Fornybar energi
Bachelorstudium
Menneskeskapte klimaendringar, større behov for energisikkerheit og moglegheiter for næringsutvikling har i seinare tid sett fokus på auka produksjon og bruk av fornybar energi. I studiet utviklar du viktig kompetanse innan energiteknologi, miljøkonsekvensar, økonomi og arealplanlegging.
Dette lærer du
- du opparbeidar deg brei kompetanse innan fornybar energi
- ei grunnleggjande forståing av energisystemet knytt til produksjon, distribusjon og bruk av energi
- dei viktigaste teknologiane som inngår i energisystemet, med hovudvekt på dei fornybare energiteknologiane
- om energisystemet sine miljøkonsekvensar, og kunnskap om ulike metodar for å analysere desse
- om produksjon og bruk av bioenergi, vindenergi, vasskraft og solenergi med meir
- å nytte og kombinere kunnskapar frå fagområde som naturfag, miljø- og naturforvaltning, økonomi og arealplanlegging
Oppbygging av studiet
- Det er lagt opp til forelesingar og gjesteforelesingar, lab- og feltarbeid, ekskursjonar, gruppe- og prosjektoppgåver og seminar
- 120 studiepoeng er obligatoriske, der emne innan geologi, GIS, økologi, offentleg forvaltning, matematikk, fysikk, statistikk, bedriftsøkonomi, tre emne om fornybar energi og bacheloroppgåve inngår
- Du kan velje om du vil ta eitt år (60 studiepoeng) med fordjuping i økonomifag eller eitt år med fordjuping i planfag og geofag, med sikte på å ta ein mastergrad i desse retningane etterpå
Etterpå...
- Utdanninga gir god bakgrunn for jobb i energibedrifter, konsulentselskap, organisasjonar og offentlig forvaltning med oppgåver innan fornybar energi
- Etter fullført studium kan du søkje opptak på masterprogram ved NTNU, NHH og UMB
Visste du at...
- Fornybar energi er eit nytt studium ved HSF?
- Erling Holden er nytilsett professor i fornybar energi?
Les meir om studiet og fagmiljøet på avdelinga sine nettsider
Tilbake
Foto: A til Å-www.atilaa.no
Studiestad:
Sogndal
Studielengd
3 år
Studiepoeng
180
Kompetanse
Bachelor i fornybar energi
Opptakskrav
Generell studiekompetanse/
realkompetanse
Studieplan
Kontaktperson Studieleiar Helge Hustveit
Søknad til Samordna opptak - SO
Søknadsfrist15. april 2010
Studiekode SO
216835
|
|