Studiekatalogen 2010 

Jus

Årsstudium

Juridisk kunnskap er nyttig i mange yrke. I årsstudium i jus får du innføring i lover og reglar som gjeld både for privatpersonar og i det offentlege. Studiet er likt med første året på masterstudiet i jus ved Universitetet i Bergen, og du kan søkje om å gå vidare på masterstudiet der, om du ønskjer det.

Dette lærer du
  • Korleis rettssystemet er oppbygd
  • Korleis juristar tenkjer når dei løyser rettsspørsmål (juridisk metode)
  • Rettsreglar på rettsområde som kontraktsrett, forvaltningsrett og familierett
Oppbygging av studiet
  • Årsstudiet i jus er eit studium i sentrale juridiske emne. Du skal lære å analysere, drøfte og ta standpunkt til ulike rettsspørsmål.
  • Du lærer å forstå det juridiske språket, og tenkinga som ligg til grunn for dette.
Etterpå...
  • Studiet kan etter søknad inngå som fyrste år ved masterstudiet i jus ved Universitetet i Bergen
  • Studiet kan etter søknad inngå som del av bachelorgrad ved andre høgskular og universitet, til dømes i ei økonomisk-administrativ utdanning
  • Studiet kan og brukast som eit supplement til anna utdanning, til dømes som vidareutdanning for sakshandsamarar i offentleg forvaltning
Visste du at...
  • Prognosane på arbeidsmarknaden seier at det vil vere stor etterspurnad etter juridisk kompetanse dei kommande åra.
  • Studiet er også nyttig for folk som jobbar i private bedrifter og som treng grunnleggande juridisk kompetanse
Les meir om studiet og fagmiljøet på avdelinga sine nettsider

Studiemodell
Tilbake
studenter med kollokviearbeid

Du lærer å analysere, drøfte og ta standpunkt til ulike rettsspørsmål.


Studiestad: Sogndal
Studielengd
1 år
Studiepoeng
60
Opptakskrav

Generell studiekompetanse/
realkompetanse

Studieplan

Kontaktperson
Studieleiar Dag Digernes

Søknad til
Samordna opptak - SO

Søknadsfrist
15. april 2010

Studiekode SO
216 246



Høgskulen i Sogn og Fjordane Postboks 133, 6851 SOGNDAL. Tlf 57 67 60 00 Fax 57 67 61 00 E-post post@hisf.no

Copyright © 2006 Høgskulen i Sogn og Fjordane