ID3-301
Friluftslivsvegledning og klatring
Obligatorisk emne i 3. år bachelor friluftsliv
Fullført 2. år bachelor friluftsliv eller tilsvarande.
Gjennom emnet skal studentane:
- tileigne seg gode ferdigheiter og grunnleggande vegledarkompetanse innan klatring
- kunnskap om den norske klatrehistoria
- kjenne til fenomenet buldring og korleis denne aktiviteten kan brukast i friluftslivssamanheng
- gjennomføre trygg gruppeaktivitet på låge klipper/klatrevegg med taubruk
- kunne formidle gode sikringsrutinar ved klatring på klipper og rappell
- bli trygg på sin eigen ferdigheit innan klatring
- bli trygg på å leggje fram eit tildelt tema innan friluftsliv for medstudentar
Gjennom emnet skal studenten:
- Tileigne seg djupare kjennskap til friluftslivsvegledning innan ulike klatreaktivitetar
- Tileigne seg djupare forståing for gruppesamansetning, vegval, risikohandtering og ansvar
- Tileigne seg kunnskap om turisme som kulturelt og historisk fenomen
Førelesningar, ekskursjonar og framlegging av individuelt studenttema. Mykje av lærestoffet skal bli integrert og erfart i den praktiske undervisninga. Loggar blir brukt i samband med ekskursjonar.
- Fjell og tinderangling, 5 dagar (del 1 av NF-godkjenning klatrekurs)
- Turisme Nærøyfjorden, 3 dagar
- Eigenferd, B3 planlegg og gjennomfører tur for B1 og B2 studentar, 3 dagar
- Klatreaktivitet i Frankrike, ca 12 dagar (del 2 av NF-godkjenning klatrekurs)
I samband med ekskursjonar må studentar ved HSF vera budd på å betala ein eigenandel. Vi syner til HSF sitt fellesreglement for dekking av bu- og reiseutgifter: www.hisf.no/no/ali/praksis. Ein del spesifikt turutstyr er også å rekne som personleg utstyr.
- Gjennomførte ekskursjonar og obligatorisk oppmøte til praktisk undervisning
- Godkjenning av refleksjonslogg i samband med uteundervisning
- Godkjenning av vegledingstur (skriftleg plan og gjennomføring)
- Godkjenning av skriftleg studenttema og praktisk gjennomføring av studenttema
ID3-301 Individuell munnleg eksamen
Klatring:
Grimeland, G. (2004). En historie om klatring i Norge 1900-2000. Fagbokforlaget.
Grimeland, G. (1997). Når uhellet er ute. Joh Nordahls trykkeri.
Tronstad, S. (2005). Innføring i klatring. Akilles forlag.
Friluftslivsvegledning:
Priest, S og Gass, M.A. (2005). Effective Leadership in Adventure Programming. Human Kinetics.
Direktoratet for samfunnssikkerhet og berdedskap (2007). Temaveiledning og risikoanalyse. For risikofylte forbrukertjenester. Tilgjengelig: http://www.dsb.no/File.asp?File=Publikasjoner/temaveiledningrisikoanalyse.pdf [2007-08-15].
Jensen, Pål (2001). Klatring og erstatningsansvar. Norges klatreforbund. Tilgjengelig: http://www.klatring.no/files/pdf_filer/sikkerhet/Klatring%20og%20erstatningsansvar%20PJ.pdf [2007-08-15].
Turisme:
Jacobsen Steen, Jens Kr. (2002). Tilbakeblikk på turismen. I: Jens Kr.Steen Jacobsen og Arvid Viken 2002. Turisme. Fenomen og næring. S. 1-55 (i kompendium).
Pedersen, Kirsti. (2001). Friluftsliv som turisme. I: Arvid Viken (red.) 2001. Turisme. Tradisjon og trender. S. 207-216 (i kompendium).
Christensen, Olav. (1993). Skiidrett før Sondre. Vinterveien til et nasjonalt selvbilde. Gyldendal. S. 1-155 (i kompendium).
Grimstad Klepp, Ingun. Kulturminner og friluftsliv. En diskusjon av turgåernes begrunnelser for kulturminner.FOK-programmets skriftserie nr. 12. S. 1-53 (i kompendium).
Viken, Arvid. (2004). Turismens miljørelasjonar. I: Arvid Viken 2004. Turisme. Miljø og samfunn. Kap. 2, s. 30-53 (i kompendium).
Pensum: Studieåret 2007/08