Sosiologiske perspektiv
Sociological perspectives
Obligatorisk del av bachelorstudiet i sosiologi og årsstudiet i ungdomssosiologi.
Studenten skal etter avslutta emne:
· kjenne til sosiologiens historie, teoritradisjonar og eigenart mellom andre human- og samfunnsvitskapar
· ha kunnskap om grunnleggjande sosiologiske omgrep (grupper, roller, relasjonar, interaksjon, institusjonar, klassar, lagdeling, etc.) og kunne nytte desse til å skildre og forstå førekomsten av sosiale mønster, prosessar og meiningsdanning
· kunne skrive resonnerande tekstar som analyserer faglege bidrag og dreg eigne slutningar.
Emnet skal formidle ei forståing av sosiologiske perspektiv frå klassiske sosiologiske teoritradisjonar til nyare teoribidrag. Studentane får ei innføring i tradisjonell makro-sosiologi med vekt på relasjonane mellom sentrale sosiale institusjonar. Dei blir også introduserte for mikro-sosiologiske tilnærmingar gjennom studiet av sosial samhandling og sosialisering. Vidare gjev emnet ein introduksjon til nyare samfunnsvitskaplege teoriar særleg knytt til diskusjonar om aukande individualisering og kulturell frisetjing. Studentane får også ei innføring i didaktiske problemstillingar i form av tematisering av sosiologien si historie, grunnproblem, arbeidsmåtar og samfunnsmessige funksjon.
Førelesingar, skriftleg arbeid, seminarundervisning og sjølvstudium. Faglærar vil leie seminar knytt til skriftleg arbeid til mappe og gi individuell rettleiing.
SA582 ME: Ei individuell skriftleg oppgåve til mappe, vekting 50 %.
SA582 SK: Skuleeksamen 4 timar, vekting 50%.
Ved eventuell stryk tek studenten opp att den delen studenten stryk i. Ved ny eksamen på grunn av stryk eller forbetring av karakter på mappa, skal ny oppgåve løysast.
Pensum kan bli endra før semesterstart.
*Broady, D, og M. Palme (1989): "Pierre Bourdieus Kultursociologi". I Thuen, H og S. Vaage: Oppdragelse til det moderne. Universitetsforlaget.
*Broady, D, og M. Palme (1989): "Pierre Bourdieus utbildingssociologi". I Thuen, H. og S. Vaage: Oppdragelse til det moderne. Universitetsforlaget.
*Broady, D. (1990): Sosiologi og epistemologi: om Pierre Bourdieus forfatterskap ( utdrag). HLS-Forlag.
*Cuff E.C., W.W. Sharrock og D.W. Francis (1998): Perspectives in Sociology (Part One). Routledge.
*France, A. (2007): "The making of modern youth". Kap. 1 i Understanding Youth in Late Modernity. Open University Press.
Giddens, A.(1996): Modernitet og selvidentitet Hans Reitzels Forlag.
Goffman, E.(1992): Vårt rollespill til daglig. Pax Forlag A/S. (s.11-119 og 173-210)
*Hewitt, John P. (1981): Jaget och samhället. Socialpsykologi ur den symboliska interaktionismens perspektiv. Kapittel 3. Stockholm: Wahlstrøm & Widstrand.
Martinussen, W. (2008): Samfunnsliv : Innføring i sosiologiske tenkemåter. Universitetsforlaget.
*Ve, Hildur (1992): "Sosiologi og forståelse av kjønn". I Taksdal, A. (red): Forståelser av kjønn. Ad Notam Gyldendal AS.
*Ziehe, T.: Ambivalenser og mangfoldighed (1989). Politisk revy. S. 11-36.
*Østerberg, D. (1995): "Innledningen til distinksjonen". I Bourdieu, P.: Distinksjonen. Pax forlag.
Aagre, W. (2003): Ungdomskunnskap : hverdagslivets kulturelle former. Fagbokforlaget.
*Litteratur merka med stjerne er trykt opp i kompendium som ein får kjøpt i Kompendieutsalet (Foss).
Tilrådd tilleggslitteratur:
Korsnes, Olav (red.): Sosiologisk Leksikon. Universitetsforlaget, 2008
Goffman, E.: Vårt rollespill til daglig. Pax Forlag, 1992. (s.120 -172)
Østerberg, D: Sosiologiens nøkkelbegreper og deres opprinnelse. Cappelen 2003
Ressurshefte for studiet i ungdomssosiologi. Kompendium til sals i kompendieutsalet.
Grete Netteland