Rettleiing og mentorutdanning

Skriv ut Utskrift med emner
Norsk namn
Rettleiing og mentorutdanning

Undervisningsspråk
Norsk

Studiepoeng
15

Organisering
Samlingsbasert deltidsstudium over eitt semester

Organisering 2
På studiestaden (Sogndal, Førde, Sandane) / On Campus

Innleiing

Stortingsmeldingane nr. 11 (2008-2009) Læreren. Rollen og utdanningen og nr. 41 (2008-2009) Kvalitet i barnehagen presiserer behovet for auka rettleiingskompetanse ved at alle nyutdanna lærarar og førskolelærarar i grunnskule, vidaregåande opplæring og barnehage skal få tilbod om rettleiing. Vidare skal kvaliteten i utdanningane si praksisopplæring styrkast mellom anna ved å gi alle praksislærarane opplæring i rettleiing.

Målgruppe

Målgruppa for studiet er førskolelærarar og lærarar som skal vere mentorar for nyutdanna kollegaer og øvingslærarar i skule og barnehage.

Opptakskrav

Førskulelærar- eller lærarutdanning. Søkjarane må i tillegg vere i arbeid som førskulelærar, grunnskulelærar eller lærar i vidaregåande opplæring. Opptak føreset minimum tre års erfaring frå arbeid i skule eller barnehage. Førskulelærarar og lærarar som har gjennomført 10 studiepoeng praktisk rettleiing i løpet av dei 10 siste åra, kan ta den siste 5 studiepoengsmodulen i studiet som påbygging. Dette skjer mot slutten av studiet.

Innhald / oppbygging

- ulike strategiar, teoriar og metodar for rettleiing retta mot kompetanseutvikling som profesjonsutøvar
· kommunikasjon i teori og praksis
· dilemma knytt til etikk, autoritet og makt
· kritisk tenking som danningsideal

· rettleiing i eit didaktisk og organisatorisk perspektiv
· refleksjon og kritisk analyse i rettleiing knytt til eigen rettleiarrolle og rettleiinga sitt innhald

Undervisnings- og læringsformer

Studiet vektlegg studentaktive læringsformer og studentane må rekne med høg deltakaraktivitet. Bruk og vidareutvikling av dei ressursane som ligg i studentane si yrkeserfaring og kunnskapar er viktige for å skape eit godt læringsmiljø. Studentane vert organiserte i lokale nettverksgrupper som rettleiar kvarandre og drøftar faglege tema. Her inngår skriftlege rapporteringar frå arbeidet som ein viktig læringsstrategi. Studiet rettar seg mot rettleiing på individ- og gruppenivå i skule og barnehage. Samlingane på høgskolen inneheld varierte arbeidsformer, som førelesning, øvingar på rettleiing i grupper, obligatorisk studentframlegg og plenumsdiskusjonar.Mellom samlingane vil det vere rettleiingsarbeid på arbeidsplassen og i lokale nettverksgrupper. Studentane vil få rettleiing og tilbakemelding på eiga rettleiing på heildagssamlingane.

Læringsutbyte

Studentane skal:
· ha kunnskap om nyare teoretiske tilnærmingar til rettleiingsfeltet
· ha kunnskap om etiske dilemma og maktforhold i rettleiingssituasjonar
· ha kunnskap om korleis rettleiing kan nyttast som ein viktig del av lærarrolla og i kompetanseutviklingsarbeid i skule og barnehage
· ha kunnskap om korleis dei kan inkludere nyutdanna i eit kritisk, reflekterande fellesskap i barnehage og skule
· ha kunnskap om eit breitt repertoar av tilnærmingar til rettleiingsfeltet
· kunne bruke ulike rettleiingsstrategiar og – verktøy
· sjølvstendig og i samarbeid med andre kunne planlegge, grunngje, gjennomføre og evaluere rettleiingsarbeid
· kunne meistre ulike kommunikative ferdigheiter
· kritisk kunne analysere og reflektere over eigen og andre sin praksis som rettleiar

Praksis

Studiet er knytt til studentane sine oppgåver som rettleiarar for nyutdanna kollegaer eller studentar. Rettleiinga går hovudsakeleg føre seg på studentane sin arbeidsplass og i nettverksgruppene.

Arbeidskrav

obligatorisk deltaking på samlingane på høgskulen
obligatorisk gjennomføring av fem rettleiingsøkter.
obligatorisk deltaking i minst 4 samlingar i nettverksgruppene
innlevering av dokumentasjon i form av mindre fagtekstar frå tre rettleiingsøkter på arbeidsplass og i nettverksgruppene med vekt på utvikling av eigen rettleiarkompetanse. Fagtekstane skal vere leverte og godkjende før oppmelding til eksamen.
obligatorisk framlegg av ein av fagtekstane

Sluttvurdering

PE 364 Skriftleg individuell heimeeksamen over 10 dagar knytt til rettleiingspraksis og utvikling av eiga rettleiarrolle på minimum 2500 ord, maksimum 3000 ord. Eksamen vert vurdert etter ein gradert karakterskala frå A til F, der F er ikkje-godkjent.

Oppgåva til heimeeksamen vil blir vurdert ut frå om studenten kan:

  • drøfte pedagogisk rettleiing ut frå relevant faglitteratur og pensum
  • kritisk analysere eiga rettleiarrolle og vurdere eige rettleiingsarbeid
  • dokumentere kompetanseutvikling gjennom eige rettleiingsarbeid
Pensum

Pensum inneheld om lag 1000 sider. NB! Studentar som tek 5 studiepoeng har eit pensum på rundt 350  sider. Denne litteraturen er markert med *.

Bøker

  • *Brekke, M. og Søndenå, K. (red.)( 2009): Veiledningskvalitet, Oslo: Universitetsforlaget (ikkje kapittel 1) (177 s).
  • Haug, P. (red) (2010): Kvalifisering til læraryrket. Del V. Oslo: Abstrakt forlag (35 s).
  • Hoel, T. L, Hanssen, B. Jakhelln, R. og Østrem, S (red): Det store spranget. Ny som lærer i skole og barnehage. Trondheim: Tapir Akademisk Forlag. Del I (36 s).
  • Kroksmark, T. og Åberg, K. (red.) (2007): Veiledning i pedagogisk arbeid. Bergen: Fagbokforlaget (kap 1, 4, 9, 10 og 14, 74 s).
  • Lauvås, P. og Handal G. (2000): Veiledning og praktisk yrkesteori. Oslo: Cappelen Akademiske forlag (kapittel 1 og 2, 34 s).
  • *Ohnstad, F. O. (2010): Profesjonsetikk i skolen. Oslo: Høyskoleforlaget ( kap 1, 2 og 3, 74 s)
  • Opdahl, P.M. (2008): Pedagogisk-filosofiske analyser. Oslo: Fagbokforlaget (kap 2, 3 og 4, 49 s).
  • Pettersen, R. C. og Løkke, J. A. (2004): Veiledning i praksis - grunnleggende ferdigheter. Oslo: Universitetsforlage(del 1, 102 s).
  • Smith, K. og Ulvik, M. (red) (2010): Veiledning av nye lærere. Oslo: Universitetsforlaget (ikkje kap 4, , 7, 8 og 10) (106 s)
  • * Søndenå, K. (2004): Kraftfull refleksjon i lærarutdanninga. Oslo: Abstrakt forlag (139 s).

Artiklar (om lag 170 sider)

  • Bjerkholt, E., Eik, L.T. og Ødegård, E. (2008): Kompetansebygging i heterogene veiledningsgrupper. I Hoel, T. L., Hanssen, B., Jakhelln, R. og Østrem, S. (red.): Det store spranget. Ny som lærer i skole og barnehage. Trondheim: Tapir Akademiske Forlag
  • Helle, L. (2006): Rom for handling, Oslo: Universitetsforlaget 3. utgave. Kap. 6. Ufred i den fortapte verden – om veiledning mellom kolleger
  • Karlsen, T. J. (2007): Opplevelsen av å bli sett i veiledning. I Når starten er god. En artikkelsamling om veiledning av nyutdannede lærere i barnehagen, grunnskolen og videregående opplæring. Oslo: Utdanningsdirektoratet
  • Larsen, A.-S. (2007): Hvem er jeg oppi dette? I Når starten er god. En artikkelsamling om veiledning av nyutdannede lærere i barnehagen, grunnskolen og videregående opplæring. Oslo: Utdanningsdirektoratet. Artikkelen finn du på: http://skolenettet.no/kompetanseutvikling
  • Mathisen, K. (2007): Nyutdannede lærere som en ressurs i skolen? I Utdanningsdirektoratet: Når starten er god. En artikkelsamling om veiledning av nyutdannede lærere i barnehagen, grunnskolen og videregående opplæring. Oslo: Utdanningsdirektoratet. Artikkelen finn du på: http://skolenettet.no/kompetanseutvikling
  • Skagen, K. (2000): Modellæring og veiledning. I Skagen K.(red.): Kunnskap og handling i pedagogisk veiledning. Bergen: Fagbokforlaget.
  • Steinnes, G. S. (2010): Frå utdanning til yrke. Førskulelæraren som profesjonell aktør? I Hoel, T. L., Engvik, G. og Hanssen, B. (red): Ny som lærer – sjansespill og samspill. Trondheim: Tapir Akademiske Forlag (16 s).
  • Søndenå, K. og Sundli, L. (2004): Veiledning i praksisfeltet. Rom for refleksjon og didaktisk nytenkning – eller bare kloning og speiling? I Brekke, M. (2004): Norsk lærerutdanningsdidaktikk i endring: læring, undervisning og danning i lys av ny forskning. Kristiansand: Høyskoleforlaget
  • Ulvik, M., Smith, K. & Helleve, I. (2009). Novice in Secondary School. The coin has two sides. I: Teacher and Teacher Education, Volume 25, Issue 6. (8 s.) 
  • Watzke, J.L. (2007), Longitudinal research on beginning teacher development: complexity as a challenge to cincerns-based stage theory. I: Teaching and Teacher Education, 23, (s 106-122).

Tilrådd startlitteratur:

Artikkelsamling: Når starten er god. En artikkelsamling om veildning av nyutdannene lærere i barnehagen, grunnskolen og videregående opplæring. Oslo: Utdanningsdirektoratet (sjå pensumliste for kva artiklar som er relevante)

Godkjent av
Dekan ALI

Godkjent dato
08.02.2010

Sist revidert av
Studieleiar

Sist revidert dato
07.01.2011

Studieprogramkode (opptakskode)
216517

Mentorutdanning, tilleggsemne

Første 10 studiepoeng av rettleiing og mentorutdanning er identisk med studiet innføring i rettleiing. Mentorutdanning, tilleggsemne er for studentar som allereie har innføringskurset i rettleiing og som ønskjer å ta del i dei 5 siste studiepoenga av rettleiing og mentorutdanning.



Emnekode Emnets navn S.poeng O/V *) Studiepoeng pr. semester
  S1(H) S2(V) S3(H) S4(V) S5(H) S6(V)
PE365 Mentorutdanning, tilleggsemne 5,00 O            
Sum: 0 0 0 0 0 0
*) O - Obligatorisk emne, V - Valgbare emne