Studiehandbok 09/10 / Studium / AVDELING FOR SAMFUNNSFAG / Bachelorstudium / Vernepleie, bachelorstudium - deltid v10  

Vernepleie, bachelorstudium - deltid v10

Skriv ut Utskrift med emner
Norsk namn
Vernepleie, bachelorstudium - deltid v10

Engelsk namn
Social educator

Undervisningsspråk
Norsk

Studiepoeng
180

Organisering
Deltid med oppstart i januar 2010. Studiet er organisert med vekesamlingar med seks samlingar i vårsemestera og fire samlingar i haustsemestera.

Organisering 2
På studiestaden (Sogndal, Førde, Sandane) / On Campus

Normert studietid
4 år

Innleiing

RAMMEPLAN
Studieplanen for vernepleiarutdanninga er regulert av Rammeplan og Forskrift, fastsett av Utdannings- og forskningsdepartementet 1. desember 2005. Rammeplanen er nasjonal og skal vere retningsgjevande for høgskulane si tilrettelegging av studia. I rammeplanen er det ein generell del og ein studiespesifikk del. Den generelle delen er felles for fleire utdanningar i helse- og sosialfag. Denne delen utgjer 30 studiepoeng. I tillegg er 30 studiepoeng felles for barnevernpedagog-, sosionom- og vernepleieutdanningane. Dei tre utdanningane ved Avdeling for samfunnsfag har om lag 60 studiepoeng felles.

Formålet med vernepleieutdanninga er å utdanne brukarorienterte og reflekterte yrkesutøvarar som er kvalifisert for å utføre miljøarbeid, habiliterings- og rehabiliteringsarbeid saman med menneske med samansette hjelpebehov. Det er eit overordna mål at vernepleieutdanninga bidreg til å utvikle studentane sine evne til å forstå enkeltmenneske sine ynskjer og behov. Vernepleiaren skal innanfor ramma av den generelle velferdsutviklinga, bidra til å fremje gode levekår og høg livskvalitet for menneske med funksjonsvanskar. Menneske med psykisk utviklingshemming vil være ei sentral målgruppe innan vernepleiefaglig arbeid. Gjennom utdanninga skal studentane tilegne seg kunnskapar, haldningar og ferdigheiter som fremjar samarbeid med funksjonshemma, pårørande, personell og andre samarbeidspartar.

FELLES INNHALDSDEL
Bachelorstudia i barnevern, sosialt arbeid og vernepleie ved Høgskulen i Sogn og Fjordane har omlag 60 studiepoeng felles. Denne delen skal medverke til å danne sams haldningar og ferdigheiter, samt å gi forståing for felles referanseramme og for fleirfagleg samarbeid i yrkesutøvinga. Ifølgje rammeplanane skal denne innhaldsdelen medverke til å utdanne yrkesutøvarar som:

- har kunnskap om andre yrkesgrupper, og som kan vurdere eigen og andre sin kompetanse i konkrete samarbeidssituasjonar.
- har evne til å reflektere over og grunngje arbeidet sitt i forhold til overordna faglege og etiske perspektiv, og som kan sjå eiga yrkesrolle i eit kritisk lys
- tek medansvar for tilbakemelding til faglege og politiske styresmakter om årsaker til hjelpebehov, og om verknader av tiltak og uheldige samfunnsforhold.

VERDIAR
Menneskerettane står sentralt i helse- og sosialfaga. Utdanningane har felles verdigrunnlag der prinsipp som respekt for mennesket sitt eigenverd og solidaritet med svakstile grupper står sentralt.

MÅLSETJING
Helse- og sosialfagsutdanningane har som overordna mål å utdanne reflekterte yrkesutøvarar som set mennesket i sentrum, og som kan planleggje, organisere og gjennomføre tiltak i samarbeid med brukarar og andre tenesteytarar.

SKIKKAVURDERING
Studentar ved barnevern-, sosionom- og vernepleiarstudia er omfatta av Forskrift om skikkethetsvurdering i høyere utdanning, fastsatt av Kunnskapsdepartementet 30.juni 2006.

STUDIESPESIFIKK DEL FOR VERNEPLEIEUTDANNINGA

Målgruppe

Målgruppa for studiet er personar som ynskjer å arbeide systematisk med tilrettelegging for og opplæring av personar med samansette funksjonsvanskar. Dei må vere opptatt av å lære om opplæring og utviklingstiltak som aukar brukarar sin kompetanse.

Utdanninga kvalifiserer for varierte oppgåver innan helse- og sosialsektoren. Vernepleiaren arbeider tett saman med brukarar og pårørande, samstundes som rolla som pådrivar overfor offentlege etatar og styresmakter er viktig å ivareta. Vernepleiaren har spesiell kompetanse om menneske med psykisk utviklingshemming.

Opptakskrav

Opptak skjer på grunnlag av generell studiekompetanse eller realkompetanse etter vurdering.

Det blir stilt krav om at alle emne kvart studieår skal vere greidd før ein kan gå vidare på neste studieår. I tillegg skal enkelte emne vere greidd før ein tek til med praksis og dei avsluttande emna i vårsemesteret tredje året. Emneomtalen gjev nærmare beskriving av forkunnskapar.

Innhald / oppbygging

Utdanninga byggjer på kunnskap frå mange fagområde og det er eit sentralt mål gjennom studiet å kunne integrere teori og kunnskap frå dei ulike faga med praksiskunnskapar. Studiet er bygd opp av ni emne som reflekterer progresjonen i studiet. Ein føreset at studentane tek med seg og kan anvende kunnskapar frå tidlegare emne gjennom heile studiet. Dei enkelte emna vert omtalt i eigne emnebeskrivingar som gjer nærmare beskriving av læringsutbytte, litteratur, arbeidskrav, ferdigheitstrening, undervisningsformer og sluttvurdering

Deltidsutdanninga er organisert i samlingar der studentane er på skulen ei veke om gongen. Det er planlagt seks samlingar i vårsemestera og fire samlingar i haustsemestera. I emna med praksis og med skriving av bacheloroppgåve, vert det færre samlingar. Det er tenkt at studentane skal arbeide med ulike oppgåver mellom samlingane og at dei får rettleiing undervegs i studiet.

Undervisnings- og læringsformer

Førelesingar, seminar, gruppeundervisning, respons- og opponentgrupper, rollespel, ferdigheitstrening m/video, rettleiing av munnleg og skriftleg framstilling, praksisstudium og individuelt studium. Integrering av teori og praksis er viktig gjennom heile studiet. Val av arbeidsform er tilpassa formålet med dei ulike delane av studiet. Det vert lagt vekt på at studentane skal arbeide både individuelt og i gruppe, og at studentane vert stimulert til eigenaktivitet og samhandling. Ansvar for eiga læring står sentralt i utdanninga. Studentane skal lære akademisk skriving, og dei skal gjennom skriftlege oppgåver trene seg i teknikkar for innhenting av kunnskap, bearbeiding av litteratur, strukturering og formidling av kunnskap.

Læringsutbyte

Etter gjennomført utdanning skal studenten:

•ha kunnskap om samanhengen mellom samfunnsmessige strukturar/prosessar og livssituasjonen til brukarar
•ha kunnskap om normalutvikling og utviklingsforstyrringar
•ha kunnskap om funksjonshemmingar av fysisk, psykisk og sosial art
•ha kunnskap om organisering av miljø og bruk av metodar som førebyggjer bruk av tvang og makt i arbeid med personar med utfordrande åtferd
•ha kunnskap om generelle forvaltningsmessige prinsipp og kjennskap til aktuelt lovverk
•ha kunnskap om hovudmål og verkemiddel i sosialpolitikken, kunne vurdere desse kritisk og verke som premissleverandør for avgjerder i hjelpeapparatet, og overfor politiske styresmakter
•kunne identifisere brukarar sine ressursar og utfordringar, og i samarbeid med brukaren
•kunne setje i verk ulike miljø-, habiliterings- og rehabiliteringstiltak, og vere i stand til å yte pleie og omsorg der brukaren sjølv ikkje kan ivareta sine grunnleggjande behov
•kunne arbeide i relasjonar prega av krysspress og interessemotsetnader, og handtere slike konfliktar med fokus på brukarar sine interesser
•kunne samarbeide både med brukarar, familiar og faginstansar med sikte på å gje eit best mogeleg tilbod til brukaren basert på brukarmedverknad og brukarstyring
•kunne reflektere over eiga personleg og fagleg utvikling
•kunne ta i bruk nye arbeidsmåtar på grunnlag av forsking
•ha kunnskap om miljøarbeid, rehabilitering, og pleie og omsorg
•ha kunnskap om tilrettelegging for brukarar med samansette funksjonsvanskar
•ha kunnskap om utfordringar knytt til psykisk utviklingshemming, psykiske lidingar og alderdomsproblematikk
•kunne utarbeide skriftlege dokument.

Praksis

Praksisopplæringa er ein sentral del av vernepleieutdanninga. Kvar praksisperiode inkluderer praksisførebuing og -oppsummering ved Høgskulen. Praksisstudia skal medverke til at studenten aukar forståinga for samanhengen mellom forsking, teori og praksiskunnskapar. Praksisopplæringa er planlagt og målretta, og studentane skal ha rettleiing som ein del av praksisopplæringa, der studentane si fungering og meistring vert vurdert jamleg. Praksisplassen skal godkjennast på førehand av Høgskulen. Studentane bør få direkte erfaring i arbeid med menneske med psykisk utviklingshemming i minimum ein av praksisperiodane.

Studiet har tre praksisperiodar. Når det gjeld størrelse og plassering av dei enkelte periodane, vert dette omtalt i dei ulike emnebeskrivingane. Praksisstudiar og ferdigheitstrening skal utgjere til saman 60 studiepoeng, der 48 studiepoeng skal vere i samarbeid med brukar. Praksisstudia er fordelt på tre praksisar:

•Pleie- og omsorgspraksis
•Mljøpraksis
•Valfri praksis.
GODKJENNING AV PRAKSIS
Praksisrettleiar tilrår praksis godkjent/ikkje godkjent. Høgskulen vurderer arbeidskrav og avgjer endeleg godkjenning/ikkje godkjenning av heile praksisemnet. Ved vurdering av praksis nyttast karakteren greidd/ikkje greidd. I forbindelse med praksis får studentane utdelt eit arbeidshefte der det er formulert mål for praksisperiodane. Studenten definerer og eigne læringsmål. Dette er med og dannar grunnlag for sluttvurderinga.

TVIL OM GODKJENNING
"Vurdering skal være en kontinuerlig og obligatorisk del av praksisundervisningen. Hvis det oppstår tvil om praksisstudiet kan godkjennes, skal studenten halvveis eller senest 3 uker før avsluttet periode få en skriftlig melding. Meldingen skal angi hva studenten ikke mestrer, og hvilke krav som må oppfylles for å bestå praksisstudiene. Om studenten i slutten av praksisperioden viser handling/atferd som åpenbart ikke gir grunnlag for å bestå praksis, kan studenten likevel få karakteren ikke bestått selv om forutgående tvilsmelding ikke er gitt." (Utdrag frå rammeplanen, fastsett 01.12.2005.)

KRAV TIL NÆRVÆR PÅ PRAKSISPLASSEN

Praksisperioden er obligatorisk og fråver vert berre godteke i samband med sjukdom og/eller permisjonar innvilga av Høgskulen eller praksisrettleiar. Praksisperioden inkluderer to seminar ved Høgskulen: Praksisførebuing og praksisoppsummering.

I praksisperioden er maksimumsgrensa for fråver 8 dagar. Fråver ut over dette må avtalast med Høgskulen og praksisplassen. Det må også avtalast når og på kva måte eit eventuelt fråver over 8 dagar skal takast att.

VANLEGE NORMER OG REGLAR I ARBEIDSLIVET

Studenten må rette seg etter vannlege normar og reglar som gjeld i arbeidslivet.

 

Omfang av praksis i studiet (i prosent)
26,7 %

Studieopphald i utlandet

Studenten kan søkje om å ta emnet Global Knowledge vårsemesteret fjerde studieåret. I dette emnet har studentane omlag 3 månader praksis i Zambia. Dei som vel dette må ta dei emna som er lagt til rette for desse studentane.

Arbeidskrav

Alle arbeidskrav må vere godkjende før ein kan framstille seg til eksamen i emnet. Arbeidskrav kan til dømes vere deltaking i seminarundervisning, obligatorisk deltaking i undervisning, ferdigheitsundervisning, refleksjonsnotat, gruppeoppgåver(skriftleg og munnleg), individuelle oppgåver(skriftleg og munnleg). Det vert gjort kjent under kvart emne kva som er arbeidskrav.

Sluttvurdering

Bokstavkarakterar eller greidd/ikkje greidd

Det vert nytta ulike former for sluttvurdering.

Lovlege hjelpemiddel
Skriftleg skuleeksamen: Norges lover og/eller Lovsamling for helse- og sosialsektoren med kryssreferansar og understrekingar. Ordliste.
Munnleg eksamen: Lovsamling utdelt av Høgskulen.

Pensum

Pensum er på om lag 4000 sider kvart studieår. Delar av pensum er på andre språk enn norsk (dansk, engelsk, svensk). Sjølvvalgt pensum er på omlag 400 sider. Det vert gjort kjent under kvart emne kva som er antall sider sjølvvalgt pensum. Alt sjølvvalt pensum skal godkjennast av Høgskulen.

Godkjent av
Studieutvalet

Godkjent dato
01.10.2009

Sist revidert av
Unni Aasen


Studenten kan søkje om å ta Global Knowledge i staden for emna Praksis - Valfritt fagområde og Profesjonsutøving.


Emneoversikt tre siste semester for studentar som tek Global Knowledge
Emnekode Emnets navn S.poeng O/V *) Studiepoeng pr. semester
  S1(H) S2(V) S3(H) S4(V) S5(H) S6(V) S7(H) S8(V) S9(H)
GK300 og 301 Global Knowledge 30,00 O               30  
VPL5-306 Bacheloroppgåve vernepleie 15,00 O                 15
VPL5-305 Samarbeid, kvalitetssikring og
feltarbeid
15,00 O             15    
Sum: 0 0 0 0 0 0 15 30 15
*) O - Obligatorisk emne, V - Valgbare emne
Emneoversikt
Emnekode Emnets navn S.poeng O/V *) Studiepoeng pr. semester
  S1(H) S2(V) S3(H) S4(V) S5(H) S6(V) S7(H) S8(V) S9(H)
VPL5-100 Innføring i vernepleiefaget 10,00 O   10              
VPD5-100 Velferdssamfunnet 20,00 O   20              
VPD5-101 Helsefag 1 20,00 O     20            
VPD5-200 Helsefag 2 10,00 O       10          
VPD5-201 Praksis helsefag 15,00 O       15          
VPD5-202 Profesjonelt miljøarbeid 20,00 O         20        
VPD5-203 Miljøpraksis 15,00 O           15      
VPD5-300 Samarbeid, kvalitetssikring og
feltarbeid
20,00 O           10 10    
VPL5-301 Praksis - Valfritt fagområde vernepleie
15,00 O             15    
VPD5-400 Profesjonsutøving 20,00 O               20  
VPL5-306 Bacheloroppgåve vernepleie 15,00 O                 15
Sum: 0 30 20 25 20 25 25 20 15
*) O - Obligatorisk emne, V - Valgbare emne