Studiehandbok 10/11 / Emne / AVDELING FOR ØKONOMI, LEIIN... / OR6-402 Framtidas leiarar innan utdanning og oppvekst  

OR6-402 Framtidas leiarar innan utdanning og oppvekst

Kode
OR6-402

Norsk namn
Framtidas leiarar innan utdanning og oppvekst

Undervisningsspråk
Norsk

Studiepoeng
15,00

Fagleg overlapp
Emnet overlappar 90 % med emne OR6-401 Leiing og endring i organisasjonar

Kategori
Obligatorisk del av Skuleleiing

Semester
Vår 2011

Innhald/oppbygging

Emnet tek opp eit utval problemstillingar og tema som er relevant for alle organisasjonar og organisasjonstypar. Relevansen for eiga eining skal synleggjerast gjennom studentane si praktiske tilnærming til dei grunnleggjande tema og problemstillingar dei vert presenterte for. Mellom dei viktigaste tema vil vere perspektiv på organisasjonar, organisasjonsstruktur, organisasjonar og omverd, organisasjonskultur, leiing og teoriar om leiing. Leiing i individuelt, strukturelt, relasjonelt og distribuert perspektiv.  Kommunikasjon og læring i organisasjonar, den profesjonelle organisasjonen og avgjerdstaking i organisasjonar.

Undervisnings- og læringsformer

Samlingane er i hovudsak prosessretta der det blir veksla mellom forelesingar, drøftingar og refleksjon i grupper. Undervisninga vil vere relatert til teori og praksiserfaringar. Det blir føresett at studentane deltek aktivt i samband med utarbeiding av tekstar som handlar om utviklingsprosessar på eigen arbeidsplass.

Kompetanse/læringsutbyte

Målet er at studentane skal lære å sjå eigen organisasjon gjennom organisasjonsteoretiske omgrep, teoriar og innfallsvinklar. Studentane skal etter endt emne ha utvikla ei forståing for korleis individ og kollektiv samspelar i utdannings- og oppvekstorganisasjonar. Dette inneber å forstå korleis formelle og utformelle kollektive rammer skapar og avgrensar dei handlingsvala leiarar står overfor. Emnet skal gi grunnlag for sjølvstendig kunnskapsutvikling som leiar i kommunale utdannings- og oppveksteiningar.

Arbeidskrav

Eigenpresentasjon: Målformulerande dokument der studenten gjer greie for sine forventningar og mål for studiet.

Sluttvurdering

Mappevurdering 
Studenten skal levere eit dokument på maksimalt ti sider som drøftar eit organisasjonsproblem eller utfordring på eigen arbeidsplass innan dato gjort kjent av faglærar. Dokumentet kan vere utforma individuelt, eller i gruppe på maksimalt tre studentar (Kan då levere 20 sider).

Bokstavkarakter (A-F).

Ved stryk eller forbetring kan omarbeidd tekst leverast.

Pensum

Baldersheim, H og L Rose: ”Kommunale reformer som teoretisk utfordring.” Kap 1 i Baldersheim og Rose (red) Det kommunale laboratorium. Teoretiske perspektiver på lokal politikk og organisering . Bergen Fagbokforlaget 2000. (7 s)

Bukve, Oddbjørn og Offerdal, Audun (red.)(2002). Den nye kommunen. Kommunal organisering i endring . Kapittel 1. (17 sider)

Glosvik, Øyvind (2006): Organisasjonsteoretiske perspektiv i utdanningsleiing. Kapittel 5 i Gjert Langfeldt, Kirsten Sivesind og Guri Skedsmo Utdanningsledelse , Cappelen.

Hatch, Mary J. (2001): Organisasjonsteori. Moderne, symbolske og postmoderne perspektiver . Abstrakt Forlag. Oslo. Eller på engelsk i ny og utvidet utgave: Organization Theory. Modern, symbolic, and postmodern perspectives .Oxford University Press. Oxford. (408 sider )

Hernes, Helge (2002): Perspektiver på profesjoner. I Nylehn, B. og Støkken, A.M (red.): De profesjonelle . Universitetsforlaget. Oslo. (13 sider).

Kvåle, Gro og Wæraas, Arild. (2006). Organisasjon og identitet (Kap 1). Oslo. Det Norske Samlaget. (37 sider)

Kjær, Anne Mette. (2004). Governance . (Kap 1 og 2) Polity Press. Cambridge. (57 sider)

Nylehn, Børre. (2002). Kan profesjonelle samarbeide? I Nylehn, B og Støkken, A.M (red): De profesjonelle . Universitetsforlaget. Oslo. (15 sider).

Offerdal, A: “Iverksettingsteori – resultatene blir sjelden som planlagt, og det kan være en fordel?” Kap 11 i Baldersheim og Rose (red) Det kommunale laboratorium. Teoretiske perspektiver på lokal politikk og organisering . Bergen Fagbokforlaget 2005. (26 s)

Pedersen, Dorthe (2005). Ledelsesrummet i managementstaten. I Pedersen, D (red): Offentlig ledelse i managementstaten . Forlaget Samfundslitteratur. Fredriksberg. (ca 28 sider)

Røvik, Kjell Arne (2007): Trender og Translasjoner. Ideer som former det 21. århundrets organisasjon . Kap 3. Universitetsforlaget. (ca 60 sider)

Skogstad, Anders og Einarsen, Ståle (2004). Effektiv leiing: En gjennomgang av det 20. århundres viktigste perspektiver. I Skogstad, A og Einarsen, S. (red): Ledelse på godt og vondt. Effektivitet og trivsel . Fagbokforlaget. Bergen. (23 sider).

Øgård, Morten (2005): New Public Management – fornyelse eller fortapelse av den kommunale egenart? I Baldersheim, H. og Rose, L.: Det kommunale laboratorium . Teoretiske



Pensum sist oppdatert av
Øyvind Glosvik

Pensum sist oppdatert dato
6.11. 2010

Godkjent av
Dekan ved AØR

Godkjent dato
29.11. 2010

Sist revidert av
Øyvind Glosvik

Sist revidert dato
6.11. 2010