Kode
FP332 100
Norsk namn
Fagleg-pedagogisk studium i tverrfagleg estetiske fag - deltid.
Studiepoeng
30.00
Kategori
Obligatorisk fag i 3–årig førskulelærarutdanning. Rammeplan av 2003.
Semester
1. studieår: 12 studiepoeng
2. studieår: 18 studiepoeng
Læringsmål
Studentane skal auke sin eigen faglege og didaktiske kompetanse i drama, musikk og forming/kunst og handverk, og dei skal utvikle forståing for, innsikt i og kunnskap om tverrfaglege arbeidsområde i desse faga i barnehagen.
Innhald/oppbygging
Studiet er sett saman av fem hovudemne:
- Fagleg eigenutvikling gjennom skapande og teoretisk arbeid i faga
- Estetiske fag i pedagogisk arbeid med barn
- Den estetiske dimensjon i barnehage, skule og samfunn
- Prosjektarbeid og rettleiing
- Tverrfagleg arbeid med vekt på den overordna profilen på studiet (natur, kultur og utefag)
FØRSTE STUDIEÅR
1. semester: Barn, barndom og oppvekst (6 sp)
· Uterommet som scenisk arena
· Leik og fiksjon
· Dramaturgi og forteljing
2. semester: Naturen som læringsarena (6 sp)
· Song, leik, dans og samspel
· Lyd og musikk i naturen
ANDRE STUDIEÅR
3. semester: Den kulturelle barnehagen (12 sp)
· Symbol, bilete og visuelt språk
· Barnet si estetiske utvikling
· Den estetiske dimensjon i barnehage, skule og samfunn
4. semester: Utefag – vinter og vår (6 sp)
· Eigenutvikling i skapande arbeid
· Kulturomgrepet og vår forståing av det
Undervisnings- og læringsformer
Studiet er organisert med vekesamlingar i Sogndal og studiegrupper lokalt. Arbeidsformer på samlingane er førelesingar, studentaktive- og problembasertelæringsformer med arbeid individuelt og i grupper. Arbeidsformene på samlingane, i lokale grupper og individuelt byggjer på at IKT vert nytta, og læringsplattforma er Classfronter. Mellom samlingane ligg aktiv bruk av lokale studiegrupper og undervisninga vil i større grad enn elles leggje til grunn at det vert arbeidd etter ein plan mellom samlingane. IKT skal understøtte læringa og auke samhandlinga mellom studentane på felles- og gruppesamlingar, mellom enkeltstudentar og mellom studentar og faglærarar (informasjon, dialog og rettleiing).
Teoretisk innsikt og opplevd aktivitet skal danne grunnlag for studentane når dei skal planleggje, legge til rette, gjennomføre og vurdere pedagogisk arbeid med barn, både inne og ute.
I studiet er mapper elektoniske, om ikkje anna er sagt.
- Materialavgift: Studentane må betale materialavgifta som er vedteken av dekan.
Praksis
20 veker praksis integrert i fagstudiet over fire studieår. Sjå eigen plan for praksis. I ei veke praksis i 3. semesteret skal studentane gjennomføre og dokumentere eit prosessorientert pedagogisk arbeid med barn.
Arbeidskrav
- Obligatorisk frammøte til samlingane i Sogndal
- Arbeid i lokale grupper
- Eitt fagspesifikt arbeid i kvart av faga drama, musikk og forming/kunst og handverk
- 2. semester: Eitt tverrfagleg pbl-arbeid i faga pedagogikk, fysisk fostring, musikk og naturfag m/ miljølære
- 3. semester: Eitt tverrfagleg prosjektarbeid i dei estetiske faga
- Praksis, førebuing og etterarbeid
- Greidd praksis
Sluttvurdering
2. studieår: Vårsemesteret
FP332 111 Tverrfagleg estetiske fag: Individuell, skriftleg heimeeksamen med ein del tverrfagleg og ein del musikk, drama eller forming/kunst og handverk (studenten trekker fag)
Tid: 3 dagar
Vekting: 40 %
2. studieår: Haustsemesteret
FP332 112 Tverrfagleg estetiske fag: Praktisk tverrfagleg prosjekt i gruppe
Tid: 4 dagar
Vekting: 60 %
Pensum
Førebels pensumlitteratur vil ligge føre ved studiestart. I tillegg til det fastlagde pensumet, skal studentane kvart år legge opp eit visst tal sider med sjølvvalt pensumlitteratur. Desse sidene skal godkjennast av faglærar. Endeleg litteraturliste skal ligge føre innan oppmeldingsfristen til eksamen. For haustsemesteret er denne fristen 15. september og for vårsemesteret 15. februar. Pensumlista ligg på faget sine internettsider.