Studiehandbok 10/11 / Studium / AVDELING FOR LÆRARUTDANNING... / Vidareutdanningar / Spesialpedagogisk assistentutdanning  

Spesialpedagogisk assistentutdanning

Skriv ut Utskrift med emner
Norsk namn
Spesialpedagogisk assistentutdanning

Undervisningsspråk
Norsk

Studiepoeng
30

Organisering 2
Desentralisert (utanfor Sogndal, Førde, Sandane) / Off Campus

Normert studietid
Eitt år

Innleiing

Dette studiet er eit tilbod til assistentar som er i arbeid i barnehage, skule eller skulefritidsordning (SFO). Målet er å auke kvaliteten i barnehagen og skulen gjennom å auke kompetansen hos dei vaksne som arbeider der. Det er og eit mål å motivere studentane for vidare studium t.d. førskulelærarutdanning, grunnskulelærarutdanning, barnevernspedagogutdanning og liknande. Studiet vert tilbydd av HSF Oppdrag i samarbeid med folkeuniversitetet.

Målgruppe

Yrkesaktive assistentar med erfaring frå barnehage, skule eller SFO.

Opptakskrav

Generell studiekompetanse eller realkompetanse

Innhald / oppbygging

Utdanninga utgjer 30 studiepoeng og går over eitt år. Studentane dannar basisgrupper, med 3 – 5 studentar i kvar gruppe.

Læringsarbeidet i assistentutdanninga skjer på tre arenaer:
1. Praksisfeltet som læringsarena
2. Fagstudiet som læringsarena
3. Samhandling, utforsking og refleksjon som læringsarena

Utdanninga skal vere praksisretta, og med det forstår vi at

  • rammeplan for barnehagen (RP-06) og kunnskapsløftet ( LK-06) er ein integrert del i utdanninga
  • utdanninga samhandlar nært med praksisfeltet
  • studiet byggjer på erfaringar frå barnehagefeltet, skulen og SFO
  • faga i studiet må vere ein støtte for heilskapen
  • utvikling av observasjons- og refleksjonskompetanse og evne til å vere i endring blir vektlagt

Tema

  • Kva er spesialpedagogikk?
  • Korleis lærer barn?
  • Barn og språk
  • Korleis møte det utfordrande barnet?
  • Å jobbe med barn som er utviklingshemma
  • Synsvanskar og hørselsvanskar
  • Mobbing i barnehage og skule
  • Barn og psykisk helse
  • Minoritetsspråklege barn i barnehage og skule

 

Undervisnings- og læringsformer

Læringa føregår

  • ved førelesingar
  • ved arbeid i basisgrupper
  • ved sjølvstudium
  • via nettbasert rettleiing

Kommunikasjon mellom student og rettleiar og mellom studentane i basisgruppene skjer i stor grad via Internett. Det er difor nødvendig at studenten har tilgang til datamaskin med tilkopling til Internett.

Læringsutbyte

Etter fullført studium skal studentane ha tileigna seg kunnskapar, ferdigheiter og haldningar som grunnlag for personleg vekst og fagleg utvikling i høve til arbeid som assistent i barnehage og  skule

Arbeidskrav

Ei oppgåve i basisgruppe

Sluttvurdering

PE3-100

ME Mappevurdering 100%

To individuelle tekstar samt eit refleksjonsnotat om utviklinga i studiet.

Ved stryk på mappa, er det høve til å levere omarbeidd tekst i mappa.

Godkjent av
Dekan ALI

Godkjent dato
14.05.2010