Studiehandbok 10/11 / Emne / AVDELING FOR ØKONOMI, LEIIN... / SØ6-500 Skuleleiarens forvaltningsrolle - økonomisk perspektiv  

SØ6-500 Skuleleiarens forvaltningsrolle - økonomisk perspektiv

Kode
SØ6-500

Norsk namn
Skuleleiarens forvaltningsrolle - økonomisk perspektiv

Undervisningsspråk
Norsk

Studiepoeng
7,50

Fagleg overlapp
Emnet overlappar 90 % med emnet SØ6-401 Økonomi i utdanningssektoren

Kategori
Obligatorisk del av Skuleleiing

Semester
Haust 2011

Innhald/oppbygging

Finansiering av velferdsstaten. Økonomiforvaltning internt og i forhold til kommune og stat. Samfunnsøkonomisk og føretaksøkonomisk lønsemd. Produksjons- og kostnadsteori. Marknadsteori. Budsjettering i skulen. Økonomistyring i skulen. Resultatvurdering i skulen.

Undervisnings- og læringsformer

Forelesingar, utarbeiding av svar på øvingsoppgåve utlevert av faglærar, individuell eller gruppevis rettleiing i samband med oppgåver. Sjølvstudium.

Kompetanse/læringsutbyte

Etter fullført emne skal studentane:

-   Ha kunnskapar om økonomiske tema som er viktige for å vere leiar i skulesektoren

-   Ha utvikla ei grunnleggande rekneskapsforståing, dvs. at dei skal vite korleis rekneskapen er bygd opp i kommunen, og korleis dei kan lese ein rekneskap

-   Forstå korleis økonomisk teori kan nyttast til å analysere dei utfordringane som oppstår når økonomiske ressursar skal nyttast på best muleg vis

-   Vere betre i stand til å foreta prioriteringar av knappe midlar innanfor skulesektoren

-   Ha ei økonomisk forståing som styrkar føresetnadene for å kommunisere effektivt med fagøkonomiske miljø og med administrativ og politisk leiing i kommunen

-   Kunne vurdere og reflektere over korleis moderne skuleleiing kan sameinast med god økonomistyring

Arbeidskrav

Presentasjon av framdrift i eige lokalbasert utviklingsprosjekt.

Sluttvurdering

Heimeeksamen – 8 dagar. Svar på utleverte oppgåver innan dato gjort kjent av faglærar. Formelle krav, som t.d. maksimalt sidetal, vert også gjort kjent av faglærar.

Bokstavkarakter (A-F).

Pensum

Opstad, Leiv, Økonomistyring i offentlig sektor , Gyldendal Akademisk 2006

Kollstad Hansen, Negaard, Økonomi på tvers, Grunnleggende økonomistyring for kommunale ledere , Gyldendal Akademisk 2006

I tillegg består pensum av utdelte artiklar.

Godkjent av
Dekan AØR

Godkjent dato
29.11. 2010

Sist revidert av
Jon Gunnar Nesse

Sist revidert dato
6.11. 2010