FP334 700
Norwegian for pre-school education
100% overlapp med FP333 700 Norsk, F-heiltid
Obligatorisk emne i bachelorstudium førskulelærar
2.studieår, 3. og 4.semester
Tema: Språk, utvikling og kommunikasjon (5,5 sp)
Småbarnsalderen er den grunnleggende perioden for utvikling av språk (Rammeplan for barnehagen 2006: 29)
Emnet omfattar:
- Den munnlege og skriftlege språkutviklinga hos barn og korleis stimulere denne utviklinga
- Språkvanskar og tospråkleg utvikling
- Munnleg framstilling
- Skriving av sakprega tekstar for vaksne
Tema: Barn og kultur (5,5 sp)
Tekst omfatter både skriftlige og muntlige fortellinger, poesi, rim, regler og sanger. Viktige sider ved kulturoverføringen er knyttet til kommunikasjon, språk og tekst (Rammeplan for barnehagen 2006:34)
Emnet omfattar:
- Kulturformidling i barnehagen
- Munnlege overleverte tekstar for barn
- Barnelitteratur
Førelesning, diskusjon, gruppearbeid, oppgåver i praksis og skriftlege oppgåver med rettleiing. Teoretiske og praktiske emne skal utfylle kvarandre. Teoretisk innsikt og eigenopplevd aktivitet skal danne grunnlag for studentane når dei sjølv skal planlegge, legge til rette, gjennomføre og vurdere norsk-emne for barn. Tverrfagleg arbeid ligg til tema, og delar av undervisninga er fagundervisning som støtte for arbeid i temaet. Varierte arbeidsformer med mellom anna studentaktive og problembaserte læringsformer vil bli nytta. IKT vil inngå som ein naturleg del av studiet.
Studenten skal:
- ha kunnskap om korleis barn utviklar språket og kunne stimulere talespråksutvikling
- ha kunnskap om korleis stimulere skriftspråksutvikling i barnehagen
- kunne reflektere over barnekultur, og utvikle seg som kulturformidlare
- ha kunnskap om munnleg kommunikasjon med foreldre, kollegaer og offentlege samarbeidspartnarar
- ha innsikt i korleis barn lærer norsk som andrespråk
20 veker obligatorisk praksis integrert i fagstudiet over tre studieår. Sjå studieplan for utdanninga.
- Det er obligatorisk oppmøte til undervisninga
- Logg
- Gruppearbeid
- Akademisk skrivekurs
- Arbeid knytt til praksis
2. studieår: Vårsemesteret
FP333 701 Norsk: Mappevurdering: To individuelle tekstar, den eine skal vere på nynorsk og den andre på bokmål. Mappa skal innehalde eit refleksjonsnotat om utviklinga av tekstane.
Vekting: 60%
FP333 702 Norsk: Individuell skriftleg eksamen, trekt målform
Tid: 5 timar
Vekting 40%
Grunnpensum:
Grunnlagslitteratur er: Rammeplan for barnehagen 2006 og Temahefte om språklig og kulturelt mangfold
Valvatne, H. & Sandvik, M. (2007): Barn, språk og kultur : språkutvikling fram til sjuårsalderen. Oslo: Cappelen.
Mjør, I., Birkeland, T. & Risa, G. (2006): Barnelitteratur : sjangrar og teksttypar. Oslo: Cappelen.
Kompendium av fagartiklar
Studieleiar
29.05.08
Studieutvalet
16.05.07
Dekan ALI