ID3-104
Aktivitetslære
Obligatorisk emne i 1.år bachelor idrett
Haust og vår
Utvikle eigendugleik og meistring av sentrale rørslemønster. Få kunnskap og erfaring i å planlegge, organisere, tilrettelegge og rettleie på ulike dugleiksnivå. Auka dugleik i å observere, analysere og vurdere sentrale rørslemønster.
Dei praktiske timane blir lagt opp som konsentrerte emnekurs. I desse kursa vil det metodiske stå sentralt saman med utvikling av eigenferdigheit. Instruktørrolla får studentane prøvd ut i nokre av kursa i studiet.
I dei praktiske timane vil det metodiske grunnlaget vere sentralt, saman med eigendugleik og meistring av sentrale rørslemønster.
Friluftsliv haust, 2 dagar med 1 overnatting
Friluftsliv vinter , 2 dagar med 1 overnatting
Alpinkurs, 5 dagar med 4 overnattingar
Skileik, 4 dagar
- Praktisk prøve i livberging i vatn/HLR
- Obligatorisk deltaking og arbeidsoppgåver knytt til delar av undervisninga. Kva delar dette gjeld skal gå fram av semesterplanen. Faglærar kan gi fritak frå fysisk aktiv deltaking ved særlege omstende t.d. skade, etter søknad med legeattest.
- Friluftsliv haust, 2 dagar med 1 overnatting
- Friluftsliv vinter , 2 dagar med 1 overnatting
- Alpinkurs, 5 dagar med 4 overnattingar
- Skileik, 4 dagar
- to teoriprøvar, haust og vår
Vårsemesteret
ID3-104 Aktivitetslære: Praktisk - metodisk individuell eksamen
Førebels pensumliste skal ligge føre ved studiestart. For haustsemesteret er denne fristen 15. september og for vårsemesteret 15. februar.