Geologi og geofare
Bachelorstudium
Er du oppteken av klimaendring og naturkatastrofar? Med eit meir ekstremt klima aukar skred- og flaumaktiviteten. Det er, og vil bli eit stort behov for kompetanse knytt til skred, flaum og andre geofarar i framtida.
Dette lærer du
- geologi gjennom heile jordhistoria
- geologiske prosessar
- om geofarar og relevansen i forhold til samfunnet
- om geologiske ressursar som mineral, vatn og olje
- å arbeide sjølvstendig og i samarbeid med andre
- å formidle kunnskapar munnleg og skriftleg
Oppbygging av studiet
- Studiet er delt inn i seks tematiske studiesemester på 30 studiepoeng kvar (sjå studiemodellen)
- Delar av studiet vert tilbydd for internasjonale studentar og vert undervist på engelsk. Dette gir våre geologistudentar ein etterspurd tilleggskvalifikasjon
- Det 5. semesteret kan du anten velje planfag, det internasjonale studiet From Mountain to Fjord (Geologi og Økologi), andre relevante emne ved HSF, eller studere i utlandet.
Internasjonale avtalar
USA, Nederland og Tyskland
Etterpå...
- Du er kvalifisert til praktisk orienterte geofaglege yrke
- Kan du søkje jobbar både i offentleg og privat sektor, til dømes innanfor miljø, kommunale etatar, samferdselsektoren, konsulentfirma og bergindustri
- Kan du søkje jobb i oljesektoren
- Kan du nytte bachelorgraden som plattform for vidare studium mot ei mastergrad ved andre høgskular og universitet
Visste du at...
- mange av våre geologistudentar har fått jobb i oljesektoren?
- du er ettertrakta som arbeidskraft i oljesektoren?
- du får studere i eit internasjonalt studentmiljø, og vere i nær kontakt med geologien i området?
Les meir om studiet og fagmiljøet på avdelinga sine nettsider
Tilbake