RE6-102
Turisme og samfunn
Obligatorisk emne 2. semester for bachelorstudium i turisme og reiseliv og årsstudium i turisme og reiseliv.
Vår, 2. semester.
Tilrådd emna Reiselivsnæringa: utvikling, struktur og særtrekk, Reiselivsmarknaden og reiselivsproduktet
Etter avslutta emne skal studenten kunne analysere kva næringa har å seie med omsyn til inntekter, sysselsetting og overrislingseffektar, samt kjenne og kunne vurdere bruken av ulike statistiske metodar for kartlegging av økonomiske verknader av turismeverksemd. Studentane skal i tillegg kunne gjere greie for innhaldet i-, målsettingane for- og verkemidlane rundt norsk næringspolitikk, miljøpolitikk og distriktspolitikk med relevans for turisme. Studentane skal kjenne basisteoriane om, og vere meir medvetne om, kva fysiske/ miljømessige og kulturelle verknader reiselivsaktivitet og turisme kan ha.
Emnet startar med ein gjennomgang av korleis ein kan estimere økonomiske og sysselsettingsmessige effektar av næringsverksemd. Vi legg opp til ei gransking av den historiske utviklinga av reiselivspolitikken i landet, og samanliknar deler av den aktuelle politikken med reiselivspolitikken i andre land. Dette skulle gje oversyn over korleis rammevilkåra for næringa har utvikla seg, og er i høve til andre næringar. Reiselivsverksemd representerer mange moglegheiter for å utløyse interessekonfliktar. Vi tek opp nokre av desse i form av seminar om miljøproblem ("indre" og "ytre" miljø), forbrukarspørsmål og kulturvern.
Førelesingar, gjesteførelesingar, litteraturstudium, dømestudium, ekskursjon.
Emnet inneheld bedriftsbesøk og ekskursjonar på 1 til 2 dagar med obligatorisk deltaking.
Det skal leverast inn 3 oppgåver til godkjenning med presentasjonar i plenum. Oppgåvene skal løysast i grupper på opp til tre personar. Individuell oppgåveløysing må godkjennast av faglærar.
Skriftleg eksamen, 5 timar. Bokstavkarakterar.
Turisme i Norge – ei samfunssak? (Fitje, Det norske samlaget 2001)