Småbarnspedagogikk

Skriv ut Utskrift med emner
Norsk namn
Småbarnspedagogikk

Undervisningsspråk
Norsk

Studiepoeng
30

Organisering
Heiltid

Organisering 2
På studiestaden (Sogndal, Førde, Sandane) / On Campus

Normert studietid
Eitt semester

Innleiing

Studiet er ei valfri fordjupingseining i førskulelærarutdanninga. Studiet kan også vere ei vidareutdanning for førskulelærarar som ønskjer meir kunnskap om dei minste barna i barnehagen. Søkjarar med ein annan treårig pedagogisk utdanning på høgskulenivå kan, med småbarnspedaggogikk 30 studiepoeng og barnehagepedaogogikk 30 studiepoeng, også kvalifisere seg for stillingar som pedagogisk leiar i barnehage, jfm. § 18 i Lov om barnehage.

Målgruppe

Førskulelærarar og personar med annan treårig pedagogisk utdanning på høgskulenivå som ønskjer å kvalifisere seg for pedagogiske leiarstilllingar i barnehagen.

Opptakskrav

Førskulelærarutdanning eller anna treårig pedagogisk utdanning på høgskulenivå (allmennlærarutdanning, barnevernspedagogutdanning, spesialpedagogisk utdanning eller faglærarutdanning i praktiske og i estetiske fag med kompetanse for 1.klassetrinn i skulen).

Innhald / oppbygging

Studiet er bygd opp av eitt obligatorisk emne og eitt valfritt emne beståande av enten bacheloroppgåve eller utviklingsarbeid. Det er høve til å få godkjent tidlegare utdanning inn i den obligatoriske delen. Vidareutdanningane Dei yngste og Dei minste, som Høgskulen i Sogn og Fjordane tidlegare tilbydde, vert til dømes godkjent som det obligatoriske emnet i smårbarnspedagogikk . Studentar som har ei slik vidareutdanning frå tidlegare vel derfor eitt av dei to valfrie emna.

Undervisnings- og læringsformer

Aktuelle arbeidsformer er førelesingar, arbeid og øvingar individuelt og i mindre grupper. Teoretiske og praktiske emne skal utfylle kvarandre. Fronter vert nytta aktivt som kommunikasjons- og informasjonskanal.

Den valfrie delen stiller store krav til sjølvstendig arbeid, men er elles litt ulik i arbeidsforma:

- Bacheloroppgåva krev evne til å søkje rettleiing og hente inn kunnskap og erfaring frå ulike kjelder. Undervisninga vil derfor i stor grad basere seg på rettleiing knytt til dei oppgåvene studentane arbeider med.

- Utviklingsarbeidet stiller høge krav til evne til å leie kompetanseutvikling i ei personalgruppe. Undervisninga vil difor innehalde førelesning, debattar, skriftleg arbeid og rettleiing knytt til utviklingsarbeidet.

Læringsutbyte

Studentane skal  ha teoretisk, praktisk og haldningsbasert kompetanse knytt til arbeid med dei yngste barna i barnehagen. Sjå omtale i emneplan.

Praksis

2 veker praksis knytt til arbeid med barn under 3 år. Sjå omtale i emneplan.

Arbeidskrav

Sjå emneplan

Sluttvurdering

Sjå emneplan

Pensum

Sjå emneplan

Studieprogramkode (opptakskode)
216530


Emnekode Emnets navn S.poeng O/V *) Studiepoeng pr. semester
  S1(H) S2(V) S3(H) S4(V) S5(H) S6(V)
PE3-311 Småbarnspedagogikk 15,00 O            
PE3-312 Bacheloroppgåve i småbarnspedagogikk 15,00 V            
PE3-313 Utviklingsarbeid i småbarnspedagogikk 15,00 V            
Sum: 0 0 0 0 0 0
*) O - Obligatorisk emne, V - Valgbare emne