Landskapsplanlegging med landskapsarkitektur, bachelorprogram 2017-2020

Skriv ut Utskrift med emner
Norsk namn
Landskapsplanlegging med landskapsarkitektur, bachelorprogram 2017-2020

Engelsk namn
Landscape Planning with Landscape Architecture, Bachelor Programme 2017-2020

Undervisningsspråk
Norsk

Studiepoeng
180

Normert studietid 3 år

Innleiing

Bachelorprogrammet i Landskapsplanlegging med landskapsarkitektur gjev ei tverrfagleg utdanning som kombinerer planleggingsrelevante naturfaglege emne med yrkesretta planleggings- og forvaltningsemne inkludert landskapsarkitekturfag. Det 4. semesteret er valfritt, med høve til studieopphald ved universitet eller høgskular i utlandet, eller å ta andre emne ved HSF. I det tredje året skal studentane skrive ei bacheloroppgåve basert på resultat frå eigne undersøkingar av aktuelle problemstillingar innan areal- eller landskapsplanlegging, kulturlandskapskjøtsel, grønnplanlegging / landskapsarkitektur,  kulturminneforvaltning eller vegetasjonsøkologi. Det 3-årige bachelorprogrammet i Landskapsplanlegging med landskapsarkitektur ved HVL, Campus Sogndaler både ei sjølvstendig yrkesutdanning og eit grunnlag for opptak på masterprogrammet i Climate change management ved HVL. Bachelorprogrammet gjev også grunnlag for mastergradspåbygging i fysisk planlegging og ein del andre fagretningar ved andre høgskular og universitet i Noreg.

Studiestad Sogndal

Læringsutbytte

Kunnskap

  • Ha kunnskap om dei viktigaste sidene ved landskaps- og arealplanlegging, kjenne til korleis planprosessar føregår, og vite korleis ein nyttar plan- og bygningslova i fysisk planlegging.
  • Ha kunnskap om eigenskapane til landskapets sett i ulike skalaer, korleis dei ulike landskapa utgjer ein heilskap, og korleis endringar vil påverke heilheta.
  • Ha kunnskap om korleis ein utformar grøntareal i rurale og urbane område med bruk av hageplanter og naturleg vegetasjon.
  • Ha kunnskap om dei viktigaste økologiske prosessane i landskapet med særleg vekt på landskaps- og vegetasjonsøkologi.
  • Ha kunnskap om forvaltning og skjøtsel av kulturlandskap og korleis ein kan sikre det biologiske mangfaldet i kulturlandskapet
  • Ha kunnskap om kulturminner og lovgrunnlaget for vern og forvaltning av kulturminner
  • Ha kunnskap om kva som kjenneteiknar ei vitskapleg kjelde

Ferdigheiter

  • Kunne anvende digitale verktøy slik som geografiske informasjonssystem (GIS) i landskapsplanlegging
  • Kunne utføre statistiske analyser
  • Kunne utføre landskapsanalyser
  • Kunne vurdere landskapsinngrep og korleis dei påverkar økologiske prosessar og estetiske verdiar i landskapet.
  • Kunne utføre risiko- og sårbarheitsanalysar (ROS analyse) og konsekvensanalysar
  • Ha innsikt i det juridiske grunnlaget for fysisk planlegging og kunne anvende lovgrunnlaget i plansamanheng
  • Kunne søkje fram kunnskapskjelder av høg kvalitet i nasjonale og internasjonale fagdatabasar
  • Kunne meistre referansehandtering, siteringsteknikk og kjeldekritikk

Kompetanse

  • Kan gjennomføre landskapsplanlegging for offentleg og privat sektor der arbeidet er forankra i eit bredt miljøfagleg kunnskapsgrunnlag og god innsikt i landskapsarkitektur
Kompetanse / formell grad

Fullført studium gir rett til vitnemålet "Bachelorgrad i landskapsplanlegging med landskapsarkitektur".

Målgruppe

Bachelorprogrammet har følgjande målgrupper:

- Personar som ønskjer ei kortare og fleksibel yrkesutdanning som gjev kompetanse i landskaps- og arealplanlegging og forvaltning av natur- og kulturlandskap
- Personar som ønskjer ein mastergrad i landskapsplanlegging med landskapsarkitekturfag
- Personar som ønskjer ein mastergrad i fysisk planlegging og arealplanlegging
- Personar som ønskjer å ta ei tverrfagleg utdanning som kan nyttast i kombinasjon med ulike vidare studium ved universitet eller høgskular

Opptakskrav

Generell studiekompetanse / realkompetanse.

Innhald / oppbygging

Bachelorprogrammet er bygd opp med emne på 10 studiepoeng og ei bacheloroppgåve på 20 studiepoeng. Dei fleste emna vert undervist i blokk over ein periode på 6-7 veker, med sluttvurdering etter avslutta undervisning før neste emne tek til. Kvart semester inneheld emne på til saman 30 studiepoeng. Nærare omtale av dei einskilde emna er å finne under emneomtalane.

Undervisnings- og læringsformer

Dei naturfaglege emna inneheld ekskursjonar, laboratorieøvingar og / eller feltarbeid i tillegg til førelesingar. Dei planfaglege emna inneheld prosjektoppgåver som er individuelle arbeid eller gruppearbeid. Ved ekskursjonar og feltarbeid må studentane vere budde på å betale ein eigendel for reise og opphald. Nærare omtale av undervisnings- og læringsformer går fram av omtalen av dei einskilde emna.

Studieopphald i utlandet

Studentar som ønskjer det, kan få innpassa emne tilsvarande eitt semesters studium (30 ECTS/ studiepoeng) ved ein utanlandsk institusjon som del av utdanninga ved HVL. Emnevalet skal førehandgodkjennast av HVL. Studentane følgjer ordinær undervisning ved vertsinstitusjonen. Utvekslingsavtalar er inngått med fleire ulike internasjonale utdanningsinstitusjonar.

Arbeidskrav

Fleire emne har obligatoriske arbeidskrav enten i form av laboratorieøvingar, feltarbeid, ekskursjonar eller skriftlege oppgåver, delvis i kombinasjon med munnlege presentasjonar. Godkjende arbeidskrav er eit vilkår for å framstilla seg til eksamen i dei aktuelle emna. Emneomtalane gjev nærare informasjon om arbeidskrav.

Sluttvurdering

Vurderingsordninga går fram av omtalen av dei einskilde emna.

Pensum

Pensumlister går fram av emneomtalane. Det kan bli utlevert reviderte pensumlister ved oppstart av undervisninga.

Avdeling Avdeling for ingeniør- og naturfag

Institutt Institutt for naturfag

Godkjent av
Studieutvalet

Godkjent dato
01.05.2007

Sist revidert av
Tarald Seldal

Sist revidert dato
14.03.2017

Studieprogramkode (opptakskode)
216310

Landskapsplanlegging med landskapsarkitektur bachelor 2017 - 2020
Emnekode Emnets navn S.poeng O/V *) Studiepoeng pr. semester
  S1(H) S2(V) S3(H) S4(V) S5(H) S6(V)
BI424 Botanikk grunnkurs 10,00 O 10          
PL425 Rom og design 10,00 O 10          
GE413 Kartlære og GIS 10,00 O 10          
PL471 Landskapets kulturarv 10,00 O   10        
BI445 Generell økologi 10,00 O   10        
BI436 Grønstruktur og urban vegetasjon 10,00 O   10        
GE406 Geologi grunnkurs 10,00 O     10      
PL416 Landskapsanalyse 10,00 O     10      
ME420 Statistikk 10,00 O     10      
BI435 Landskapsøkologi 10,00 O       10    
PL412 Landskapsinngrep 10,00 O       10    
BI434 Vegetasjonsøkologi 10,00 O       10    
PL461 Kulturlandskapsskjøtsel 10,00 O         10  
PL417 Arealplanlegging 10,00 O         10  
PL413 Miljø- og forvaltningsrett 10,00 O         10  
PL418 Reguleringsplanlegging 10,00 O           10
PL491 Bacheloroppgåve i Landskapsplanlegging
med landskapsarkitektur
20,00 O           20
Sum: 30 30 30 30 30 30
*) O - Obligatorisk emne, V - Valgbare emne

* Emne i 4. semester kan erstattast med relevante emne på til saman 30 stp. ved eit univeristet/høgskule i Norge eller i utlandet. HVL må godkjenne emnevalet.