Kode
OR 617
Norsk namn
NAV - Organisasjon og leiing i eit omstillingsperspektiv
Studiepoeng
30.00
Kategori
Vidareutdanning.
Semester
Vidareutdanning start september 2006, og blir avslutta vinteren 2007 – 2008. Studiet lyst ut med studiesamlingar i Rogaland (Haugesund/Stavanger), Hordaland (Bergen), Sogn og Fjordane (Førde/Sogndal) og Møre og Romsdal (Ålesund).
Forkunnskapar
Opptakskravet er generell studiekompetanse og erfaring som leiar, alternativt erfaring frå andre arbeidsoppgåver for studentar som er i byrjinga av ei leiarkarriere. Realkompetanse kan etter særskild vurdering vere grunnlag for opptak av studentar som ikkje har formell studiekompetanse
Læringsmål
Hovudmålet for studiet er at deltakarane skal utvikle sin eigen leiings- og utviklingskompetanse gjennom å arbeide med moderne teoriar om organisasjon og leiing, og bruke desse til å analysere ulike situasjonar og problem med relevans for leiarar i organisasjonar som arbeider med velferdsspørsmål.
Innhald/oppbygging
Studiet er basert på samlingar som går over tre dagar kvar. I alt vert det gjennomført 6 samlingar i løpet av studiet. Mellom samlingane skal studentane arbeide på eiga hand og i grupper. I tillegg vil kontakten mellom student og lærar og studentane imellom finne stad via eit ikt-basert læreprogram (ClassFronter).
Undervisnings- og læringsformer
Studiet er bygt opp med 6 samlingar med førelesingar, seminar og gruppearbeid. På samlingane vil studentane møte varierte og problemorienterte arbeidsformer som casedrøftingar, øvingar og prosjektseminar med drøftingar av eige og andres prosjekt. På denne måten kan studentane utvikle si forståing av sin eigen organisasjon både gjennom eigne analysar og ved å bli konfrontert med andre deltakarar sine spørsmål og tolkingar. Sameleis skal dei bli kjende med andre studentar sine analysar av sin organisasjon, og få trening i å analysere andre typar organisasjonar enn sin eigen.
Samlingane er i regelen tredagars samlingar (frå 12.00 første dag til 13.00 3. dag) . Mellom samlingane skal studentane arbeide med pensumlitteratur og oppgåver. Det vert lagt vekt på å utvikle bruken av IKT som kommunikasjons- og informasjonskanal og som læringsverktøy i studiet
Praksis
Det er ikkje krav til praksis undervegs i studiet, men vi viser til opptakskrava sine formuleringar om praksis som grunnlag for opptak.
Arbeidskrav
I samråd med faglærar formulere eit arbeidskrav etter første og andre samling. Arbeidskravet skal ein arbeide med fram til neste samling.
Sluttvurdering
Vurderinga er basert på prosjektoppgåve. Ved avslutninga av studiet leverer studentane ei større prosjektoppgåve (individuelt eller i grupper inntil 3) som der målet er å bruke kunnskapen frå studiet i ein konkret organisasjonsanalyse.
Pensum
For pensumlitteratur vert det synt til omtalen av dei enkelte samlingane. Pensumlitteraturen på eit studium av dette slaget vil stadig vere i endring. Litteraturforslaga må derfor oppfattast som døme på aktuell litteratur. I enkelte tilfelle er det oppgitt alternative forslag på same tema. Det er dessutan viktig å understreke at mykje av litteraturen som er oppgitt i samband med eitt bestemt tema, også kan kome til nytte i seinare tema i studiet, sjølv om dette ikkje alltid er spesifikt nemnt i omtalen av dei ulike bolkane