OR6-501 Styring, omstilling og leiing i offentlege organisasjonar

Kode
OR6-501

Norsk namn
Styring, omstilling og leiing i offentlege organisasjonar

Engelsk namn
Steering, change and management in public organisations

Undervisningsspråk
Norsk

Studiepoeng
15,00

Fagleg overlapp
Ikkje meir enn 50 % overlapp med OR6-500 Leiing og endring i organisasjonar.

Kategori
Dette er eit obligatorisk emne innan masterprogrammet i organisasjon og leiing (kull 2011).

Semester
Vår. 6. semester i masterprogrammet

Forkunnskapar

Emnet bygger på den grunnleggande forståinga som blir etablert tidlegare i programmet, og studentane må ha fullført dei første 60 studiepoenga i masterprogrammet før dei byrjar på emnet.

Innhald/oppbygging

Emnet tek opp sentrale omgrep og tema som byråkrati, post-byråkrati, New Public Management, governance, partnarskap, nettverk og nettverksstyring. Det blir gjort greie for eit institusjonelt perspektiv på offentlege organisasjonar og korleis dette kan nyttast i analysen av endring, omstilling og reformer i offentleg sektor. Vidare tek ein opp teoriar om utforming og iverksetjing av offentleg politikk. Spesielt går ein inn på politikkutforming i fleirnivåsystem, og korleis denne dannar ein kontekst for leiarar og leiarskap i offentlege organisasjonar. I siste del av emnet er emnet leiarroller og leiarutfordringar i offentleg sektor.

Undervisnings- og læringsformer

Samlingar. Førelesingar og seminar. Skriftleg arbeid

Kompetanse/læringsutbyte
  • Studentane skal ha oversyn over sentrale utviklingstrekk ved offentlege styringsformer i Norge og internasjonalt, og kjennskap til teoriar og omgrep for å analysere desse endringane
  • Studentane skal kunne forstå og analysere organisasjonar generelt og offentleg forvaltning spesielt som institusjonar, og kunne nytte det institusjonelle perspektivet i analysen av endring, omstilling og reformer i offentleg sektor
  • Studentane skal tileigne seg ei fagleg forståing av korleis offentleg politikk blir utforma og iverksett.
  • Studentane skal kjenne til hovudtrekk i styring, reformer og endring på tvers av forvaltningsnivå, og kunne gjennomføre ein fagleg analyse av slike fleirnivåsystem
  • Studentane skal ha oppdatert kjennskap til forskinga om endra leiarroller i offentleg sektor. Med utgangspunkt i dette og dei ovannemnde ferdigheitene og kunnskapane skal studentane vere i stand til å analysere konteksten for leiing og utfordringar for leiarar i profesjonssektorane i offentleg forvaltning
Arbeidskrav

Arbeidskrav 6: Presentasjon av utkast til teorioppgåve.

Sluttvurdering

Individuell oppgåve som drøftar teori(ar) med relevans for masterprosjektet.

Innlevering innan dato som vert gjort kjend av faglærar.

Bokstavkarakter.

Pensum
  • Kompendium med desse artiklane (78 s)

1)       NOU (2003:19). Makt og demokrati: sluttrapport fra Makt- og demokratiutredningen : utredning fra en forskergruppe oppnevnt ved kongelig resolusjon 13. mars 1998 : avgitt til Arbeids- og administrasjonsdepartementet 26. august 2003. Oslo: Statens forvaltningstjeneste, Informasjonsforvaltning. Kap 1-6 (24 s)

2)       Christensen, T., & Lægreid, P. (2007). The Whole-of-Government Approach to Public Sector Reform. Public Administration Review, 67(6), 1059-1066.

3)       Llewellyn, Sue 2001: ‘Two-way Windows’: Clinicians as Medical Managers. Organization Studies 22:4 (593 -623, 31 s)

4)       Sørensen, E., & Torfing, J. (2009). Making governance networks effective and democratic through metagovernance. Public Administration, 87(2), 234-258.

 

  • Studenten skal legge opp eit sjølvvalt pensum på 150-200 sider med teoretisk stoff av relevans for masteroppgåva.

 

 

Alle førelesingar og aktivitetar knytt til førelesingane er å sjå på som pensum.

Pensum skal avspegle den aktuelle forskingslitteraturen på området, og kan bli revidert fram til emnestart.

Pensum sist oppdatert av
Oddbjørn Bukve

Pensum sist oppdatert dato
1. mars 2013

Sist revidert av
Oddbjørn Bukve

Sist revidert dato
1. mars 2013