
- ha innsikt i barnehagen som læringsarena, medverknad og barna som medkonstuktørar
- kunne reflektere over eige syn på barn og barndom, og ha forståing for korleis ulike element i ein utviklings- lærings- og samspelsprosess påverkar kvarandre
- ha kunnskap om og innsikt i sosialisering og identitetskonstruksjon
- ha kunnskap om å planlegge, gjennomføre og vurdere med utgangspunkt i Rammeplan for barnehagen
2. semester: Det leikande og skapande menneske ( 8 sp)
- ha kunnskap om og innsikt i kva betydning leiken har for barnet
- sjå samanheng mellom omsorg, leik og læring, og kunne legge til rette for ein inkluderande barnehage for alle barn
- ha innsikt i korleis dei vaksne kan støtte, utfordre og inspirere det individuelle barnet til fantasi, skaparglede og livsutfalding
- ha evne til innleving, respekt og toleranse for barna sin identitet, og vere lydhøyre for kroppsleg og verbal kommunikasjon hos små barn
- ha kunnskap om korleis barn utviklar og opplever meistring i eit sosialt fellesskap og utvikle eiga sosiale kompetanse
- ha forståinga av formelle og uformelle læringssituasjonar
- få kunnskap om og innsikt i kommunikasjon og samspelsprosessar i student- og personalgrupper
Undervisnings- og læringsformer
Fagstudiet er organisert med vekesamlingar, lokale studiegrupper og individuelt arbeid. Aktuelle arbeidsformer på samlingane er førelesingar, arbeid og øvingar i mindre grupper. Teoretiske og praktiske emne skal utfylle kvarandre. Teoretisk innsikt og eigenopplevd aktivitet skal danne grunnlag for studentane når dei sjølv skal planlegge, legge til rette, gjennomføre og vurdere pedagogisk arbeid med barn inne og ute. Varierte arbeidsformer med mellom anna studentaktive og problembaserte læringsformer vil bli nytta.
Mellom samlingane føreset vi aktiv bruk av studentgruppene og førelesingane vil i stor grad leggje til grunn at det vert arbeidd etter ein plan mellom samlingane. Arbeidsformene på samlingane, i lokale grupper og individuelt byggjer på at IKT vert nytta aktivt som kommunikasjons- og informasjonskanal og som læringsverktøy. IKT skal understøtte læringa og auke samhandlinga mellom studentane på felles- og gruppesamlingar, mellom enkeltstudentar, og mellom enkeltstudentar og faglærarar (informasjon, dialog og rettleiing). Internett må dessutan nyttast til å innhente relevant informasjon og kunnskap.
Sjå omtale av dei ulike tema i arbeidsplan for studiet.
Praksis
20 veker praksis integrert i fagstudiet. Sjå studieplan for utdanninga.
Arbeidskrav
- Det er obligatorisk frammøte til samlingane
- Praksis, -førebuing og -etterarbeid
- Greidd praksis
1. semester
- refleksjonslogg knytt til oppstartsperioden ( pedagogikk, drama, fys. fos)
- Individuelle- og gruppeoppgåver (del av mappe)
2. semester
- tverrfagleg arbeid: Leik og bevegelse (pedagogikk og fysisk fostring)
- individuell semesteroppgåve
- individuelle og gruppeoppgåver (del av mappe)
- refleksjonsnotat frå praksis
Sluttvurdering
1.studieår, haustsemester. Barn, barndom og barnehage (10 sp)
PE317 100 Pedagogikk: Mappe: To arbeid (eit sjølvvalt og eit valt av faglærar)
1.studieår, vårsemester. Det leikande og skapande menneske, del 1 (8 sp)
PE317 201 Pedagogikk: Mappe: To arbeid (eit sjølvvalt og eit valt av faglærar)
Vekting 60 %
PE317 202 Pedagogikk : Skriftleg, individuell eksamen
Tid: 5 timar
Vekting: 40 %
Pensum
Førebels pensumlitteratur vil ligge føre ved studiestart. I tillegg til fastlagd pensum, skal studentane kvart år legge opp eit visst tal sider med sjølvvalt pensumlitteratur. Desse sidene skal godkjennast av faglærar. Endeleg litteraturliste skal ligge føre innan oppmeldingsfrist til eksamen. For haustsemesteret er denne fristen 15. september og for vårsemesteret 15. februar.
Basislitteratur i første klasse:
Askland, Leif (2006) Kontakt med barn Gyldendal akademiske
Askland, Leif og Sataøen, Svein Ole (2000) Å høyre til Gyldendal
Skram, Dag (2007) Leik og læring i samspel Det Norske Samlaget
Rammeplan for barnehagen 2006
Pensum sist oppdatert av
Studieleiar
Pensum sist oppdatert dato
29.05.08
Godkjent av
Studieutvalet
Godkjent dato
16.05.07
Sist revidert av
Dekan ALI
Sist revidert dato
29.05.08