FP334 500
Music for pre-school education
100% overlapp med FP333 500 Musikk, F-heiltid
Obligatorisk fag i den 4–årige deltids førskulelærarutdanninga. Rammeplan av 2003.
1. studieår, 1. og 2. semester
Studentane skal
- tileigne seg kunnskap om musikalsk utvikling og uttrykk hos barn
- auke eigen fagleg- og didaktisk kompetanse i musikk
Teoretiske og praktiske emne skal utfylle kvarandre. Teoretisk innsikt og eigenopplevd aktivitet skal danne grunnlag for studentane når dei sjølve skal planlegge, legge til rette, gjennomføre og vurdere musikkfaglege emne for barn. Varierte arbeidsformer, der mellom anna studentaktive og problembaserte læringsformer vil bli nytta. IKT vil inngå som ein naturleg del av studiet.
20 veker praksis integrert i fagstudiet. Sjå studieplan for utdanninga.
- Det er obligatorisk frammøte til samlingane
- Individuelle- og gruppeoppgåver
- Individuell prøve i gitarspel
- Eit skriftleg og praktisk gruppearbeid i komponering
1. studieår, vårsemester: 7.5 studiepoeng
FP 334 500 musikk: Mappe
- Individuell samling av aktivitetar med vekt på lytting, skapande arbeid, song og spel
- Individuell, munnleg: praktisk leiing av eit utval aktivitetar frå mappa
Pensumlitteratur i musikk:
Ese, Kirsti (2007): Av glede lager vi musikk. Oslo: Norsk Musikforlag.
Holen, Astrid (2004): Den store barnesangboka. Oslo: Aschehoug.
Lie, Jorunn B. (1998): Grip musikken. Oslo: Universitetsforlaget.
Oltedal, Elizabeth (2006): ”Ei verd av musikk – også i barnehagen?”, artikkel i Befring, Edvard og Synneva Helland: Barnehagepedagogikk. Oslo: Samlaget.
I tillegg til fastlagd pensum, skal studentane kvart år legge opp eit visst tal sider med sjølvvalt pensumlitteratur. Desse sidene skal godkjennast av faglærar. Endeleg litteraturliste skal ligge føre innan oppmeldingsfristen til eksamen. For haustsemesteret er denne fristen 15. september og for vårsemesteret 15. februar.
Studieleiar
29.05.08
Studieutvalet
16.05.07
Dekan ALI