NO333 Ta pulsen på språket

Skriv ut Utskrift med emner
Norsk namn
NO333 Ta pulsen på språket

Undervisningsspråk
Norsk

Studiepoeng
15

Organisering 2
På studiestaden (Sogndal, Førde, Sandane) / On Campus

Målgruppe

Hovudmålgruppa er saksbehandlarar og leiarar i offentleg forvaltning. Andre som er interesserte i godt språk, vil også ha nytte av studiet.

Opptakskrav

Generell studiekompetanse eller på grunnlag av realkompetanse.

Innhald / oppbygging

Læringsutbytet i emnet er knytt til forbetra praksis på seks hovudtema:

A Språket i samfunnet

  •  Maktspråk og språkmakt
  •  Kjønn og språk
  •  Informasjonspolitikken i det offentlege

B Rett sjanger. Vi går gjennom

  •  Brevet - Norsk standard brevmal Språk på tomgang i brev
  •  E-brevet – verken fugl eller fisk, men nyttig likevel?
  •  Notatet - ikkje eit referat
  •  Referat og protokoll - ulike former, formalkrav
  •  Rapport, mangfaldig sjanger
  •   Pressemeldinga - ein pyramide
  •  Nettartikkel og nettnotis

 C Rett språk. Du skal arbeida med eit skikkeleg nynorskkurs, dessutan

  •  høfleg tiltale
  •  meir om kjønn og språk
  •  mållova
  •  teknisk rettskriving
  •  ordval, du er ikkje diktar

D Godt språk

  •  Fagord – og uttrykk som ikkje når fram
  •  Å vere heilt i tåka: Jappeprat og fyllkalk
  •  Overdriven passivbruk
  •  Substantivsjuke
  •  Å knyte saman ledd og setningar
  •  Tunge ledd som bremsar forståinga

E Saksbehandling Temaet inneheld ei kort gjennomgåing av hovudprinsippa i offentleg saksbehandling, deretter avgrensa til det språkleg relevante. Det blir lagt noko ekstra vekt på elektronisk saksbehandling.

  •  Fakta, vurdering, vedtak - ei saksutgreiing
  •  Kva er saksbehandling? Kva bør kjenneteikne ei offentleg sak? Kven er mottakar?
  •  Litt om fullført saksbehandling?
  •  Ein mal for ei saksutgreiing
  •  Krav til innhald, form og struktur
  •  Vurdering og vedtak, ikkje lett!
  •  Når nokon klagar
  •  Særlege omsyn ved elektronisk saksbehandling

F Det munnlege saksarbeidet

  •  Presentasjon / Framlegging til forsamling med og utan støtte
  •  Presentasjon i mindre gruppe
  •  Formell møteleiing
  •  Å forma eit innlegg

G Rett verktøy til rett formål

  •  Kva er typisk for elektroniske læringsverktøy og prosjektverktøy? Kva brukar vi dei til? Utgangspunkt i Classfronter og eventuelt prosjektstyringsverktøy som Prosjektplassen
  •  Å bruke Word – som skrivestøtte, som redigeringsverktøy, som hypertekstverktøy
  •  Rekneark i saksbehandling og Power Point e.l. til presentasjon – kort innføring
  •   Sak-/arkivsystem
Undervisnings- og læringsformer

Eitt utgangspunkt for arbeidet er at kurslæraren vurderer og går gjennom det materialet kursdeltakarane leverer inn frå jobben sin. Resultata frå denne språkdiagnosen er eige førelesingstema.

Emnet er oppbygt av

  • to innleverte dokument frå eige arbeid i forkant av kurset. Dokumenta skal leverast på data
  • pensumlitteratur, trykt og på nett
  • arbeid med oppgåveløysing i tilknyting til dei seks hovudtemaa.

Oppgåvene blir diskuterte og kommenterte i diskusjonsgrupper blant deltakarane og kommenterte av kurslærar etter ønske Deltakarane må ha tilgang til pc med Internett, t.d. minimum Windows XP med Word tekstbehandlar. Emnet blir gjennomført med det elektroniske læringssystemet Classfronter www.fronter.com. Det blir gjeve særskild opplæring i dette verktøyet.

Alle deltakarar skal ha prøvd ut virtuell rettleiing både på videokonferanse eller vanleg telefon og gjennom pc-verktøy. Det er ikkje andre krav til praksis.

Læringsutbyte

Etter avslutta studium skal deltakarane:

  • ha fått auka språkmedvitet og språkkompetansen og slik blitt betre skikka til å kommunisera med dei som skal bruka offentlege tenester.
  • ha auka kompetansen sin i offentleg språk og saksbehandling
  • ha fått gjennomføra eit studium der læringa i hovudsak er knytt til tema på jobben og går føre seg på jobben
  • ha fått auka kunnskap om og trening i å bruka virtuelle verkemiddel i læringa
Arbeidskrav

To obligatoriske gruppearbeid og to individuelle arbeid knytt til læringsmåla.

Sluttvurdering

For å få studiepoeng i emnet må deltakarane ha fått godkjent dei fire arbeidskrava og gjennomføra ein individuell heimeeksamen. Omfang på eksamenen: ei veke. Bokstavkarakter A-F.

Pensum

- Fretland: På saklista. Fagbokforlaget. 2006

- Studentane skal ha kjennskap til følgjande nettsider frå Språkhjelpa til Språkrådet:

http://www.sprakrad.no/nb-no/Sprakhjelp/Leik/Fraa_bokmaal_til_nynorsk/

http://www.sprakrad.no/nb-no/Sprakhjelp/Rettskrivning_Ordboeker/

http://www.sprakrad.no/nb-no/Sprakhjelp/Skriveregler_og_grammatikk/

http://www.sprakrad.no/nb-no/Sprakhjelp/Leik/Rettskriving/

- Diverse artikkelstoff knytt til bruk av ikt-verktøy og til munnleg framføring

- Å skrive for skjermen” – Innføringsførelesing
- Førelesingar utlagde på Classfronter

- Stoff frå eigen arbeidsstad

Godkjent av
Dekan ALI

Godkjent dato
22.04.2005

Sist revidert av
Dekan ALI

Sist revidert dato
07.01.2011