FP334 900 Samfunnsfag

Kode
FP334 900

Norsk namn
Samfunnsfag

Engelsk namn
Social science

Undervisningsspråk
Norsk

Studiepoeng
13,00

Fagleg overlapp
100% overlapp med FP333 900 Samfunnsfag, F-heiltid

Kategori
Obligatorisk fag i den 3-årige førskulelærarutdanninga

Semester
6. og 7. semester

Læringsmål

Gjennom samfunnsfag skal studentane bli i stand til å analysere barn sin oppvekst i ein samfunnsmessig samanheng. Dei skal kunne ivareta samfunnsfaglege perspektiv i barnehagen og dei skal kvalifisere seg for den profesjonelle yrkesrolla som førskulelærar.

Innhald/oppbygging
  • Oppvekst/ familie
  • Kjønn
  • Organisasjonsteori/Organisasjonskultur
  • Leiing
  • Politikk/lovverk
  • Kultur/innvandring
  • Førskulelærarprofesjonen i samfunnet
Undervisnings- og læringsformer

Teoretiske og praktiske emne skal utfylle kvarandre. Teoretisk innsikt og eigenopplevd aktivitet skal danne grunnlag for studentane når dei sjølv skal planlegge, legge til rette, gjennomføre og vurdere samfunnsfaglege emne for barn. Tverrfagleg arbeid ligg til tema, og delar av undervisninga er fagundervisning som støtte for arbeid i temaet.

 Studentane møter ulike arbeidsformer i studiet. Døme på arbeidsformer som vert nytta er mellom anna, førelesning, diskusjonar, gruppearbeid, individuelle arbeid, prosjektarbeid, IKT med meir.

Kompetanse/læringsutbyte

Studenten:

  • har kunnskap om førskulelæraren si profesjonelle rolle i høve til barna sine foreldre, barnehageeigar, samarbeidspartar utanfor barnehagen og til nærmiljøet
  • har kunnskap om aktuelt lovverk, om teieplikt og personvern og om det juridiske grunnlaget for førebyggande barnevern
  • utvikla kritisk og etisk vurdering av nettbaserte ressursar
  • har eit profesjonelt grunnlag for å kunne arbeide tverretatleg i barnehagen
  • har kunnskap om FN sin konvensjon om menneskerettar og barnekonvensjon
  • har innsikt og kunnskap om ulike kulturar
  • har kunnskap om innvandring, minoritetar og den fleirkulturelle barnehagen
  • har kunnskap om ulike familieformer og ulikskap i barn sine oppvekstvilkår i historisk tid, nåtid og framtidsperspektiv
  • har kunnskap om familiepolitikk og velferdsstat
  • kan analysere barn sin oppvekst i ein samfunnsmessig samanheng
  • har kunnskap om barnehagen i det politisk-administrative system
  • kan reflektert over omgrep som kjønnsskilnader, likestilling og sosial ulikskap
  • har kunnskap om organisasjonsteori og organisasjonskultur
  • har kompetanse i ulike leiaroppgåver
  • har kompetanse til å gjennomføre små prosjekt og utvikle barnehagen
  • kan sjå og bruke media kritisk
Praksis

20 veker praksis integrert i fagstudiet over tre studie år. Sjå studieplan for utdanninga.

Arbeidskrav

Det er obligatorisk oppmøte til delar av undervisninga. Kva delar dette gjeld skal gå fram av semester/undervisningsplan.
- Oppgåver knytt til praksis
- Aktiv deltaking i prosjektarbeid m/rapport
- Munnleg framlegg av dagsaktuelt tema
- ASF/ALI-samarbeid

Sluttvurdering

FP334 900 Samfunnsfag 13 sp

3. studieår
FP334 901 Samfunnsfag: Skriftleg rapport frå prosjektarbeid i gruppe.
Vekting: 40%

4. studieår
FP334 902 Samfunnsfag: Munnleg, individuell eksamen med spørsmål frå pensum.
Vekting: 60%

Bokstavkarakter A-F

Pensum

Førebels pensumlitteratur:
Larsen. A. K. og Slåtten, M. V. (2006): En bok om oppvekst : samfunnsfag for førskolelærerer. Bergen: Fagbokforlaget.

Endeleg litteraturliste skal ligge føre innan oppmeldingsfristen til eksamen. For haustsemesteret er denne fristen 15.september og for vårsemesteret 15.februar

Pensum sist oppdatert av
Studieleiar

Pensum sist oppdatert dato
29.05.08

Godkjent av
Studieutvalet

Godkjent dato
16.05.07

Sist revidert av
Dekan ALI

Sist revidert dato
30.04.2010