Studiehandbok 10/11 / Emne / AVDELING FOR ØKONOMI, LEIIN... / OR6-400 Organisasjon og leiing  

OR6-400 Organisasjon og leiing

Kode
OR6-400

Norsk namn
Organisasjon og leiing

Engelsk namn
Organisation and Leadership

Undervisningsspråk
Norsk

Studiepoeng
15,00

Kategori
Obligatorisk emne i masterstudiet i organisasjon og leiing. Obligatorisk emne i utdanningsleiing og helse- og sosialleiing.
Studieplan 2008.

Semester
Første semester i masterstudiet i organisasjon og leiing/årstudiene.

Forkunnskapar

Syner til opptakskrav formulert i studieplanen.

Læringsmål

Målet er at studentane skal lære å sjå eigen organisasjon gjennom organisasjonsteoretiske omgrep. Studentane skal tileigne seg ei forståing av korleis organisasjonar fungerer, internt og i forhold til omverda. Dette inneber å lære om sentrale problemområde, hypotesar og undersøkingar der oppbygging av organisasjonar og deira verkemåte er sentrale. Ei innføring i sentrale teoriar om leiing er ein integrert del av organisasjonsforståinga.

Innhald/oppbygging

Emnet tek opp eit utval problemstillingar og tema som er relevant for alle organisasjonar og organisasjonstypar. Relevansen for eigen organisasjon skal synleggjerast gjennom studentanes praktiske tilnærming til lærestoffet. Grunnleggjande tema og problemstillingane er: Perspektiv på organisasjonar, organisasjonsstruktur, organisasjonar og omverd, organisasjonskultur, leiing og teoriar om leiing, kommunikasjon og læring i organisasjonar, den profesjonelle organisasjonen og avgjerdstaking i organisasjonar.

Undervisnings- og læringsformer

Deltakaranes erfaringar og dermed eksisterande organisasjonsforståing skal utfordrast gjennom tilvisingar til relevant teori og alternative perspektiv. Emnet er lagt opp som eit deltidsstudium med ein kombinasjon av fysiske samlingar (ca. 20 - 40 timer i fellessamlingar) og nettbasert arbeid. I samlingane vekslar ein mellom førelesningar, øvingar og drøftingar.

Arbeidskrav

A-krav nr. 1: Eigenpresentasjon: Målformulerande dokument der studenten gjer greie for sine forventningar og mål for studiet

Sluttvurdering

Mappevurdering
Studenten skal levere eit dokument på maks 10 s. som drøftar eit organisasjonsproblem eller utfordring på eigen arbeidsplass innan dato gjort kjent av faglærar. Kan vere individuelt, eller i gruppe på maks 3. studentar. (Kan då levere 20 sider).

Bokstavkarakterar

Ved stryk eller forbetring kan omarbeidd tekst leverast.

Pensum

Baldersheim, H og L Rose: ”Kommunale reformer som teoretisk utfordring.” Kap 1 i Baldersheim og Rose (red) Det kommunale laboratorium. Teoretiske perspektiver på lokal politikk og organisering. Bergen Fagbokforlaget 2000. (7 s)

Bukve, Oddbjørn og Offerdal, Audun (red.)(2002). Den nye kommunen. Kommunal organisering i endring. Kapittel 1. (17 sider)

Glosvik, Øyvind (2006): Organisasjonsteoretiske perspekt i utdanningsleiing. Kapittel 5 i Gjert Langfeldt, Kirsten Sivesind og Guri Skedsmo Utdanningsledelse, Cappelen.

Hatch, Mary J. (2001): Organisasjonsteori. Moderne, symbolske og postmoderne perspektiver. Abstrakt Forlag. Oslo. Eller på engelsk i ny og utvidet utgave: Organization Theory. Moderen, symbolic, and postmodern perspectives.Oxford University Press. Oxford. (408 sider )

Hernes, Helge (2002): Perspektiver på profesjoner. I Nylehn, B. og Støkken, A.M (red.): De profesjonelle. Universitetsforlaget. Oslo. (13 sider).

Kvåle, Gro og Wæraas, Arild. (2006). Organisasjon og identitet (Kap 1). Oslo. Det Norske Samlaget. (37 sider)

Kjær, Anne Mette. (2004). Governance. (Kap 1 og 2) Polity Press. Cambridge. (57 sider)

Nylehn, Børre. (2002). Kan profesjonelle samarbeide? I Nylehn, B og Støkken, A.M (red): De profesjonelle. Universitetsforlaget. Oslo. (15 sider).

Offerdal, A: “Iverksettingsteori – resultatene blir sjelden som planlagt, og det kan være en fordel?” Kap 11 i Baldersheim og Rose (red) Det kommunale laboratorium. Teoretiske perspektiver på lokal politikk og organisering. Bergen Fagbokforlaget 2005. (26 s)

Pedersen, Dorthe (2005). Ledelsesrummet i managementstaten. I Pedersen, D (red): Offentlig ledelse i managementstaten. Forlaget Samfundslitteratur. Fredriksberg. (ca 28 sider)

Røvik, Kjell Arne (2007): Trender og Translasjoner. Ideer som former det 21. århundrets organisasjon. Kap 3 og 4. Universitetsforlaget. (ca 60 sider)

Skogstad, Anders og Einarsen, Ståle (2004). Effektiv leiing: En gjennomgang av det 20. århundres viktigste perspektiver. I Skogstad, A og Einarsen, S. (red): Leiing på godt og vondt. Effektivitet og trivsel. Fagbokforlaget. Bergen. (23 sider).

Øgård, Morten (2005): New Public Management – fornyelse eller fortapelse av den kommunale egenart? I Baldersheim, H. og Rose, L.: Det kommunale laboratorium. Teoretiske perspektiver på lokal politikk og organisering. Fagbokforlaget. Bergen (kap. 2 (25 s)

Pensum sist oppdatert av
Leif Longavnes

Pensum sist oppdatert dato
17.04.08