VPL5-100
Innføring i vernepleiefaget
Introduction to the Social Educator
Obligatorisk del av bachelorstudiet i vernepleie, heil- og deltid.
Haustsemesteret 1.studieår for heiltid. Vårsemesteret 1.studieår for deltid
Opptak skjer på grunnlag av generell studiekompetanse eller realkompetanse etter vurdering.
Etter gjennomført emne skal studenten:
Kunnskap
- kunne gjere greie for ulike syn på motivasjon samt sentrale spørsmål og omgrep innan sosialpsykologi
- ha kunnskap om vernepleieyrket og utøving av yrket i eit historisk perspektiv
- ha kunnskap om sentrale ideologiar og menneskesyn
- ha teoretisk kunnskap om grunnleggjande omgrep innen kommunikasjon og samhandling
Ferdigheiter
- ha kunnskap om og ferdigheter i grunnleggande kommunikasjon og samhandling
- kunne reflektere over seg sjølv i samspel med andre
- kunne bruke kvalitativt intervju som metode i informasjonsinnhenting
- kunne beherske verktøy for informasjonsinnhenting og reglar for kjeldebruk
Generell kompetanse
- kjenne til ulike syn på psykologi som vitskap og praksisfelt og ha kunnskap om fem hovudperspektiv innan psykologisk tenkning
- ha kjennskap til miljøarbeid og ulike arenaer der ein møter menneske med funksjonshemming
Sentrale tema i undervisninga er miljøarbeid, vernepleiefagets utvikling, omsorgsideologi, og kommunikasjon. Studentane skal få kunnskap om ulike arenaer der vi møter menneske med funksjonshemming, og korleis haldningar og ferdigheiter påverkar mellommenneskelege relasjonar. Studentane skal utvikle ferdigheiter i kommunikasjon og samhandling. Vidare skal studentane lære seg informasjonsinnhenting og kjeldebruk. Studentane gjennomfører eit intervju med profesjonsutøvarar.
Seminar og førelesingar, gruppearbeid, intervju med vernepleiar, respons- og opponentgrupper, rollespel, trening i munnleg og skriftleg framstilling og individuelt studium. Biblioteket gir opplæring i innformasjonsinnhenting og kjeldebruk.
- Minimum 80 % deltaking i seminarundervisning i dei ulike tema i emnet.
- Gjennomføre eit kvalitativt intervju med ein vernepleiar og rapportskriving i grupper. Studentane får gruppevis rettleiing på intervjuguiden og ei skriftleg tilbakemelding på utkast til rapporten. Gruppmedlemmane stadfestar kvarandre si deltaking ved avslutning av arbeidet.
- Deltid har minimum 80 % deltaking på samlingane
Alle arbeidskrav må vere godkjent for å kunne framstille seg til eksamen.
PR Munnleg presentasjon i grupper av skriftleg gruppearbeid. Samla vurdering av det skriftlege grupperbeidet og det munnlege framlegget. Individuell karakter. Karakter: greidd/ikkje greidd.
Ved resultatet ikkje greidd, må heile eksamen takast opp att.
Pensum for studieåret kan bli revidert før oppstart av emnet.
Miljøarbeid og vernepleiefaget si historie
Horndalen,B (2001).Ideologi, fag og virkelighet : vernepleierutdanningen gjennom 50 år.Oslo: Universitetsforlaget.
Horndalen, B. og Torp, T.R. (2006) Vernepleier - utdanning og yrke i et faglig og etisk perspektivHøgskolen i Akershus Forskningsserie 12/2006 (258 sider)
FO (2000) Om vernepleieryrket (utdelt på skulen)
FO (2002) Yrkesetisk grunnlagsdokument for barnevernpedagoger, sosionomer og vernepleiere (utdelt på skulen).
Normalisering
Askheim,O. P. (2003) Fra normalisering til empowerment. Oslo. Gyldendal. S.11-70 (59 sider.)
Kommunikasjon og relasjonskompetanse
Kvalbein, A. (2000): God kontakt, praktisk kommunikasjonslære.Kristiansand, Høyskoleforlaget. Kap 1 til og med 9 (106 sider)
Skau,G. M.(2005) Gode fagfolk vokser … personlig kompetanse i arbeid med mennesker.Oslo. Cappelen Akademiske forlag s.13-99 (86 sider)
Samfunnsvitskapleg forskingsmetode
Johannessen et al (2010): Introduksjon til samfunnsvitenskapelig metode. Oslo. Abstrakt forlag., kap 8, s.135-149 (14 sider)
Psykologi
Bjerke, T. og Svebak, S. (2001) Psykologi for høgskolen. Oslo, Gyldendal Norsk Forlag
Kapittel 1, 3, 6 og 7 (ca 115 sider)
Unni Uren Aasen
11.06.2012
06.05.10
Unni Uren Aasen