OR6-300 Endringsleiing

Kode
OR6-300

Norsk namn
Endringsleiing

Engelsk namn
Change Management

Undervisningsspråk
Norsk (eller engelsk dersom det kjem internasjonale studentar)

Studiepoeng
15,00

Kategori
Obligatorisk emne i 4. semester på årsstudiet i organisasjon og leiing. Valfritt emne i 4. eller 6. semester på bachelorstudiet i økonomi og administrasjon.

Semester
Vår

Forkunnskapar

Kjennskap til organisasjonsteori og føretaksstrategi tilsvarande kursa OR6-101 og OR6-202.

Læringsmål

Hovudmålet for kurset er at deltakarane skal utvikle seg gjennom å arbeide med moderne teoriar om leiing og endringsleiing, og bruke desse til å analysere ulike situasjonar og problem med relevans for leiarar i private og offentlege organisasjonar.

Målet er å gje studentane grunnlag for å utøve rolla som leiar i ein organisasjon i endring, gjennom ei teoretisk og praktisk innføring i leiaren sine oppgåver. Emnet skal øve opp evna til læring omkring eiga rolle og medverke til personleg utvikling hos den enkelte, mellom anna kommunikasjonsevna.

Det er også eit mål at studentane etter fullført kurs skal kunne vere aktive deltakarar i endringsprosessar i ein organisasjon (endringsagentar).

Innhald/oppbygging

I første delen av kurset fokuserer ein på teoriar om leiing. Ein ser på den historiske utviklinga av leiarteoriane, samt at ein ser på leiing frå ulike perspektiv for å freiste å få ei oversikt over dei mest sentrale emna innan dette fagfeltet.

I andre delen er målet å sjå meir spesifikt på leiing av endringar. Ein arbeider med teoriar og case som gjeld endringsprosessar og læring i organisasjonar, inkludert organisasjonsutvikling. Ein ser på korleis endringsprosessar vert påverka av endringa sitt innhald og omfang, samt innanfor kva kontekst endringa skjer.

Undervisnings- og læringsformer

Førelesingar, gjesteførelesingar, sjølvstudium, oppgåveløysing, gruppeøvingar, problembasert arbeid og praktiske øvingar med fokus på presentasjonsteknikk. Førelesingane vil tene som introduksjon til dei ulike tema. Fordjuping skal studentane få gjennom arbeid med case og løysing av gruppeoppgåver. På denne måten kan studentane utvikle si forståing av organisasjonar både gjennom eigne analysar og ved å bli konfrontert med andre deltakarar sine spørsmål og tolkingar.

Arbeidskrav

Studentane skal i grupper på 3-4 personar gjennomføre to mindre presentasjonar. Godkjent arbeidskrav er eit vilkår for å få gå opp til eksamen.

Sluttvurdering

Heimeeksamen over ei veke, som kan leverast individuelt eller i grupper på inntil tre studentar, og dessutan individuell munnleg eksamen. Det vert gjeve ein samla karakter, der heimeeksamen og munnleg eksamen tel rettleiande 50% kvar. Ved eventuell stryk må heile eksamen takast opp att.

Pensum

Kim. S. Cameron, Robert E. Quinn: ”Diagnosing and Changing Organisational Culture” (2005)

Deborah M. Kolb (m.fl.):
” Her place at the table: A Woman`s guide to negotiating Five Key Challenges …..” (2004)
Robert E. Quinn: ”Building the bridge as you walk on it: A guide for leading change” (2004)
Kompendium

Pensum sist oppdatert av
Anne-Lene Normann

Pensum sist oppdatert dato
06.01.2009