FP334 600 Naturfag med miljølære

Kode
FP334 600

Norsk namn
Naturfag med miljølære

Undervisningsspråk
Norsk

Studiepoeng
13,00

Fagleg overlapp
100% overlapp med FP333 600 Naturfag med miljølære, F-heiltid

Kategori
Obligatorisk fag i den 3-årige førskulelærarutdanninga. Rammeplan av 2003.

Semester
2. studieår, 3. og 4. semester

Læringsmål

Studentane skal skaffe seg føresetnader for å utvikle eit barnehagemiljø som stimulerer barna si nysgjerrigheit, oppdagarglede og naturglede, og som støttar omgrepsutviklinga og den emosjonelle og intellektuelle utviklinga hjå barna.

Innhald/oppbygging

3. semester (7,5 sp)
- Dei vanlegaste plantene og dyra i nærområdet, samspelet i naturen og tilpassingar til årstidene
- Menneske sitt syn på naturen og miljøet før og no
- Forteljingar og myter frå forskjellige kulturar om naturfaglege tema, bruk av ulike naturmateriale i leik
- Vurdering og bruk av ulike uteområde med tanke på naturopplevingar, leik og læring for barn på ulike alderstrinn og med ulike føresetnader

- Leik og læring inne og ute med basis i tema vatn og luft. Klima og klimaforandringar.

4. semester (5,5 sp)
- Vårt fysiske verdsbilde, årstidsvariasjonar og astronomi
- Leik og læring inne og ute med basis i tema vatn, luft, lys, lyd, teknikk. Teknologi og barn
- Utvikling av læringsmiljø som fremjar barna si nysgjerrigheit, oppdagarglede og omgrepsutvikling
- Naturfaglege tema sett i eit historisk og fleirkulturelt perspektiv, tilpassa barnehagen - Menneskekroppen, kosthald og ernæring. Miljølære.

- Menneskekroppen, kosthald og ernæring. Miljølære. Vår i skogen.

Undervisnings- og læringsformer

Studiet er organisert med vekesamlingar i Sogndal og Asker og studiegrupper lokalt. Arbeidsformer på samlingane er førelesingar, studentaktive- og problembasertelæringsformer med arbeid individuelt og i grupper. Teoretiske og praktiske emne skal utfylle kvarandre. Teoretisk innsikt og eigenopplevd aktivitet skal danne grunnlag for studentane når dei sjølv skal planlegge,legge til rette, gjennomføre og vurdere naturfaglege emne for barn. Tverrfagleg arbeid ligg til tema, og delar av undervisninga er fagundervisning som støtte for arbeid i temaet. Varierte arbeidsformer, der mellom anna studentaktive og problembaserte læringsformer, vil bli nytta. IKT vil inngå som ein naturleg del av studiet.

Praksis

20 veker praksis integrert i fagstudiet over tre studieår. Sjå studieplan for utdanninga.

Ekskursjonar

Utferder til kulturlandskap og skog. Eventuelle kostnader knytt til dette må dekkast av den einskilde studenten.

Arbeidskrav

- Det er obligatorisk oppmøte til undervisninga.
- Oppgåver og skriftleg arbeid knytt til praksis
- Studieutferder, elevøvingar og individuell objektsamling med tverrfagleg omtale.

Sluttvurdering

Haustsemesteret, 7,5 studiepoeng
FP334 610 Naturfag, del 1 : Individuell, skriftleg mappe
FP 336 620 Naturfag, del 1: Individuell, skriftleg mappe (HSF Oppdrag/betalingsemne)

Vårsemesteret, 5.5 studiepoeng
FP334 620 Naturfag, del 2 : Individuell, skriftleg eksamen.
Tid: 4 timar

Pensum

Førebels pensumliste vil ligge føre ved studiestart. I tillegg til fastlagd pensum, skal studentane kvart år legge opp eit visst tal sider med sjølvvalt pensumlitteratur. Desse sidene skal godkjennast av faglærar. Endeleg litteraturliste skal ligge føre innan oppmeldingsfrist til eksamen. For haustsemesteret er denne fristen 15. september og for vårsemesteret 15. februar.

Pensum sist oppdatert av
Studieleiar

Pensum sist oppdatert dato
29.05.08

Godkjent av
Studieutvalet

Godkjent dato
16.05.07

Sist revidert av
Dekan ALI

Sist revidert dato
29.05.08