Studiehandbok 10/11 / Emne / AVDELING FOR ØKONOMI, LEIIN... / SA6-500 Skuleleiaren som pedagogisk leiar  

SA6-500 Skuleleiaren som pedagogisk leiar

Kode
SA6-500

Norsk namn
Skuleleiaren som pedagogisk leiar

Undervisningsspråk
Norsk

Studiepoeng
15,00

Fagleg overlapp
Emnet overlappar 90 % med SA6-401 Leiing av pedagogisk verksemd

Kategori
Obligatorisk del av Skuleleiing

Semester
Vår 2012

Innhald/oppbygging

Emnet rettar søkelys mot leiarens arbeid med utvikling av førskulelærarar, lærarar og barn og unge sitt læringsarbeid, kvalitetsvurdering og effektiv bruk av menneskelege og materielle ressursar. Dette skjer gjennom ei praksisnær gjennomføring av studiet. Det blir lagt vekt på refleksjon rundt eigen praksis i samspel med teoretisk forståing av dei sentrale faglege tema.

Undervisnings- og læringsformer

Samlingar er i hovudsak prosessretta der det blir veksla mellom forelesingar, drøftingar og refleksjon i grupper. Undervisninga vil være relatert til teori og praksiserfaringar. Det blir føresett at studentane deltek aktivt i samband med utarbeiding av tekst som handlar om utviklingsprosessar på eigen arbeidsplass. Dei blir organisert i formålstenlege grupper som skal jobbe saman undervegs i studiet. 

Kompetanse/læringsutbyte

Ved avslutta emne skal studenten kunne:

  • Utøve leiarrolla i kvalitetsvurdering og kvalitetsutviklingsarbeid med utgangspunkt i læreplanforståing og systemisk tenking
  • Analysere og vidareutvikle pedagogiske utviklingsprosessar som studentane er involvert i på eigen arbeidsplass
  • Planlegge og gjennomføre leiingsprosessar med utgangspunkt i skulens/barnehagens idégrunnlag og ulike elev- og læringssyn
  • Forstå og bruke ikt som kunnskapssystem og som system som påverkar arbeidsprosessar og samarbeidsrelasjonar
Arbeidskrav

Det skal utarbeidast fire korte (6-800 ord) refleksjonsnotat

Sluttvurdering

Mappevurdering

Individuell oppgåve som handlar om leiing og utviklingsprosessar på eigen arbeidsplass. Tilrådd omfang 10-12 sider, skal leverast innan dato som vert gjort kjent av faglærar.

Bokstavkarakter (A-F). Ved stryk eller forbetring kan omarbeidd tekst leverast.

Pensum

Det kan bli endringar i samband med ny litteratur som kjem på området.

Bøker:

Bjerkestrand, M. og T. Pålerud (red.) (2007): Førskolelæreren i den nye barnehagen – fag og politikk. Fagbokforlaget. Bergen

Fevolden, T. og Lillejord, S.  (2005): Kvalitet i  skolen. Universitetsforlaget. Oslo (Kap. 4,5 og 6, 73 sider)

Glosvik, Ø. (2010): Systemisk tenking…..

Govassli, K. (2006): Barnehager. Organisasjon og ledelse. Oslo: Universitetsforlaget (210 s)

Hølleland, H. (2007): På vei mot Kunnskapsløftet. Cappelen , Oslo (s. 1-150, 150 s.)

Langfeldt, Gjert og Sivesind Kirsten (2006): Utdanningsledelse. Universitetsforlaget. Oslo (Kap 1-5, 107 s.)

Skogen, Eva (red.) (2005): Å være leder i barnehagen. Fagbokforlaget. Bergen  (270 s.)

St.m. 31 (2007-2008): Kvalitet i skolen. (95 sider)

Artiklar/Utdrag samla i kompendium (kan kjøpast på første samling eller tingast på Fjordbok):

Berg, G., (1999): Skolekultur. Nøkkelen til skolens utvikling. Ad Notam Gyldendal (Kap. 4 og 5)

Birkemo, A. (1999): Opplæringskvalitet i skolen, Universitetsforlaget, Oslo (Kap.2 )

Boge, M., Markhus, G., Moe, R. Og Ødegaard, E. E. (2005): Læring gjennom veiledning. Meningsskaping i grupper. Fagbokforlaget. Bergen (Kap. 2)

Lillejord, S. (2003):  Ledelse i en lærende skole. Universitetsforlaget. Oslo (Kap 8)

Møller, J. og Sundli, L (2007).: Læringsplakaten – Skolens samfunnskontrakt. Oslo: HøyskoleForlaget (Kap. 9 og 13)

Scherp, H. Å. och Schjerp, G. B (2007): Lærande och Skolutveckling. Ledarskap för demokrati och meningsskapande. Karlstad Universitet. Karlstad (side 263-319)

Skagen, K. (2004): I veiledningens landskap – innføring i veiledning og rådgivning. Høgskoleforlaget. Kristiansand  (Kap. 1)

Strand, T. (2007): Organisasjonsform som ledelsesbetingelser. Fagbokforlaget. Bergen (Kap. 9 i Ledelse, organisasjon og kultur.)

Artiklar som vert delt ut på samlingane:

Haslebo, G.(1998): Den lærende organisationwww.gittehaslebo.dk/Tekst/Artikler/laerende.htm

Palm, J.(2006): Kollegial supervisjon for medarbejere – et nytt læringsrum i organisationen. www.gittehaslebo.dk/Teskt/Artikler/Kollegial.htm

Kvernbekk, T (1995): Erfaringstyranni eller teorityranni – et filosofisk perspektiv på praksi. I: Lærerutdanningsrådet: Profesjonsutdanning og forsking – Fou-perspektiver på praksisfeltet. Lærerutdanningsrådets temahefter, 1995

Unn Stålsett (2006):  Veiledning i en lærende organisasjon. Universitetsforlaget :Oslo

Pensum sist oppdatert av
Astrid Øydvin og Knut Roald

Pensum sist oppdatert dato
6.11. 2010

Godkjent av
Dekan

Godkjent dato
29.11. 2010

Sist revidert av
Astrid Øydvin og Knut Roald

Sist revidert dato
6.11. 2010