FP334 050 Begynnaropplæring

Kode
FP334 050

Norsk namn
Begynnaropplæring

Undervisningsspråk
Norsk

Studiepoeng
10,00

Fagleg overlapp
100% overlapp med FP333 050 Begynnaropplæring, F-heiltid

Kategori
Obligatorisk emne i bachelorstudium førskule

Semester
3.studieår, 6.semester

Innhald/oppbygging

Gjennom studiet skal studentane få ei innføring i korleis ein arbeidar det fyrste året i grunnskulen. Det inneber å skaffe seg kunnskap om og erfaring med lærarrolla i første klasse. Det er begynnaropplæring i faga norsk og matematikk som er i sentrum i det faglege arbeidet. Kunnskap om fyrste klasse er viktig for samarbeidet i overgangen mellom barnehage og skule.

Undervisnings- og læringsformer

Teoretiske og praktiske emne skal utfylle kvarandre. Teoretisk innsikt og eigenopplevd aktivitet skal danne grunnlag for studentane når dei sjølv skal planlegge, legge til rette, gjennomføre og vurdere undervisninga. Tverrfagleg arbeid ligg til tema, og delar av undervisninga er fagundervisning som støtte for arbeid i temaet. Varierte arbeidsformer med mellom anna studentaktive og problembaserte læringsformer vil bli nytta. IKT vil inngå som ein naturleg del av studiet.

Kompetanse/læringsutbyte

Studenten :

- har kunnskap om og innsikt i skulen som pedagogisk institusjon

- har forståing for lærarrolla og elevrolla på småskulesteget

- kan planlegge, gjennomføre og vurdere begynnaropplæring i norsk og matematikk i det første året i grunnskulen

- har erfaring med ulike undervisnings- og læringsformer på fyrste årstrinn i grunnskulen

- har kunnskap om og kan reflektere over leik, læring og undervisning med vekt på faga norsk og matematikk

- har kunnskap om omgrepsopplæring

- har kunnskap om tilpassa opplæring i skulen

- har kunnskap om korleis tilpasse opplæringa til fleirspråklege barn i høve lese– og skriveopplæringa

- kan vurdere tekstar og læremiddel i matematikk og norsk for fyrste klasse

- kan leggje til rette for ei god overgong mellom barnehage og skule

Praksis

To veker grunnskulepraksis, samt ein dag besøk på skulen

Arbeidskrav

Obligatorisk oppmøte til undervisninga.

Eitt av arbeidskrava er eit tverrfagleg praksisprosjekt i lese-, skrive- og matematikkopplæring med refleksjonslogg knytt til leik, læring og tilpassa opplæring.

Sluttvurdering

FP334 050 Begynnaropplæring: Munnleg eksamen i gruppe knytt til det tverrfaglege praksisprosjektet i lese-, skrive- og matematikkopplæring

Bokstavkarakter A-F

Pensum

Grunnlagslitteratur: Kunnskapsløftet 2006 og Rammeplan for barnehage 2006

Fridlid, M.E. & H. Traavik (2006): Boka om GLSM : grunnleggende lese-, skrive- og matematikkopplæring. Oslo: Universitetsforlaget.

Skram, D. (2007): Leik og læring i samspel : pedagogisk arbeid i småskulen. Oslo: Samlaget. Kap. 4-7

ØisteinBjørnestad. Litt om tall og rekning med tall

Solem I. H. og E. K. L. Reikerås (2008): Det matematiske barnet. [Landås]: Caspar forlag.

Eit utval fagartiklar og støtteark

Pensum sist oppdatert av
Studieleiar

Pensum sist oppdatert dato
29.05.08

Godkjent av
Studieutvalet

Godkjent dato
16.05.07

Sist revidert av
Dekan ALI

Sist revidert dato
29.05.08