Studiehandbok 10/11 / Studium / AVDELING FOR ØKONOMI, LEIIN... / Leiing i skule og barnehage  

Leiing i skule og barnehage

Skriv ut Utskrift med emner
Norsk namn
Leiing i skule og barnehage

Undervisningsspråk
Norsk

Studiepoeng
45

Organisering
Leiing i skule og barnehage er eit desentralisert, dels nettbasert deltidsstudium for tilsette i Bergen kommune.

Organisering 2
Desentralisert (utanfor Sogndal, Førde, Sandane) / Off Campus

Normert studietid
Kullet som tek til våren 2009 blir ferdig hausten 2010 (4 semester). For seinare kull vert studietida normert til 3 semester.

Innleiing

Studiet er ei leiarutdanning for skule og barnehage med deltakarar frå Bergen kommune. Studiet ligg nært opp til både Barnehageløftet og Stortingsmelding nr 31 (2007-2008) Kvalitet i Skolen. Studiet vektlegg skule- og barnehageleiaren som fagleg leiar, samtidig som leiaren sitt arbeid med kvalitetsoppfølging står sentralt. Programmet skal vere med på å styrke Bergen kommune som skule- og barnehageeigar dei komande åra.

Studieopplegget har nær tilknyting til faglege og organisatoriske utfordringar i skule og barnehage. Gjennom studiemodulane vil deltakarane arbeide både teoretisk og praktisk med problemstillingar som er aktuelle ved eigen arbeidsplass i Bergen kommune.

I studiet inngår eit eige lokalbasert utviklingsprosjekt som det blir arbeidd med teoretisk og praktisk gjennom heile programmet. På samlingane vil ein knyte teoretiske innfallsvinklar og arbeid i basisgrupper til det lokale utviklingsprosjektet til kvar deltakar.

Målgruppe

Lærarar og førskulelærar som er tilsett i Bergen kommune.

Opptakskrav
  • Avslutta grunnutdanning (allmenn- og førskulelærar)
  • Andre relevante fagkombinasjonar på bachelor, cand. mag. eller tilsvarande nivå.
Læringsmål

Hovudmålet for studiet er å kvalifisere personar med profesjonsutdanning og yrkeserfaring til administrative stillingar og leiarstillingar innan utdanningssektoren.

Studiet vektlegg skule- og barnehageleiaren som fagleg leiar, samtidig som leiaren sitt arbeid med kvalitetsoppfølging står sentralt.

Vidare går læringsmåla fram av den enkelte emneomtale.

Innhald / oppbygging

Studiet er lagt opp som deltidsstudium. Emna går normalt i følgjande rekkefølgje:

Emne 1 Framtidas leiarar i skule og barnehage

Emne 2 Skule- og barnehageleiarens forvaltingsrolle

Emne 3 Skule- og barnehageleiaren som pedagogisk leiar

Deltakarane skal på første samling klårgjere grunnlaget for eit eige lokalbasert utviklingsprosjekt som det blir arbeidd med teoretisk og praktisk gjennom heile studiet. Utviklingsprosjektet er ein del av dei obligatoriske arbeidskrava i modulane som inngår i studieprogrammet.

Kvart emne vert avslutta med ei sluttvurdering.

Undervisnings- og læringsformer

Studiet er bygt opp rundt studiesamlingar og arbeid mellom samlingane.

På samlingane vil studentane møte varierte og problemorienterte arbeidsformer som casedrøftingar, øvingar og prosjektseminar med drøftingar av eige og andres prosjekt. På samlingane vil vi også legge opp til at dei ulike basisgruppene kan lære av kvarandre gjennom presentasjonar og diskusjonar. Arbeidet med dei praktiske utvikingsprosjekta aukar overføringsverdien av programmet til deltakarane sin kvardagssituasjon.

Studieprogrammet blir basert på studentaktive læringsformer gjennom bruk av basisgrupper og elektronisk læringsplattform. Arbeid gjennom elektronisk plattform legg til rette for at læringsprosessane går mellom samlingane gjennom internettkontakt med eiga basisgruppe og fagleg rettleiar på HSF.

Studiet stiller krav om sjølvstendig pensumgjennomgang, ansvar for eiga læring mellom samlingane og aktiv tilnærming til dei problemstillingar studentane vert presenterte for.

I kvart emne er det venta at studentane sjølve arbeider med tekstar som på ulike måtar bidreg til innlæring av fagstoff. Studentane får tilbod om, og har krav på, rettleiing individuelt eller i grupper, i utforming av tekstane.

Praksis

Det inngår ikkje praksis i studiet

Studieopphald i utlandet

Det er ikkje lagt opp til studieopphald i utlandet.

Arbeidskrav

Går fram av den enkelte emneomtale.

Sluttvurdering

Går fram av den enkelte emneomtale.

Pensum

Går fram av den enkelte emneomtale.

Godkjent av
Studieutvalet

Godkjent dato
05.03.09

Emneoversikt
Emnekode Emnets navn S.poeng O/V *) Studiepoeng pr. semester
  S1(H) S2(V) S3(H) S4(V) S5(H)
OR301 Framtidas leiarar i skule og barnehage 15,00 O     15    
JU645 Skule- og barnehageleiarens
forvaltingsrolle
15,00 O       15  
SA640 Skule- og barnehageleiaren som
pedagogisk leiar
15,00 O         15
Sum: 0 0 15 15 15
*) O - Obligatorisk emne, V - Valgbare emne