OR6-206 Personalleiing

Kode
OR6-206

Norsk namn
Personalleiing

Engelsk namn
Personell Managemeng

Undervisningsspråk
Norsk

Studiepoeng
5,00

Kategori
Emne i HSF Oppdrag gjennom Folkeuniversitetet

Semester
vår

Læringsmål

Etter fullført emne skal studentane vere i stand til å gjere greie for og drøfte sentrale omgrep og problemstillingar innan personalleiing og å sette personalarbeidet inn i ein organisasjonsmessig samanheng. Vidare skal studentane tileigne seg kunnskapar som gir føresetnader for å ta seg av personaladministrative oppgåver i ein organisasjon, på ein slik måte at ein fremmar effektivitet, trivsel og kompetanseheving.

Innhald/oppbygging

- Introduksjon: Historisk utvikling av faget, sentrale omgrep og problemstillingar- Strategisk personalleiing- Personalpolitikk- Personalplanlegging- Verkemiddel i personalleiing: Rekruttering, læring og personalutvikling, motivasjon og belønningssystem, karriereplanlegging og -leiing, personalavvikling- Internasjonal personalleiing- Framtidig personalleiingInkluderande arbeidsliv

Undervisnings- og læringsformer

Førelesingar, sjølvstudium, oppgåveløysing, gruppeøvingar og problembasert arbeid. Desse arbeidsformene blir integrerte i minst ei større innleveringsoppgåve.

Arbeidskrav

Det skal leverast inn to oppgåver. Oppgåvene kan gjerast individuelt eller i grupper på maksimalt tre personar. Faglærar er ansvarleg for godkjenninga.

Sluttvurdering

Skriftleg eksamen, 4 timar. Bokstavkarakter. Lovlege hjelpemiddel ved eksamen: Noregs Lover, lovsamling eller særtrykk av lover, reine rettskrivingsordlister

Pensum

Nordhaug, Odd (2002): LMR : ledelse av menneskelige ressurser : målrettet personal- og kompetanseledelse. Universitetsforlaget, Oslo.Resten av pensumet blir oppgitt ved studiestart.

Sist revidert av
Veronika Trengereid

Sist revidert dato
12.05.2011