Engelsk årsstudium

Skriv ut Utskrift med emner
Norsk namn
Engelsk årsstudium

Engelsk namn
English One Year Course

Undervisningsspråk
Engelsk

Studiepoeng
60

Normert studietid 1 år

Studiestad Sogndal

Læringsutbytte

Etter fullført studium skal studentane:

Kunnskap om

  • det engelske språket og korleis det vert brukt
  • kulturelle, sosiale, historiske og politiske tilhøve i engelsktalande land
  • litteratur frå engelsktalande land

Ferdigheit:

  • ha funksjonell og sikker personleg språkdugleik

Generell kompetanse:

  • Kunne halde fram med engelske studiar på høgare nivå
Kompetanse / formell grad

Studiet utgjer 60 studiepoeng og kan inngå i ein bachelorgrad ved universitet og høgskular. 

Opptakskrav

Opptakskravet er generell studiekompetanse/realkompetanse. Krav til forkunnskapar i norsk kan fråvikast for internasjonale studentar.

Innhald / oppbygging

Studiet er bygd opp etter emne- og studiepoengsystemet.
Studentar som skal ta årseininga som del av almennlærarutdanninga, må ta emna EN6-110 Engelskspråkleg litteratur med didaktikk 10 stp. I tillegg må dei ta EN6-102 Fagdidaktikk med praksis 10 stp. Desse emna går i vårsemesteret.

Undervisnings- og læringsformer

Undervisninga vil bli lagt opp som førelesningar og øvingar i gruppe. Kommunikasjonsspråket i timane vil vera engelsk. Bruk av språket vert sett på som eit hovudmål, og gjennom heile studiet vil dette verta vektlagt. Internett vert nytta til kunnskapsinnhenting og kommunikasjon. Informasjon til studentane vert gjeve via Fronter.

Praksis

For dei som tar årseining i engelsk som del av lærararutdanninga, vil det vera 2 vekes praksis i vårsemesteret

Studieopphald i utlandet

I studiet inngår eit 2 vekers opphald ved The Norwegian Study Centre i York i veke 44 og 45. Opphaldet er lagt opp med hovudvekt på praktisering av språket, men det vil òg bli gitt førelesingar om emne frå samfunnsliv og litteratur. Kvar vekedag vil studentane få undervisning av engelske lærarar.
Statens Lånekasse gir ekstralån, og Høgskulen gir eit tilskot.

Arbeidskrav

Kvart emne vil ha forskjellige arbeidskrav. Det vil gå fram av omtalen under dei einskilde emna kva arbeidskrav som gleld. Faglærar fastset frist for innlevering av arbeidskrav.

Sluttvurdering

Sluttvurdering går fram av omtalen av dei einskilde emna.

Avdeling Avdeling for lærarutdanning og idrett

Institutt Institutt for lærarutdanning

Sist revidert av
Dekan ALI

Sist revidert dato
16.04.2012

Studieprogramkode (opptakskode)
216170

Engelsk årsstudium
Emnekode Emnets navn S.poeng O/V *) Studiepoeng pr. semester
  S1(H) S2(V)
EN6-101 Lingvistikk 1: Engelsk grammatikk og
fonetikk
10,00 O 10  
EN6-108 Engelskspråkleg litteratur del 1 10,00 O 10  
EN6-105 UK& US: kultur og historie 10,00 O 10  
EN6-100 Lingvistikk 2: Engelsk grammatikk og
fonetikk
10,00 O   10
EN6-114 Engelskspråkleg litteratur del 2 A 15,00 O   15
EN6-107 Samfunnsstudium 5,00 O   5
Sum: 30 30
*) O - Obligatorisk emne, V - Valgbare emne
Engelsk med fagdidaktikk årsstudium (for lærarstudentar)
Emnekode Emnets navn S.poeng O/V *) Studiepoeng pr. semester
  S1(H) S2(V)
EN6-101 Lingvistikk 1: Engelsk grammatikk og
fonetikk
10,00 O 10  
EN6-108 Engelskspråkleg litteratur del 1 10,00 O 10  
EN6-105 UK& US: kultur og historie 10,00 O 10  
EN6-100 Lingvistikk 2: Engelsk grammatikk og
fonetikk
10,00 O   10
EN6-110 Engelskspråkleg litteratur med
didaktikk del 2 B
10,00 O   10
EN6-102 Fagdidaktikk med praksis 10,00 O   10
Sum: 30 30
*) O - Obligatorisk emne, V - Valgbare emne