Studiehandbok 10/11 / Emne / AVDELING FOR ØKONOMI, LEIIN... / JU6-500 Skuleleiarens forvaltningsrolle - juridisk perspektiv  

JU6-500 Skuleleiarens forvaltningsrolle - juridisk perspektiv

Kode
JU6-500

Norsk namn
Skuleleiarens forvaltningsrolle - juridisk perspektiv

Undervisningsspråk
Norsk

Studiepoeng
7,50

Fagleg overlapp
Emnet overlappar 90 % med emnet JU6-403 Jus i utdanningssektoren

Kategori
Obligatorisk del av Skuleleiing

Semester
Haust 2011

Innhald/oppbygging

Innføring i juridisk metode- og rettskjeldelære. Tolkingslære til bruk for tolking av lover og forskrifter. Forvaltningsrett i skulen – alminnelege forvaltningsrettslege grunnprinsipp og saksbehandlingsreglane i forvaltningslova. Teieplikta i skulen. Rett og plikt til opplæring. Arbeidsrett i skulen. Samarbeid skule – heim. Skulens erstatningsansvar. Dagens forvaltningssystem og utviklingstrekk mot framtidas forvaltningssystem.

Undervisnings- og læringsformer

Forelesingar, utarbeiding av svar på øvingsoppgåve utlevert av faglærar, individuell eller gruppevis rettleiing i samband med oppgåver. Sjølvstudium.

Kompetanse/læringsutbyte

Etter fullført emne skal deltakarane:

-    kjenne seg trygge på at dei utøver fagleg og administrativ leiing innanfor dei grensene rettsreglane set

-    vere kjende med juridisk tenkemåte og dei viktigaste rettsreglane som regulerer skulen si verksemd i høve elevar, foreldre og tilsette

-    kunne vurdere kor tid det er nødvendig å kontakte ytterlegare juridisk ekspertise

-    og kunne vurdere og reflektere over korleis moderne skuleleiing kan finne stad i samsvar med lovverket.

Arbeidskrav

Presentasjon av framdrift i eige lokalbasert utviklingsprosjekt.

Sluttvurdering

Heimeeksamen – 8 dagar. Svar på utleverte juridisk oppgåver innan dato gjort kjent av faglærarar. Formelle krav, som t.d. maksimalt sidetal, vert også gjort kjent av faglærar.

Bokstavkarakter (A-F).

Pensum

Woxholth, Geir; Forvaltningsloven : kommentarutgave . - 4. utg. Oslo : Ad notam Gyldendal, 2006

Geir Helgeland: Opplæringslova, kommentarutgave , 2 utg. Oslo: Universitetsforlaget, 2006

Veiledning om spesialundervisning i grunnskole og videregående opplæring . Regelverk, prosedyrer og prosesser. Udir-2004

KD (2006) Lov om barnehagar

KD (2006) Rammeplan for innhaldet og oppgåvene i barnehagen. F-4205

BFD (1991) FNs konvensjon om barns rettigheter . Stortingsmelding. Q 0648.

KD (2006) Temahefte om barns medverknad

Studentane må ha tilgang på internett for å kunne kikke på lovforarbeid, høgsterettsdommar og departementsrundskriv

Supplerande pensum blir lagt til rette av faglærar.

Godkjent av
Dekan ved AØR

Godkjent dato
29.11. 2010

Sist revidert av
Jon Gunnar Nesse

Sist revidert dato
6.11. 2010