Kode
ME520
Norsk namn
Samfunnsvitskapleg metode
Engelsk namn
Social science research methods
Undervisningsspråk
Norsk
Studiepoeng
15,00
Nivå
Grunnemne
Fagleg overlapp
Om lag 5 studiepeoeng overlappar med ME6-200 Samfunnsvitskapleg metode og statistikk.
Kategori
Obligatorisk del av bachelorstudia i ungdomssosiologi og historie, samfunnsfag årsstudium og ungdomssosiologi årsstudium. Elles valfritt.
Semester
Haust.
Forkunnskapar/opptakskrav
Ingen.
Læringsutbytte
Etter gjennomført emne skal studenten kunne
· gjere greie for ulike undersøkingsopplegg i samfunnsvitskapleg og historisk forsking
· diskutere sterke og svake sider ved bruk av kvantitative og kvalitative data
· gjere enkel kvantitativ analyse
Innhald/oppbygging
Emnet gir ei grunnleggande innføring i korleis samfunnsvitskaplege og historiske undersøkingar blir gjennomførte. Undervisninga er bygd opp kring dei ulike stega i ein forskingsprosess, frå utforming av problemstilling og innsamling av data, til analyse av data og tolking av det endelege forskingsresultatet. Eit sentralt tema er kva som skil bruken av kvantitative og kvalitative data.
Undervisnings- og læringsformer
Førelesingar, skriftlege oppgåver og sjølvstudium.
Oppgåver til mappe: fire mindre skriftlege oppgåver. Ei av desse inngår i sluttvurdering, og denne blir valt ut av høgskulen.
Arbeidskrav
Ingen.
Sluttvurdering
ME520 SK: Fire timar skriftleg skuleeksamen, vekting 50%.
ME520 ME: Ei oppgåve frå mappe, vekting 50%.
Dersom ein del av eksamen ikkje er greidd, tek ein ny eksamen i den delen. Ved ny eksamen på grunn av stryk eller forbetring av karakter på mappa, må ny oppgåve løysast.
Avdeling
Avdeling for samfunnsfag
Institutt
Institutt for samfunnsvitskap
Pensum
Pensum kan bli endra før semesterstart.
Kjeldstadli, K. (1999). Fortida er ikke hva den engang var. En innføring i historiefaget.Oslo: Universitetsforlaget. (heile boka 300 sider).
Grønmo, S. (2004). Samfunnsvitenskapelige metoder. Bergen: Fagbokforlaget (440 sider).
Godkjent av
Dekan
Godkjent dato
270508
Sist revidert av
Grete Netteland
Sist revidert dato
300312