Kode
OR6-201
Norsk namn
Forretningsidé og forretningsplan
Engelsk namn
Business Opportunities and Business Planning
Undervisningsspråk
Norsk
Avdeling
Avdeling for økonomi, leiing og reiseliv / Faculty of Business and Management (AØR)
Studiepoeng
10,00
Nivå
Kategori
Valfritt emne i 5. semester på bachelorstudiet i økonomi og administrasjon.
Valfritt emne i 5. semester på bachelorstudiet i informasjonsbehandling.
Semester
Haust
Forkunnskapar
Ingen spesielle, men det er ein fordel med kjennskap til bedriftsøkonomi og marknadsføring.
Innhald/oppbygging
Vi legg opp til aktivitetar på tre område:
· Øvingar med ulike tema (øvingane bygger m.a. på REAL-pedagogikk – Rural Entrepreneurship through Action Learning)
· Kontakt med entreprenørar gjennom bedriftsbesøk
· Gruppearbeid: Utarbeiding og presentasjon av ein konkret forretningsplan
Undervisnings- og læringsformer
Førelesingar, gjesteførelesingar, praktiske øvingar, gruppearbeid og studentpresentasjonar der studentar enkeltvis eller i grupper legg fram resultat frå arbeid med ulike oppgåver eller problemstillingar.
Kompetanse/læringsutbyte
Etter fullført emne skal studentane:
- ha innsikt i kva som er skilnaden på ein idé og ein forretningsidé, og kva som er gode forretningsidear
- ha god kjennskap til norsk næringspolitikk og korleis ein går fram for å starte opp ei bedrift
- gjennom praktiske øvingar ha utvikla sine kreative evner og fått djupare innsikt i kva som skal til for å starte og drive nye bedrifter
- kunne utarbeide ein solid forretningsplan og presentere han for potensielle interessentar på ein overtydande måte
Ekskursjonar
Ein prøver å gjennomføra to bedriftsbesøk, bedriftspresentasjonar eller gjesteforelesingar.
Arbeidskrav
Frammøte og deltaking på dei praktiske øvingane og bedriftsbesøka. Aktiv deltaking i gruppepresentasjon av forretningsplanen. Kva som heilt konkret krevst i form av oppmøte og deltaking for å oppfylle arbeidskrava, vil bli opplyst ved kursstart.
Sluttvurdering
Ei presentasjonsmappe utgjer vurderingsgrunnlaget. Presentasjonsmappa skal innehalde eit individuelt arbeid og ein forretningsplan skriven i grupper på to eller tre studentar. Studentane får ein felles bokstavkarakter på presentasjonsmappa. Rettleiande tel den individuelle oppgåva, 40% og gruppeoppgåva (forretningsplanen), 60%. Studentar som stryk, må levera inn ei forbetra utgåve av heile presentasjonsmappa.
Pensum
Barringer, Bruce, R. og Ireland, R., Duane: Entrepreneurship; Successfully Launching New Ventures. Pearson Prentice Hall, Upper Saddle River, New Jersey, 2006.
Jenssen, Jan Inge; Kolvereid, Lars og Erikson, Truls (red.): Perspektiver på entreprenørskap. Høyskoleforlaget, Kristiansand, S., 2006.
Anbefalt tilleggslitteratur:
Ilar, Daniel; Kubr, Thomas og Heinz Marchesi: Fra idé til ny virksomhet. En håndbok for nye vekstselskaper. McKinsey & Co/ Universitetsforlaget, Oslo 2002.
Sist revidert av
Veronika Trengereid
Sist revidert dato
24.04.09