ME6-500 Forskingsstrategiar og metode

Kode
ME6-500

Norsk namn
Forskingsstrategiar og metode

Engelsk namn
Research Strategies and Methods

Undervisningsspråk
Norsk

Studiepoeng
15,00

Kategori
Dette er eit obligatorisk emne innan masterprogrammet i organisasjon og leiing.

Semester
Haust. 5. semester i masterprogrammet

Forkunnskapar

Emnet inngår som ein viktig del av førebuinga til skriving av masteroppgåve. Det bygger på den grunnleggande forståing som blir etablert tidlegare i programmet, og studentane må ha fullført dei første 60 studiepoenga i masterprogrammet før dei byrjar på emnet.

Innhald/oppbygging

Emnet dannar bakgrunn for arbeidet med masteroppgåva og handlar om vitskapsteori og samfunnsvitskaplege metodar. Emnet gjev oversyn over hovudtema som: Kva er vitskapleg kunnskap? Den språklege vendinga i kunnskapsteorien (epistemologien). Nokre vitskapsfilosofiske retningar og utviklingstrekk. Forklaring og forståing. Om å strukturere arbeidet med ei forskingsoppgåve. Ulike forskingsdesign. Fasar i ein forskingsprosess. Generelt om kvalitativ metode. Design av kvalitative studiar. Enkeltcase og komparative case. Innsamling av kvalitative data: Observasjon, intervju og dokument. Analyse av kvalitative data. Casestudiar og generalisering. Strukturerte spørjeundersøkingar. Generelt om kvantitativ dataanalyse og bruk av statistisk programvare. Dataanalyse: Beskriving av enkeltvariablar, tabellanalyse og korrelasjon. Samansette mål: Skalaer og indeksar. Analysar av gjennomsnitt: t-testar og variansanalyse. Regresjonsanalyse.

Undervisnings- og læringsformer

Samlingar. Forelesingar, øvingsoppgåver og gjennomgang av døme på forskingsprosjekt

Kompetanse/læringsutbyte

Etter avslutta emne skal studentane:

  • kjenne til sentrale diskursar og tilnærmingsmåtar i vitskapsfilosofien
  • vere i stand til å gjere greie for ulike forskingsstrategiar og velje design for eit forskingsprosjekt
  • kunne vurdere grunnleggande forskingsetiske problem i klient- og individretta studiar
  • kunne gjere greie for dei ulike fasane i forskingsprosessar
  • kjenne til hovudtrekka i handsaminga av kvantitative og kvalitative data
  • kjenne dei vanlege metodiske innfallsvinklane i studiet av formelle organisasjonar
Arbeidskrav

Arbeidskrav 4 og 5: To innleverte oppgåveløysingar i løpet av emnet

Sluttvurdering

ME Mappevurdering. Mappa skal innehalde ei metodeskisse med relevans for masteroppgåva. Omfang 4000-6000 ord. Endeleg dato vert gjort kjend av faglærar.
Karakter: Greidd/ ikkje greidd.

Ved «ikkje greidd» kan omarbeidd tekst leverast innan gitt frist.

Pensum

Ragin, Charles C. & Lisa M Amoroso (2011):Constructing Social Research. Los Angeles, CA., Sage. Kap 5-7 (80s)

Ringdal, Kristen (2007): Enhet og mangfold. Bergen, Fagbokforlaget (2. utgave). Kap. 5-9, 11-17 (266s)

Thagaard, Tove (2009): Systematikk og innlevelse. En innføring i kvalitativ metode. Bergen, Fagbokforlaget (250s)

Widerberg, Karin (2004):Oppgaveskriving. Veien til lystbetont skriving og gode rutiner.Oslo, Universitetsforlaget (2. utgave) (77 s)

Aadland, Einar (2011):”Og eg ser på deg…”.Vitenskapsteori i helse- og sosialfag(3. utgave). Oslo, Universitetsforlaget (316 s).

Kompendium i forskingsstrategiar og metode (vert tilgjengeleg frå semesterstart)

 

Alle førelesingar og aktivitetar knytt til førelesingane er å sjå på som pensum.

NB! Pensum kan bli revidert fram mot emnestart.

Pensum sist oppdatert av
Oddbjørn Bukve

Pensum sist oppdatert dato
1. mars 2013

Godkjent av
Utdanningsutvalet

Godkjent dato
15.05.12

Sist revidert av
Oddbjørn Bukve

Sist revidert dato
1. mars 2013