Studiehandbok 10/11 / Emne / AVDELING FOR ØKONOMI, LEIIN... / OR6-500 Leiing og endring i organisasjonar  

OR6-500 Leiing og endring i organisasjonar

Kode
OR6-500

Norsk namn
Leiing og endring i organisasjonar

Engelsk namn
Leadership and Change in Organizations

Undervisningsspråk
Norsk

Studiepoeng
15,00

Kategori
Obligatorisk emne i masterprogrammet i organisasjon og leiing. Studieplan 2008.

Semester
Vår. 6. semester.

Forkunnskapar

Inngår som ein viktig del av førebuinga til skriving av masteroppgåve. Det bygger på den grunnleggande forståing som blir etablert tidlegare i programmet, og studentane må ha fullført dei første 60 studiepoenga i masterprogrammet før dei byrjar på kurset. Det kan i særskilte tilfeller dispanserast frå kravet om 60 studiepoeng.

Innhald/oppbygging

Emnet rettar søkelys på teoriar om leiing og om praktisk utøving av leiarskap i offentlege organisasjonar i ei verd i endring. Ved å syne korleis leiing inneber ulike ting i ulike kontekstar, kulturar og organisasjonstypar, mellom anna helsevesen og skuleverk, skal studentane gjennom kurset utvikle eit sjølvstendig syn på kva som er mogeleg å oppnå som leiararar, og kva avgrensingar som ligg i ulike leiarkonsept. Det rettar også søkelys på samfunnsendringar, omstillingsprosessar og reformtiltak på tvers av institusjonar, organisasjonar og sektorar. Studentane får ei teoretisk og praktisk innføring i organisasjonsutvikling og omstillingsarbeid med vekt på offentleg sektor. Det overordna målet er at dei skal bli i stand til å forstå tankegangen i og reservasjonane mot dei ulike tilnærmingsmåtane som vert nytta for å forstå og analysere samfunns- og organisasjonsendringar som påverkar offentlege organisasjonar.

Undervisnings- og læringsformer

Forelesingar, gruppearbeid, caseanalyser og seminararbeid. Vekt på tekstleg framstilling av teoriar om leiing og endring.

Kompetanse/læringsutbyte

Studentane skal etter avslutta emne kunne leggje fram eit teorigrunnlag for arbeidet med masteroppgåva i form av

- kjennskap til nye og tradisjonell teoriar om leiarskap i det moderne samfunn

- inngåande kjennskap til teoriar om læring i organisasjonar

- kunnskap om gruppedynamikk og gruppeprosessar i læringssituasjonar

- forståing for korleis rammene for utøving av leiarskap vert forma av ulike kontekstar

- forståing for særdraga ved utøving av leiarskap i profesjonsorganisasjonen

- forståing for utøving av leiing gjennom ivaretaking av funksjonar

- forståing for samanhengar og motsetningar som oppstår i skjæringsfeltet mellom reformer, læring og generelt omstillingsarbeid

Ekskursjonar

Kurset blir sett i samband med anna undervisning i masterstudiet. Ein frivillig ekskursjon til utlandet kan vere del av undervisninga.

Sluttvurdering

Mappevurdering
Innlevert dokument som framstiller litteratur med relevans for eit forskingsprosjekt. Maks 20 sider levert innan dato gjort kjent av faglærar.

Bokstavkarakterar

Ved stryk eller forbetring kan omarbeidd tekst leverast.

Pensum

Argyris, C og D A Schon: Part I An Introduction to Organizational Learning. I Organizational learning II : theory, method, and practice. Reading, Mass. : Addison-Wesley, c1996. Kap.1, 2 og 3 (64 s)

Brusdal, R og I Frønes: På sporet av den nye tid. Kulturelle varsler for en nær fremtid. (Utval). Bergen : Fagbokforlaget, 2000. (Utdrag)

Dreyfus, Hubert L. (1992): What computers still can't do : a critique of artificial reason / Cambridge, Mass. : MIT Press (Uttdrag)

Glosvik, Ø.: Om læring på ulike nivå i organisasjonar. Norsk statsvitenskaplig tidsskrift (Vol 18 117-114 Universitetsforlaget 2002). (24 s.)

Krogh, Georg von, Ichijo, Kazuo og Nonaka, Ikujir? (2001): Slik skapes kunnskap : hvordan frigjøre taus kunnskap og inspirere til nytenkning i organisasjoner / [Oslo] : NKS-forlaget

Levin, Morten og Klev, Roger (2002): Forandring som praksis. Læring og utvikling i organisasjoner. Fagbokforlaget. Bergen

Pedersen, D. (red) (2004): Offentlig ledelse i managementstaten. København, Forlaget Samfunnslitteratur (utdrag)

Røvik, K.A.: Trender og translasjoner. Ideer som former det 21.århundrets organisasjon. Kap. 11-15 (Del 4): Universitetsforlaget, 2007 (116 s.)

Senge, Peter (1991): Den femte disiplin : kunsten å utvikle den lærende organisasjon. Hjemmets bokforlag. Oslo (utdrag)

Sennet, Richard (2001): Det fleksible mennesket : personlige konsekvenser av å arbeide i den nye kapitalismen. Bergen : Fagbokforlaget (199 s.)

Strand, T.(2007): Ledelse, organisasjon og kultur. Bergen Fagbokforlaget (617 s.).

Schön, D A. (1991): The reflective practitioner. How professionals think in action. Aldershot : Avebury, 1991. Utdrag.

Wadel, Cato (2002): Læring i lærende organisasjoner. Seek a/s; Flekkefjord

Wenger, E. (1998): Communities of Practice. Learning, Meaning and Identity. Chapter 6: Identity in Practice (15 sider) + Ch. 12: Education. (14 sider) Cambridge University Press: Cambridge

Pensum sist oppdatert av
Leif Longvanes

Pensum sist oppdatert dato
17.04.08