Bacheloroppgåve i turisme og reiseliv
Obligatorisk emne for bachelor i turisme og reiseliv.
Vår, 6. semester.
Alle tidlegare emne i studiet.
Prosjektoppgåva skal gi studentane høve til å arbeide med relativt omfattande problem over tid. Dei skal få høve til å samle inn, vurdere og nytte fleire typar data frå ulike kjelder, utnytte og utvikle fagkunnskapane sine, og utvikle evnene til diagnose, problemløysing og skriftleg rapportering.
Prosjektarbeidet skal setje studentane i stand til å utvikle og tilrå løysing på relativt store utgreiingsoppgåver, bruke og integrere teori og metodar frå ulike delar av studiet på ei konkret problemstilling, og rapportere faglege tema i skriftleg form. Tema for prosjektarbeidet skal relaterast til valde fordjupingsretning. Oppgåvene kan med fordel vera knytt til konkrete bedrifts-, felt- eller områdeanalysar. Tema og problemstilling skal godkjennast av rettleiar.
Prosjektarbeidet inngår som ein del av undervisninga, og det vert gjeve rettleiing etter avtale i alle fasar av arbeidet. Prosjektarbeidet skal løysast idividuelt eller i gruppe på 2 – 3. Arbeidet gir godt høve til prosjektretta samarbeid/case-jobbing i grupper og saman med rettleiar.
Innlevering av bacheloroppgåva. Det vert gitt ein samla karakter for gruppene. Bokstavkarakter.