Fleirkulturell forståing

Skriv ut Utskrift med emner
Norsk namn
Fleirkulturell forståing

Avdeling


Studiepoeng
30

Organisering
Studiet er eit deltidsstudium i to delar, der kvar del tel 15 studiepoeng. Kvar del går over to semester, og ein vel ein eller begge. Delar av studiet er nettbasert. Studentane må ha tilgang på internett.


Fleirkulturell forståing del 1: Noreg – eit fleirkulturelt samfunn? 15 stp.
Fleirkulturell forståing del 2: Språkopplæring og fagopplæring på andrespråket. 15 stp.


Organisering 2


Innleiing

Fleirkulturell forståing er eit tverrfagleg studium som byggjer på faga norsk, samfunnsfag, pedagogikk og KRL. Studiet er løysings- og haldningsskapande for deg som arbeidar i eit fleirkulturelt miljø.

Kompetanse / formell grad

Vidareutdanning/påbygging. Til saman tel dei to delane som ei halvårseining.

Målgruppe

Studiet er relevant for alle som arbeider med språklege minoritetar og som ønskjer kompetanseheving i høve til sentrale problemstillingar i eit fleirkulturelt samfunn. Studiet er såleis relevant for førskulelærarar, lærarar i grunnskule og vidaregåande skule, helse- og sosialarbeidarar, tilsette på asylmottak og leiarar på ulike arbeidsplassar.

Opptakskrav

Generell studiekompetanse eller realkompetanse.

Læringsmål

Overordna målsetting: Utvikle fleirkulturell forståing i arbeid med språklege minoritetar

Mål for del 1: Utvikle grunnleggjande omgrep og teoretisk innsikt knytt til utfordringar og moglegheiter i eit fleirkulturelt samfunn. Utvikle evne til forståing og handling knytt til etiske problemstillingar og antirasistisk arbeid

Mål for del 2: Utvikle kunnskap om korleis stimulere til språkleg dugleik i andrespråket og gi erfaring med deltaking i pedagogisk utviklingsarbeid knytt til fleirkulturelle tema.

Innhald / oppbygging

Kvar del går over to semester. I del 2 har deltakarane høve til å velje fagleg fordjupning innanfor eit sjølvvald emne. Innhald/oppbygning til kvar del i emneomtalane.

Undervisnings- og læringsformer

Det er fire til fem samlingar til kvar del. Undervisninga vekslar elles mellom arbeid på Class Fronter, lokale samlingar og individuelt arbeid. Arbeidskrav skal leverast på Class Fronter.

Arbeidskrav

Deler av undervisninga er obligatorisk. Kva deler dette gjeld, går fram av semesterplanen. Arbeidskrav til kvar del i emneomtalane.

Sluttvurdering

Sjå emneomtale.

Pensum

Rettleiande liste kjem ved studiestart.

FLEIRKULTURELL FORSTÅING
Emnekode Emnets navn S.poeng O/V *) Studiepoeng pr. semester
  S1(H) S2(V) S3(H) S4(V)
LI335 Fleirkulturell forståing del 1: Noreg -
eit fleirkulturelt samfunn?
15,00 O 7.5 7.5    
LI336 Fleirkulturell forståing del 2:
Språkopplæring og fagopplæring på
andrespråket.
15,00 O     7.5 7.5
Sum: 7.5 7.5 7.5 7.5
*) O - Obligatorisk emne, V - Valgbare emne