Havpadling, del 2

Skriv ut Utskrift med emner
Norsk namn
Havpadling, del 2

Engelsk namn
Sea kayaking

Undervisningsspråk
Norsk/Engelsk

Studiepoeng
5

Organisering
Deltidsstudium, studiet gjennomførast i samarbeid med Norsk Kystkulturakademi i Solund kommune.

Organisering 2
Desentralisert (utanfor Sogndal, Førde, Sandane) / Off Campus

Målgruppe

Målgruppa er studentar og andre som ynskjer å auke eigen kompetanse på havpadling og som ynskjer å arbeide med havpadling på ulike nivå i skuleverket, gjennom frivillige organisasjonar eller i kommersiell samanheng.

Opptakskrav

Opptakskrav til studiet er generell studiekompetanse eller realkompetanse og gjennomført del 1 havpadling (10 sp).

Innhald / oppbygging

Det sentrale i studiet vil vere korleis ein kan tilretteleggje for gode læringssituasjonar i havpadling. Sikkerheit er ein viktig del av dette. Det vert såleis arbeidd med ulike undervisingsmetodar og undervisingsprinsipp som kan nyttast i undervising og veiledning. Leik og ulike øvingar vert gjennomgått som viktige metodar for å betre teknikk og auke ferdigheitsnivået hjå nybyrjarar i havpadling. I ei vidareføring av dette vil organisering og leiing av grupper i havkajakk vere sentralt. Vurdering av gruppa, eigen kompetanse og vær- og sjøforhold vil vere viktige moment som ligg til grunn for organisering og vil såleis avgjere om ein greier å leggje til rette sikker padleaktivitet. I samanheng med dette vil ulykkesteori og situasjonsbestemt leiing verte gjennomgått. Som leiar for ei gruppe i havpadling må ein også kunne enkel førstehjelp og forebygging og behandling av nedkjøling. I tillegg vert grunnleggande treningsprinsipp og treningslære gjennomgått. Innhaldet i studiet dekker innhaldet i Norges Padleforbund sitt kurs ”aktivitetsleiar havpadling”. Etter gjennomført studium skal deltakarane ha gode kunnskapar og ferdigheiter i høve å gå vidare i padleforbundet sin våttkortstige.

Den praktiske undervisinga går over totalt fem dagar fordelt på to samlingar og vert i sin heilheit lagt til kysten. Arbeid med arbeidskrav gjerast mellom samlingane. Innlevering av mappe i etterkant av undervisinga.

Undervisnings- og læringsformer

Studiet vil ha ei leik- og øvingsbasert tilnærming i praktisk undervisning. Deltakarar vil få ansvar for gjennomføring av aktivitetar og leiing av gruppa på vatnet. Ulike teorimoment blir gjennomgått i praksis. Det vil vere obligatorisk innlevering av plan for nybyrjarkurs etter padleforbundet sin standard og gjennomføring av deler av denne planen.

Læringsutbyte

Etter avslutta studium skal studenten:

  • kunne nytte ulike undervisingsmetodar og undervisingsprinsipp i undervising og veiledning i havpadling
  • kunne organisere og leie undervising og turar for grupper i havkajakk på ein sikker måte under relativt gode vær- og sjøforhold (t.d. tilpasse organisering, leiing og vegval etter deltakarar sin kompetanse i høve til vær- og sjøforhold)
  • kunne utføre enkel fyrstehjelp ved nedkjøling og vanlege skader i havpadling (t.d. sårskader, skulderluksasjon, belastningsskader)
  • kunne planlegge og gjennomføre nyrbyrjarkurs i havpadling etter padleforbundet sin standard i våttkortstigen
  • meistre effektiv padleteknikk og kunne gjennomføre eigenredning, kameratredning og tauing i relativt gode vær- og sjøforhold
  • ha kunnskap om grunnleggande padleutstyr for havpadling og kunne vurdere bruken av dette i for ulike grupper i ulike situasjonar (t.d. om sommaren og vinteren)
Arbeidskrav

All undervising er obligatorisk.

Innlevering av plan for nybyrjarkurs.

Praktisk gjennomføring av nybyrjarkurs (del av eit kurs).

Sluttvurdering

Mappe vurdert til greidd/ikkje greidd (to skriftlege oppgåver).

Ved godkjent studium får deltakarane våttkort med kursbeviset ”aktivitetsleiarkurs havpadling” gjennom våttkortstigen til Norges Padleforbund.

Pensum

Førebels pensum:

Alderson D og Pardy M (2003). Handbook of safety and rescue. Ragged Mountain Press/McGraw-Hill, USA. s 3 – 17, 28 – 53, 149 - 177 (68 s)

Brattenborg S og Engebretsen B (2007). Innføring i kroppsøvingsdidaktikk. Høyskoleforlaget AS, Krsitiansand. 2. utgåve. s 87 – 111 og 112 – 118 (31 s)

Brown G (2006). Sea Kayak. Pesda Press Ltd, Storbritannia. s 78 – 81 (4 s)

Fauske L og Bruland ØS (2007). Førstehjelp på tur. Fri Flyt, Oslo. s 32 – 40, 46 – 48, 50 – 83, 87 – 101, 104 – 109 (65 s)

Norges Padleforbund (2006). Aktivitetslederkurs hav. (50 s)

Priest S og Gass MA (2005). Effective leadeship in adventure programming. 2. utgåve. s  45 – 63, 91 – 98, 243 – 252, 279 – 288 (47 s)

Tordsson B (2006). Perspektiv på naturmøtets pedagogikk. Foreløpig utgåve. s 81 – 131 (50 s)

Støttelitteratur:

Aadland, E (2007). Eigenredning i havkajakk. Bacheloroppgåve, Høgskulen i Sogn og Fjordane

Cunningham C (Red.) (1997). Deep trouble –true stories and their lessons. Ragged Mountain Press/McGraw-Hill, USA

Hanson J (2006). Complete sea kayak touring (2. utgåve). Ragged Mountain Press/McGraw-Hill, USA

Køhn Ø og Rishovd R (2006). Kajakk –hav, tur og mosjonspadling. Boksenteret Erik Pettersen & Co AS, Oslo

Mytting, I og Bischoff, A (1999). Friluftsliv. Gyldendal undervisning, Oslo

Endeleg pensumliste skal vere klar innan studiet startar.

Godkjent av
Dekan ALI

Godkjent dato
24.01.2011